Merkelapp-arkiv: Steling

Tjuveri på Granit

Då eg kom inn i butikken såg eg ein mann som stod bak kassa, i 40–50—åri og med austeuropeisk utsjånad. Eg gjekk jo ut frå at han jobba der, men eg lurte fælt på kvifor han tok tvo never med setlar og putta i dei store lommene sine. Han svingde lett rundt kassaapparatet og gjekk roleg ut. Det var mange folk i butikken, men berre eg som såg han. Han gjekk ikkje ut hovuddøri, men gjekk inn til kafèen som i same rom og orsaka seg forbi eit par folk. Dette er slett ikkje rett, tenkte eg, det er nok ikkje eigaren som hentar pengar for å setja dei inn i banken.

Orsak for lengdi på dette innlegget, eg hadde ikkje tid til å skriva kort.

Dette var laurdag førre vìka. Helene ville inn på Granit, «ting som gjer livet enklare». Me hoppa av trikken og stakk innum, kort etter hadde me tenkt å dra vidare ned til kontoret mitt hjå Nei til EU.

Adrenalinet bruste i kroppen. Eg lurte fælt på kva eg skulle gjera. Eg såg ingen tilsette nokon stad, eg kunne ikkje vita kven som var tilsett og ikkje. Eg reiv upp kamera frå sekken og gjekk ut døri, byrja gå raskt bak mannen som no var eit godt stykke upp vegen. Eg sprinta smått etter og tok eit bilete bakfrå. Gjekk yver vegen og tok eit bilete av han derifrå, profil. Det var mange folk, og han gjekk so målretta og raskt at eg ikkje lett kunne koma framfor og teke eit godt bilete.

Hjarta pumpa, å fylgja ein kriminell og taka so openljost bilete av han var ganske skummelt. Folk såg på meg; eg trur det var ganske upplagt at eg tok bilete av ein mann eg ikkje visste kven var. Eit par meter til so ville tjuven koma til eit vegkryss. Ein stor mann, 40—åri, veltrent stoppa meg, peika på kamera, prata trugande. Eg vart redd, prata på eit språk eg ikkje kunne. Sa masse. Det er måten dei set folki ut i på butikken. Peika meg attende ned gata. Den medsamansvorne mannen hadde gjenge rundt hyrna. Eg turde ikkje taka bilete av broilaren som fekk meg til å gå attende til butikken. Eg tok eit bilete av ryggen honoms då han hadde kome litt på avstand.

Attende i butikken

Inne i butikken sa eg frå til han som stod bak kassa og solgte som ingenting hadde skjedd;
«Hei, nokon hev stelt pengar frå dykk,» sa eg.
«Hæ?»
«Det var ein mann her, som tok masse pengar frå kassa»
«Køddar du no?,» svara han veldig tydeleg forfjamsa.
«Sjekk kassa, det var den,» peikar eg.

Han sjekker, og ser, ja. Her var det stole pengar. Han tilkallar ho andre som jobbar i butikken. Dei vert ganske sett ut. Klikker masse på Securitas vakt-knappen. Etter ei stund kjem han.
«Eg tok eit par dårlege bilete,» segjer eg.
«Ahh, eg kjenner dei att», svarar Securitas-mannen, «dei hev gjort det same nede i sentrum eit par gongar».

Butikkmedarbeiderane stengjer butikken etter dei hev ringd butikkeigar og politiet kjem. Eg er der inne saman med tvo politifolk, ein securitasmann, og dei tvo tilsette. Mange folk ser inn vindauga der det no heng ein lapp «midlertidig stengd grunna ran» (vel, var ingen ran, men eg forstår godt, eg kalla det òg ran då adrenalinet pumpa som verst). Helene sit utanfor og kunne fortelja mange morosame soger um korleis folk oppførte seg av dette. Mange trudde eg var skurken iom. at eg korkje jobba der elder var tenestemann. Haha.

