Merkelapp-arkiv: Soving

Lang dag på jobb

Det er ikkje alltid enkelt å vita når nok er nok. Eller iallfall å høyra etter og ta konsekvensen av det. Ikkje ta meg feil, eg har hatt ein fantastisk bra dag, men slutten er mindre spektakulær og energirik enn dagen hadde fortent fordi eg ikkje gav meg.

Eg stod opp 05.30 etter ein halvtime med feila soveforsøk, 06.20 stod eg utanfor døri til kontorbygget. Utan nylkelkort.

Funderte litt over stoda eg var komen opp i, det kunne ta lang tid før nokon kom og det var utruleg kaldt ute. Dessutan ligg det nye Opera Software hovudkvarteret på toppen av Nydalen, so det er eit gåstykke til ekte sivilisasjon.

Eg rota rundt i lommene og sekken for å kjenna om eg likevel hadde fått med meg nykelkortet. Helene meiner jo eg er so fæl til å leita, noko ho diverre har hatt rett i ein gong slik at ho no reknar det for fakta. Etter den vanlege flaumen av skuffande nesten-treff drog eg opp skattekortet for 2013 som eg har gløymd å levera, inni der låg eit lånenykelkort!

Eit ulovleg lånekort må eg få leggja til. Me skal gje dei attende so snart me finn det ekte nykelkortet vårt, men det hadde eg heldigvis gløymd å gjera. Eg hugsa ikkje koden, men gjetta ein haug meir eller mindre plausible nummer eg hadde eit vagt minne om.

Vel oppe i tredje etasje 06.30. Lyset i alle etasjane til Opera var av, so eg var fyrstemann. Iallfall av dei eg såg.

Det var so stille og herleg. Eg fekk gjort ein haug.

Då lunsj kom hadde eg allereie gjort jobb for ein arbeidsdag, og same morgonen kjendest som om han var del av gårsdagen. Nett slik eg alltid har elska og som eg har skrive om på netsida mi fleire gongar før. Det skjer diverre slett ikkje so ofte som før. At det skjedde i dag gav meg masse ekstra energi etter lunsj òg. Eg jobba som ei maskin, hadde små ein-til-ein-møter med folk hist og pist.

14.30, då 8-timersdagen eigentleg er slutt var eg framleis i storslag, fyrst då det lei mot 17. byrja eg verta trøytt. Og her gjorde eg feilen. I staden for å gå heim so tidleg og la heile dagen vera perfekt, vart eg verande for å vera med på den sosiale henginga i kantina på fredagane.

Friday beer (misliker det ekskluderande namnet) startar 17., men eg ville berre gjera ein siste ting ferdig. Det gjek sørpetreigt, tappa meg for energi og var ikkje særleg nyttig til slutt likevel. Ein utruleg ineffektiv time.

Vel nede i kantina 18.00 fekk eg ikkje stort positivt ut av det, slik eg naivt må ha trudd eg skulle. Mange av samtalane var berre fortsetjing av jobb; det var det som kom automatisk. Til slutt fekk eg meg litt viljestyrke og bestemte at det var OK å gå. 20.30.

Heime hadde Helene laga Palak paneer og var overraska over kor tidleg heime eg var for å vera ein fredag. Men det var ikkje tidleg for meg i dag, det var motsatt, i dag gjekk eg heim alt for seint.

Høg musikk midt på natta

Eg skulle eigentleg skriva dette i eldvondt sinne, og truleg lira av meg alskens bannskap og det som verre er. Slik eg ofte likar å gjera. Men, vel, det vart aldri slik av di neste morgon hadde eg nesten gløymd det.

Dei over oss i 4. etasje festar ganske ofte på torsdagar. Stundom på fredagar og laurdagar òg. Men oftast på torsdagar. Resten av naboane tek nemleg andsvaret for å gjera fredagane og laurdagane so vonde som mogleg på eigenhand.

So, torsdagsgjengen hev øydelagd mang ei nattesvevn for eg og Helene. Dei dura på med heilt sinnsjuk høg musikk og styggvond bass som fær glasi i skåpet til å klirra, og fruktdrikkmiksaren til å taka enno eit skritt nærare kanten av sin bane. Ja, so mykje dirrar det, so ekstremt høgt speler dei.

