Merkelapp-arkiv: Spania

Fulle nordmenn på flyet til Spania

Helene vart litt snurt då eg svarte eg ikkje ville skriva um dette her. Me hadde nett teke flyget frå Haugesund til Alicante (Spania) og sat bak nokre brautne broltne karar frå Haugesund som skulle på ekte harrytur til Spania. Viss nokon hev sett Charterfeber-programmet so kjenner de typane.

«Dette er jo det du alltid skriv om på netsida di», segjer Helene
«Nja, nei, det er berre du som meiner det,» svarar eg
«Og du har ikkje skrive noko på lengje»
«Ja, jo, men viss eg gjer det so vil jo du enno meir tru og seia at eg berre skriv um ting som irriterer meg på netsida mi»

Ja-jo. Seinare so fær eg høyra at eg ikkje hev uppdatert på lengje frå fleire hald. Greitt nok, eg hev ikkje vore i humør til det, menmen, det er kjekt å skriva slik at eg hev noko å sjå tilbake på når eg er 40 år. So fær eg skriva litt um dei fulle folki på flyet lell då, for å gjera kjærasten min nøgd.

So dei bråkte og styrte som slike bråkmakarar ofte gjer. Plaga flyvertinnene litt og heiv innpå med alskens alkohol som er kustus for nordmenn på «sydentur». Dei var lokale folk frå Haugesund på veg til massiv festing tydelegvis. Vil truleg ikkje ha teke dei lang tid å dekkja inn heile flybilletten berre i prisdifferansen for alkohol i Noreg og i Spania.

Genistreken deira kom mot slutten av den tri timar lange flyturen. Etter tvo av dei hadde vore på do kom tvo sinte flyvertinner bort til oss (me sat jo rett bak) og spurte rett som det var «Røykte du på toalettet nettopp?», berre på engelsk sjølvsagt.
«Nei, huh, nei det gjorde eg ikkje», svarte han eine av dei tvo på elendig engelsk.
«Jo, det gjorde du. Det luktar røyk som berre det.»
«Nei!»
«Jo. Du kom nett ut av toalettet.»
«Nei,» han eine av dei tvo (han mest bråkute, ikkje han som vert anklaga) byrjer forklara at dette berre er tull og tøys.
«De vert båe tvo politianmeld og tekne av politiet når me lander,» segjer ho eine og so stikk dei båe tvo.

Gutegjengen byrjar prata med kvarandre. Det er tri stykk, og dei hev forskjellege roller. Tvo av dei på mi side er opprørt og irritert yver idiotskapen til dei tvo andre. Han eine hev berre elendig engelsk, ikkje griseelendig. Dei andre tvo på motsatt side av gangen er dei som krangla med flyvertinnene. Han som røykte kann omtrent ikkje engelsk i det heile teke, medan han andre, den mest broltne karen av dei alle kann eit par gloser som han repeterer so ofte som han kann. Han er ganske ekkel eigentleg. Er altso griseelendig i engelsk.

«IDIOT, røykte du!?», segjer han som er mest andsvarleg og best i engelsk.
Han stille fyren svarar umtrent ikkje, «… visste ikkje… so merkbart…».
«IDIOT!»
«Nei, høyr no her, dei kann ikkje politianmelda oss,» segjer han broltne
«Det de må gjera no er å vera ekstremt greie, og betala den boten utan å kny.»
«MEN», prøver han broltne å skyta inn
«Ingen men! Betal boten same kva han vert. Eg er LITE interessert i å få problem no allereide fyrr me i det heile teke er kome i gang. Ikkje sei noko, berre sei OK og svar på direkte spursmål, ikkje la dei få ein grunn til å halda dykk lengre,» han sukker tungt. «Og for faen fjern dei Whisky-flaskene, det må då vera grenser for toskaskap!»
«Ja,» svarar dei.
«Me er ikkje interessert i å venta lengje på dykk, OK?»
«Jaja.»

Dei held no fram litt slik og vert altso til underhaldning for alle oss bak og framme, som alternativt himlar med augo elder ler lett av det heile.

