Merkelapp-arkiv: Staten

Meirverdiavgiftinnbetaling

Eg betalte nett i underkant av 23 000 kr inn til statskassa. Kjennest vondt ut, eg hadde heilt gløymd meirverdiavgifti.

I byrjingi då eg vart momsregistrert, so sette eg av all momsen eg tok inn og heldt oversikt yver kor mykje av pengane som «ikkje var mine». Til slutt vart det sopass mykje pengar at eg tenkte dei heller burde stå på høgrentekontoen, so eg flytta dei.

Etter det mista eg heilt oversikt. Sjølvsagt er det ikkje stort vandskeleg å finna ut av denne oversikti att. Det er ganske enkelt berre å sjå gjennom alle utgåande fakturaer.

So, det vart i underkant av 23 000, og sidan eg ikkje hev heldt godt nok oppsyn med det so kjennest det som om det er 23 000 av «mine» pengar som forsvinn, sjølv um dei aldri eigentleg hev vore mine.

Eg klarte å trekkja frå ein del på momsen, eg hev jo reist som ein galning i jobben. Problemet er berre at reising berre hev 8% mva (moms), so store rekningar gjev omtrent ingen fråtrekk.

Moralen er at eg må byrja bruka mykje meir pengar, eg må byrja kjøpa inn ein haug utstyr for å få fratrekk på det.

Eit problem som er utruleg irriterande med ENK (enkeltpersonsforetak), er at me ikkje fær bruka statens regulativ for reising o.l. For å få fratrekk og kunna utgiftsføra ting, so må me skriva opp kvar minste vesle filleting.

Kjøpte to bananar og ein sjokolade, 20 kr. Må ha kvittering og masse administrasjon for det. Det er ikkje verd det. Men til saman so vert det ein heil del. Med staten sine reiserekningsskjema fær du jo trekkja frå ekstremt mykje pengar for absolutt alt.

So, ja, eg må betala inn ein liten formue no. Leit. Dessutan hev eg gjort ein heil haug manuelt arbeid for å få berre bittelitt fråtrekk. Det irriterer meg grøn.

Kvifor i alle dagar fær eg ikkje skikkelege kvitteringar i netbanken min når eg hev kjøpt noko på ein butikk? Eg kunne lett hatt eit eige kort til firma mitt, og so når eg kjøper noko, so kunne butikken sendt (fått laga automatisk) ei skikkeleg kvittering som vert lagra i netbanken min. Då kann eg berre henta alle dei rekningane inn, skriva dei ut og vopsi-dopsi, ha eit ferdig utlogerekneskap, med alle dei forbanna smårekningane ferdig fylt inn.

Eg hev jo ikkje teke vare på ein einaste matkvittering, og eg hev mista halvparten av dei andre.

Kvifor finst ikkje dette? Det er jo heilt idiotisk. Eg lurer på kor mange arbeidsår som vert sløst vekk kvar dag på slike totalt ineffektive system. Det hadde vore ein fin plass å optimalisera tidsbruk… Tenkjer det hadde vore veldig bra reint samfunnsøkonomisk. So kunne folk gjera litt meir nyttige ting enn apekattliknande kvitteringspåpassning og innskriving.

Ja, eg er ganske irritert på at eg hev brukt dagesvis på å finna fram kvar minste vesle kvittering og når eg legg alt saman so er mva-rekningi mi omtrent like stor…

Trøytt og sliten og det er staten sin feil

Gode kamerat Klaus skreiv nett eit godt innlegg um at staten fjernar Aerius for oss pollenallergikarar. Dette halvåret hev eg merka stort kor trøytt eg vert av den nye, billegare medisinen eg fær (Loratadin). På turen min i Europa vart det til slutt slik at eg ikkje tok pollentabellett nokre dagar for å vera meir vaken. Jadå, litt kløing i augo må eg tåla for å vera litt meir upplagt.

Altso, dei tek ikkje vekk Aerius, men me fær han ikkje på blå resept, so kannhenda eg må attende til å betala mykje for medisinen min.

Likevel so byrjar det verta ganske so ilt og gale etter eitt døgn, so då må eg ha ein pollentabellett att – som gjer meg døsig att. Problemet er sjølvsagt at eg hadde nokre tabellettar fyrr som ikkje hadde dette problemet; Aerius. Alle pollenallergikarar skrik etter Aerius, men nei, staten skal spara småpengar for å gjera 900 000 menneskje i Noreg trøytte og vonde heile sumaren. For ein fantastisk god idé! Lat oss dopa ned heile folket; det sparar nok staten pengar på. Ikkje.

Eg prata med mamma og pappa um dette på den nyopna kaféen 30 meter herifrå (opna i dag!), dei ville at eg skulle taka det upp med legen og so få Aerius att. Men, nei; no las eg på bloggen til Klaus kor ekstremt vandskeleg dei gjer seg. Mongofolk. Dessutan hev eg prøvd Zyrtec fyrr, og ingenting fungerer dårlegare og gjer meg meir trøytt enn den jævelskapen der. Zyrtec syg.