So, etter eg hadde gjeve upp personalia og me hadde gått gjennom kva som hadde skjedd mange gongar ville politiet sjølvsagt hava bileti mine (eg ville òg gjeva dei, viss ikkje var det ingen vits å taka dei). Dei kunne taka kamera mitt (prov), elder minnebrikka – men eg vart helder med ned på stasjonen. Var moro å køyra i politibil. Eg vert alltid redd når eg er ute å køyrer og ser ein sjølv, men no sat eg på andre sida og kunne sjå folk verta skræmd helder ;-)

Dei som stal frå butikken var 2–3 stk, og dei tok med seg kvar sin tilsette og fekk dei til å missa konsentrasjon med å prata fransk og fekta med armane. Dei opna kassa med eit metallverkty.

Måndagen etter

Helene ville fælt inn å kaupa den kule kalenderen ho fann. Eg ville sjølvsagt ikkje inn, av di dei tilsette ville kjenna meg att. Og det hadde vore flaut-flaut. 5 minutt etter Helene kom ut, fekk eg ein telefon frå dei.

«No hev me gjort klårt noko til deg, so berre kom innum ein dag og hent det,» sa Laila (som eg trur ho heitte :-) ).
«Å, ja, koseleg. Kjærasten min var nett innum og kaupte ein kalender, men eg fær vel tid ein gong um ikkje for lengje».

Eit par dagar seinare

So manna eg meg til slutt upp for å gå inn i butikken. Eg vona det var andre tilsette i butikken i dag, men nei, bak kassa stod Laila.
«Eg skulle henta noko t…», starta eg. Laila såg upp;
«Ahh, det er deg, Odin, hei. Her,» fann ho fram ei pose med ein stor fin pakke i, pluss eit kort.

Me prata litt um det som hadde skjedd. Ho er veldig koseleg, so litt dumt at eg synast det er so jysla flaut å koma inn der.

«Me hadde jo aldri funne ut kva som skjedde um det ikkje hadde vore for deg», sa ho, «du såg det dei andre ikkje såg, me var heldige der». Folki vert nok ikkje tekne grunna det eg gjorde, men når dei vert tekne so kann dei kopla dei til tjuveriet på Granit (og dei andre med yvervakningskamera) slik at saki fær litt tyngde bak seg.

Då eg og Helene var komne ut, reiv Helene pakka open. Det var ein boks til å lagra foto i, haha. :-) Tenkte det ville vera noko slikt. Dessutan fekk eg eit drittøft kort; der det stod «Helten vår». Bak stod det mellom anna «vonar du ikkje vert for skræmd til å koma innum att». Det er jo sant, eg er for skræmd til å lett koma innum att. Men Helene lurte fælt på um dei meinte skræmd av di folk hadde stelt (teit) elder av den ekte grunnen; at det vart flaut for meg. Eg satsar på det siste.

Elles fekk eg eit stort gåvekort. Eigentleg alt for mykje. Men eg vart veldig glad. Det beste var sjølvsagt kortet, og innpakkingi. Og det at dei var so intenst glad for det eg hadde gjort. Veldig koseleg :-) Det heile var eigentleg ein veldig positiv oppleving for meg. Eg gjorde berre det eg kjende var rett, og so vert eg løna for det. :D

Knust bilrute

Ok. Gidd. Kvifor? Kva er vitsen med å knuse den hekkans ruta i bilen? Me er priveligerte som bur i eit så flott land som Noreg er, men likevel skal de gå rundt å knuse ruter? Eg blir litt fortvilt når folk gjer slikt. Eg forstår berre ikkje kvifor dei vil øydeleggje for andre.

I dag tidlig kom pappa springande opp til meg. Innbrudd i bilen. Eg trur ikkje dei tok noko. Det er jo ingenting å take i den bilen utanom kassetten min «Evangeliesøstrene» med «Korsets Budskap», men kanskje dei ikkje er heilt inne i den musikken. Same kva, – det hadde skjedd i natt. Bilen sto nederst i innkøyrsla og nokon hadde knust ruta med ei «Mountain Dew»-flakse som hadde ca ½dl vatn i seg. Glasskår over heile nedre del av innkøyrlsa, samt inni bilen. Ruta var altså knust utan grunn.