Nokon andre hev truleg forklart dei at dei ikkje må spela so høgt, av di denne kvelden var det ikkje so høgt at eg ikkje kunne høyra mine eigne tankar. Litt småirritert sovna eg litt etter 0115. Ikkje gale det, for ein festtorsdag.

Men, so. På slaget 0400 (omtrent iallfall) vaknar eg brått. Glasa klirrar og bustaden vår høyrast ut som ein nattklubb. Eg kann tilogmed høyra diskanten klårt og tydeleg, den som normalt ikkje går gjennom veggar og golv. Eg prøver febrilsk å sovna att. 0500 gjev eg upp. Eg fiklar med mobilen til Helene og søkjer på nabobråk og lurer på korleis det er med politiringjing o.l.

Eit par forum fær meg på idéen om å kutta straumen deira dersom me hadde felles straumpanel. Me he hev jo det, men veit ikkje um det er ein hovudstraumbrytar der. Eg måtte òg finna skikkeleg ut kven det var.

Eg stod upp og kledde på meg. Då eg opna døri ut i gangen so vart eldvond; det var ekstremt høg ljod der ute. So jævleg respektlaust!

Eg fòr upp trappane og ringde på til Fredrik, Gaute og Fredrik (dei er sikkert frå Bærum). Dei høyrde det ikkje. Enno ein gong. Nei.

Songen slutta. Eg ringde på. Lengje. Dei hadde faktisk ein ljosbrytar til ringjeklokka, so eg kunne faktisk berre trykt han på og gått (tenkte eg på etterpå). Dei skrudde av og eg høyrde dei byrja bevega seg kjapt.

Eg var bra sint og hadde tenkt å sjella dei huden full der og då. Men dei kom ikkje ut. Eg venta eitt minutt. Og so snudde eg og gjekk ned.

La meg, og sov godt, alt for lengje. Vonar dei stoggar det stuntet der. Same kva, neste gong gjeng eg oppatt med ein gong, slik eg gjorde no. Det er utruleg skummelt å gjera, men eg trur dei vart mykje reddare. Ærleg talt, tør ikkje opna døri ein gong!

Soving i bil

Me hev so langt berre sove tvo gongar i bil. Det er ikkje berre enkelt her i junaiten, der det er ulovleg å sova i bilen sin nærast same kvar du står.

Nasjonalskog, Mojave-ørkenen

Fyrste gongen sov me i Mojave-ørkenen, som er ein nasjonalskog, og som er fullt lovleg å sova i. Dessutan var me på ein sokalla «rest-stop» og der er det lovleg å sova same kvar du er. Du må tòla ein del motorljod rundt deg då, og ein del trailersjåførar hist og pist.

Helene syntest det var roleg og bra.

Soving i eit nabolag

Andre gongen var det litt meir krisesovings, me hadde ikkje planlagt det. Me klarte ikkje finna ein vert på couchsurfing. Me hadde ein plan B, som var å dra upp til campingplassen der verten vår frå natta fyrr var, men me fann det ikkje og dessutan virka det meir bale enn det trong vera. So etter soli hadde falt (og Helene sov nesten allereide medan eg køyrde rundt) og ein halvtime leiting på måfå, stoppa eg til slutt berre ein veldig mørk plass i eit finare nabolag rett med ein tennisbane og ein liten ranch på andre sida.

Problemet med denne vegen var at det var ein del trafikk der, men ikkje alt for mykje.

Politi

Me er veldig redd for politiet her, so me hev kaupt ein slik solskjerm slik at du må sjekka bilen ganske nøye for å sjå at nokon søv der. Dessutan hjelper han sjølvsagt med varmen. :-)

På min vesle 30min-runde såg eg 2-3 politibilar, litt skræmande, men til slutt berre måtte me stoppa. Eg hadde ei soge klår i tilfelle me evt. vart tekne – eg hev høyrd du ikkje plar få anna enn ei åtvaring viss dei tek deg.

Me sov litt uroleg då bildører small att, men til slutt vart det ganske so stille.

Det er eigentleg heilt greit å sova i bilen, den einaste tingen som gjer det so vandskeleg er at det er ulovleg.

Me kjem nok til å halda fram med det ein del, spesielt når me vert litt flinkare til å finna mørke, stille, rolege og trygge plassar der det òg er liten sjangs for å verta teken.