Sendt klaga på sjølvmeldingi

Det viser seg at min frist for å senda inn sjølvmeldingi er 30. mai og ikkje april som det er for dei flest. Dette er av di eg er sjølvstendig næringsdrivande. Eg hev sendt klaga eg lova, og fekk eit kort «Klaga registrert»-svar i dag.

Tenkte kann henda nokon ville vera interessert i å lesa klaga. Ho er skrive raskt og gale, so det er kann henda meir moro å lesa Synnøve si klage som ser litt meir gjennomtenkt ut.

Klage på sjølvmeldingi: kvifor fær eg bokmålspapir heile tidi?

Til: Stavanger 1103 Fellespost Emne: Klage på sjølvmeldingi: kvifor fær eg bokmålspapir heile tidi?

Eg klagar på det elendige systemet som gjer at eg fær sjølvmeldingi på bokmål kvart år.

No hev eg vore tolmodig i fleire år, kvart år hev eg valt å få sjølvmeldingi mi på nynorsk. Men likevel kjem ho stadig på bokmål. Eg byrjar verta ganske lei det. Eg vil ikkje ha ho på bokmål, eg vil ha ho på nynorsk.

Hugsar eg rett hev eg fengje ho på nynorsk ein eller tvo gongar, men dei siste etter eg byta hovudmål hev alle vore på bokmål. So eg vil gjerne at de fiksar denne hekkans feilen. For kvar person som klagar er det ein diger bøling som ikkje gidd. Eg gadd eigentleg ikkje – men so byrja eg verta so grundig lei – og eg vil ikkje hava sjølvmeldingi på bokmål neste år. Fær eg det sender eg brev um å få ho tilsend på ny med ein gong.

Rogaland er eit nynorskfylke, eg synest Stavanger kann senda ut likningane på nynorsk som standard. Folk treng lesa meir nynorsk, sjølv um det ikkje er so mykje tekst på sjølvmeldingi er det viktig å sjå han er i bruk. So kann folk spesifikt velja norsk-dansk heller, um dei absolutt vil hava det.

Send meg sjølvmeldingi på nynorsk neste år!

Det var det. ;-)

Klag på språket i sjølvmeldingi

For ei tid sidan fekk eg sjølvmeldingi i posten. Ho var, som alle andre år, på bokmål. Trass i at eg hev sagt frå kvar einaste hekkans gong at eg ikkje vil hava den stygge sjølvmeldingi i format «selvangivelse». Æsj. «Selvangivelse». «else, else, else». Jadå, eg veit eg hev digre fordomar mot bokmål, men eg hev laga dei sjølv – heilt medvite. Ein måte å overleva som nynorskbrukar i lengre tid.

No vil eg eigentleg ikkje skriva alt som sviv i hovudet. Eg las nett at Synnøve hadde klaga og offa seg etter fleire år med bokmål + retting, og sendt ei klage for at Nordhordaland sende ho bokmål. Det var kveikande og eg fekk lyst til å setja ut ein intensjon um å senda ein klage. So her er ho.

Eg skal senda ei klaga til likningskontoret mitt i år, for å klaga på at eg etter 3 år framleis ikkje fær sjølvmeldingi på nynorsk

Elles er dette sitatet frå Synnøve sin klage so flott at eg siterer det:

Av dei mange nynorskbrukarane som får sjølvmeldinga på bokmål, er det truleg dei færraste som skriv irriterte e-postar eller seier frå om det på anna vis. (Diverre!)

Det var jo dette eg hadde tenkt å gjera. Trass i at eg er ein røynd klagar, hadde eg tenkt å la det vera. Men ikkje no! Eg oppmodar forresten alle til å gjera det same. Ein kann godt skriva bokmål, men motta sjølvmeldingi på nynorsk. Det gjorde eg då eg skreiv bokmål. Um nokon av dykk eg sinte menneskje nett som meg, so kann du senda ein klage til likningskontoret. Truleg held dei ikkje skikkeleg oppsyn med kven som hev vald kva (eg hev jo aldri fengje sjølvmeldingi mi på nynorsk, medan mamma fær han).

So um alle sender klagar på dette hadde det vorte klageflaum i kontoret! Weey! Det hadde vore drittøft. Dessutan hadde dei kann henda vorte betre når fleire var sinte. Det er jo ærleg talt ein plikt dei hev, men dei fylgjer han ikkje serleg bra. Jæklane. So send din klage i dag!

Forresten synest eg sjølvmeldingi er litt skummel, eg hev ikkje peiling på kor mykje pengar eg tenar

Oppdatert 25. april: Eg hev sendt klaga no.