Ja, kanskje dei ville stele noko. Kan godt hende. Men kvifor skal du stele noko i dette landet? Me har det jo alle bra. Eg har det kjempebra. Eg klarar meg fint utan mykje av det eg har. Det er berre det kommersielle media og den auka kapitaliseringa som har fått folk til å tru at dei er så jævla ulukkelege. Knust rute i Toyotaen. :(Ærlig talt, ein er alltid ulukkeleg i eit kapitalistisk system. Det er slik det fungerer. Korleis? Jo, av di folk alltid vil ha meir, det skal alltid gå oppover. Ting kan ikkje gå bortover, – at ting går bortover i status quo er nesten værre enn nedgangstider.

I mine augne er det egoismen og kapitalismen som har gjort at nokon knuste ruta i bilen min (vel, mamma sin). Heile systemet byggjer på å undertrykkje andre. Ein kan ikkje heile tida få meir og meir, det seier seg jo sjølv. Kor skal alt saman kome frå? Dette falske behovet for materielle ting (og status deretter) fører ikkje med seg anna enn vonde ting. Alt er forgjengelig, det forsvinner, blir øydelagd, eit eller anna skjer. Ekte glede finn ein ikkje i å stele ein radio eller noko frå ein bil. «Ja, men kva med dei som ikkje har mat osb?». Eh, som sagt; me bur i Noreg. Alle, nei, alle kan ha eit godt liv. Det handlar berre om haldningar. Eg trur faktisk at alle i den tredje verda òg kan ha eit godt liv, sjølv om det virker som vesten ikkje trur dei kan ha det godt sidan dei ikkje har bil, tv, datamaskin osb. Eg trur faktisk ganske ofte at dei er meir lukkelege av di dei ikkje er så knytt til det materielle.

Det er berre ein bil, berre ei bilrute. Det er ikkje bilen eg synest synd på – det er ikkje den eg er lei meg for. Er heller ikkje av di eg skar meg i dag då eg prøvde å rydde opp dei 10 000 glasskåra som var overalt. Eg er lei meg av di nokon med vilje vil gjere andre vondt og av di dei ikkje forstår kva som er viktig i livet.

Oppdatert: Eg fann ut at bensinpengane mine er vekk. Det var altså grunnen til innbrotet. Eg har ikkje vore skikkeleg irritert/sint endå, men no blei eg. No har det vore eit objektiv, eit mål – ein tanke bak det heile. For at ein fyr (eg antek det er ein ungdom som har drukke, slike jævelunger eg har gått i klasse med) skal få 60 kr så knuser han ei rute som gjer at:
* Eg må bruke heile morgonen på å rydde opp
* Eg må kjøpe ny rute / få bilen på verkstad
* Eg blir lei meg og synest det er synd me ikkje er lengre i utviklinga

60 kr. Hekkan, ein kan få 60 kr for å stå 1/4 av tida eg brukte i byen å spele fløyte. Nei, men det er ikkje vits å henge seg opp i det. Leserane mine har trass alt moral. Ingen slike bilruteknusande folk som heng her på sidene mine vonar eg.

Rana og Påkjøyrd

Me står der og filmar, plagar ikkje ein sjel – så springer jordas avskum forbi og tar med seg videokameraet og stativet. Eg setter sjølvsagt etter tjuven!

Au :( Det svir – gjør vondt, – det rivar å skrive. Vel, uansett, eg må dokumentere kva som hendte tidligare i dag. Med opphovna hender, safteg farga ein fin blanding av rød og blå, sitt eg på skulen. Eg har fått besøk av skolelegen og etterpå ein av sikkerhetsfolka på skulen. Me har snakka med politiet og har fått eit kriminalnummer(eller korleis det blir på norsk).

Meg, Roy, Thomas og Ont(Parouj) filma for Trainer Ad prosjektet vårt. Me var i ei gate parallellt med George Street, “nattklubb”-gata i Oxford. Ein sentral gate med masse folk. Det var tynnere i parallellgata “George Street Mew”. Det skulle være ein mørk, dyster reklame filma i ein bakgård du helst ikkje ville vært i. Iskaldt, verkeleg iskaldt var det idag – så eg gjekk med på at Ont og Thomas gjekk for å kjøpe kaffi. Meg og Roy fortsatte filminga. Eg som blei troffe av ei kule, smalt inn i ein båsdunk og segna om. Me gjorde det eit utall ganger, då me endelig såg oss nøgd.