Flyget landar og alle er interessert i å koma seg ut. So enkelt er det ikkje.

«Alle må sitja ned til politiet hev køyrd ut til flyget for å taka hand um nokre av passasjerane våre. So berre vert sitjande slik politiet kann koma inn.», segjer dei yver høgtalaranlegget. Superflaut. Det vert sjølvsagt betre av di dei sjølv innrømmer ganske høglytt kor flaut det er ved å kommentera det til kvarandre.

Dei gjeng gjennom flyget slik at alle fær sjå dei, og må attende for å henta pass. Etter det vert dei tekne ut og me kann gå ut.

So det hender altso dersom du er er full nordmann på flyget til Spania som absolutt må røykja og ikkje klarar venta 30 minutt til.

Eg var forresten aldri irritert på desse folki, eg tykte det heile berre veldig morosamt og rart. Som å sjå charterfeber live. Ganske utruleg kor harry folk kann vera i ekte live.

Sida forsvann andre gong og vart berre vekk

Viss eg (elder for den saks skuld nokon andre!) ein gong les gjennom arkivet og finn ei sers lang pause i innlegg fyrr dette, so er det kannhenda på plass med ei forklaring. Det er vel det same kva, eigentleg.

So, for å taka det fyrste fyrst (viss eg fær vera svo keisam): sida mi forsvann brått 2. oktober. Tenaren min, Acona kræsja. Dei som les netsida mi nøye (Egil og pappa) vil hugsa at fyrr det var det ikkje stort lengje sidan sist sida mi vart borte. Dette var endå meir jævleg enn det. Sist var eigentleg ikkje svo viktugt; eg fekk ting relativt kjapt upp at (vel, 1-2 víkor). Denne gongen mista eg ikkje berre sida mi, men ein heil haug drit òg.

Acona hev vore tenaren min sidan eg gjekk på ungdomsskulen, og det er difor ikkje reint lite som er å finna der. Dessutan hadde eg heile økonomien til firma mitt der, dvs. alle fakturaane eg hev sendt sidan eg uppretta firma mitt. Alt vekk no.

Like ille er det at pappa hev lagra tingi sine der òg. Likevel vart ikkje han like leid seg av di han hadde kopi av det meste hjå seg nede i Spania.

For, ja, Acona hadde ingen tryggleikskopisystem. Utruleg? Ja, det er det.

Acona hev liksom alltid vore med meg. Alltid fungert, alltid vore der. Berre lagra på meir og meir informasjon, ja, heilt attende til ungdomskulen og lengre. Då eg sette han upp var han ukritisk som få. Eg hadde ikkje god peiling på linux (vel, ganske brukande etter eg hadde drifta Alfons (min fyrste tenar), eit år) og hadde alt det viktuge på windowsmaskini mi.

Men uppetter åri so hev ho vorte kritisk og viktug for meg utan at det gjekk upp for meg. Det var ikkje lengre ei testmaskin som berre hadde ting eg gjerne kunne mista, ho var viktug.

Berre synd eg ikkje kom på det fyrr harddisken rauk. Alle nye maskiner eg set upp hev tryggleikskopisystemer som køyrer og passar på; men den vana fekk eg lengje etter eg sette upp Acona. So no er ho daud, og mykje av netsida mi med. Eg hev funne den meste teksten, men saknar bileti.

Ei periode medan sida mi var nede såg ho slik ut:

[herkjembilete]

Desse månadane utan netside hev ikkje vore so kjekke, mtp. netsidefronten altso. Dei hev vore veldig kjekke eigentleg, men eg hev veldig godt kjend kor sårt eg hev sakna netsida mi. Heldigvis fekk eg skrive litt på pappa si Spania-side medan eg og Helene var der. Det kjendest veldig godt å få skrive ned nokre av upplevingane våre. Hev sakna det.

Eg fær sjå kvar det bèr frå her. Kjem eg til å uppsummera litt frå myrketidi, fylla inn eit par innlegg i tidsperioden, elder starta med blanke ark og sjå frametter? Nei, me fær sjå!