Det sto ein fyr der og venta, han ville nok ikkje forstyrre oss når me filma – vente til me va ferig med den biten. Eg ligg nede, Roy slår av kamera, me er nøgd no – neste ting eg ser er fyren med blå jeans, et lys overplagg, langt hår fyke avgårde med ei hånd om stativet (med kameraet festet på). Eg tenkar “heh, kvaslags spøk er dette” i noen hundrendedels sekund før det går opp for meg; Jævelen stjal kameraet! Eg fyk opp og startar å springe etter den helsikkens drittsekken mens eg ropar “THAT FUCKER STOLE THE CAMERA!” eller noko i den duren. “STOP HIM” – han stormar inn i ein kvit varebil som står klar med døra åpe ved fortaugskanten, eg var raskare enn han og er no like bak han. “DRIVE!” skrikar den jævla tyven, eg får tak i kameraet rett før han smeller døra på armen min.

Sjoføren av bilen pressar pedalen ned, bilen drar framover med enorm akselerasjon. Eg har enno tak i kameraet då eg springer ved bilen, prøvar å rive kameraet ut av hendene på den lavereståande parasitten. Eg spring alt eg klarar då bilen begynner å kjøre raskere enn ein kver mann kan henge med – bilen beveger seg over min maksimale fart, eg blir dratt mot bilens side på grunn av at hånda enno henger i døra. Beina stritter mot asfalten og vekten min hjelper til med å dra hånda mi ut. Eg rasar med ein enorm fart mot fortauget – ein fart føtter ikkje kan oppnå. Beina går i kluss, eg snublar naturlig nok – fyk mot fortauget og treffer asfalten. Den ruglete overflaten riv USA-buksa opp og den myke huden på kneet gjer etter for asfalten då de små steinane penetrerer gjennom det saftigare hudlaget.

Trykket på kneet lettar – hendene smeller mot asfalten, river opp huden flere plasser og skaper stygge kutt. Eg ruller rundt med farten litt senka av det blodege kneet og dei oppbanka hendene der blodet nå begynner å presse på under huden. Eg ser på fingrane, har eit diger blått, dypt kutt på toppen av hånda – samt forskjellege sår rundt på hendene. Det svir litt rundt omkring – men overraskende lite. Eg reisar meg opp og ropar “GET THE LICENSE NUMBER!”. Eg prøvar å springe etter bilen for å se kor den drar, men de rasar raskare enn eg kan følge med – eg bannar på engelsk.

Leikepistolen har eg i hånda – hadde han der visst heile tia, den er øydelagd av støtet. Eg fyrar han ned i bakken og skrikar nokon fleire tabu-ord så ein gruppe folk, nettopp ankommet, ser skremt på meg. Tilbake finn eg Roy – stiv. Mens min reaksjon var å springe etter for å ta personen, var hans å stivne. Thomas og Ont kommer, dei anar ingenting. Ein person ankommer, han tok nummeret – Thomas skriv ned alle detaljane og ringer politiet. Etterpå ringer Thomas skulen.

Tilbake på skolen blir me avhøyrd – etterpå kommer skolelegen og lappar meg saman. Eg må ta det med ro, og om eg føler meg svimmel må eg ta kontakt – han seier det er sannsynleg at eg kan ha fått ein liten hjernerystelse pga. støtet. Eg forklarer meg enda ein gang til sikkerhetsvaktene på skolen før me får telefon ifrå politiet. Dei gir eit saksnummer og vil komme på skolen om ei uke. Hmm, litt lenge syns nå eg.

Turen heim med sykkel var meget stress – spesielt dét å pumpe opp sykkelen med dei enorma hendane mine :\ Då eg var heime følte eg meg enormt trøtt – så eg såg ein film, snakka med Mamma og Pappa og la meg.