Merkelapp-arkiv: Svevnlaus

Aldri meir koffein

Eg hev no aldri tenkt stort yver det. Men so slutta eg med kaffi av di det vart litt mykje. Drakk likevel litt med varierande mellomrom. No er klokka 03.12 og eg fær absolutt ikkje sova. Eg drakk ein kopp Cortado i dag tidleg (der tidleg tyder godt etter kl 12 :P), utan stort i kroppen. I heile dag hev eg og Helene berre ete frukost. Vel, utanum popkorn og ei bolla (meg) og ei lappa (Helene).

Eg kjenner korleis eg ikkje fær sova, og korleis det er koffeinet sin feil. Det er lengje sidan eg drakk noko med masse koffein. Jodå, i går stal eg jo litt av kaffien til båe mamma og Helene – men ikkje mykje. Fyrr det hev det vore lite.

Ikkje avhengig, på nokon måte

Mange drikk kaffi av di dei er avhengig, elder trur dei er det, det gjer/gjorde ikkje eg. Det var berre av smak. Og no vil det naturlege spyrsmålet vera «Men, Odin, skal me ikkje få kosa oss med noko lengre? Skal du ikkje drikka kaffi som du likar berre av di det er koffein i det?». Du fylgjer kannhenda upp med «Må jo få dårleg livskvalitet av å halda seg vekk frå alt godt!».

Vel, eg trur eg i lengdi fær mykje betre livskvalitet av å halda meg fri frå slike påverkande middel. No drakk eg aldri kaffi av den grunnen, men likevel er dei der. Dessutan vil eg ikkje verta styrt av lyster på den måten, – når eg veit at noko hev ei negativ sida vil eg helst halda meg vekk frå det. Eg vil fokusera på det positiva. Eg må segja det minskar livskvaliteten min ganske kraftig å ikkje klara å sovna.

Fruktprosjekt

I alt dette her so ligg det vel eigentleg ei uppladning til eit nytt rå frukt- og grøntprosjekt. Eg vil altso verta kvitt kokt mat, som er som dop for kroppen. I tillegg til at eg sjølvsagt kjem til å halda meg vekk frå dyreprodukt som mjølk og egg. Motivasjonen min for å eta vegansk rått att hev vore stor heilt sidan eg slutta prosjektet. Og no er eg ikkje so alt for langt vekk frå å starta. Men er framleis litt redd for at det skal gå ut yver andre ting eg driv på med.

Men, aldri meir koffein

For no kvittar eg meg med koffeinen. Eg vil ikkje drikkja meir koffein. Avkoffeinisert kaffi; jatakk, det kann eg prøva – men nei, eg nektar å få meir av giftstoffet i meg friviljug.

I Kristiansund, på målferd

Eg sit på ein cafè som heiter «Onkel og venane honoms». Gratis internett, men absolutt ikkje gratis kaka/kaffi. Min reddande engel, mållagshelten (ho må vera helt for å seia ja til å hava meg til yvernatting) Liv Kromsvik er stadig ikkje komen. Eg hev hatt problem med mobiltelefonen – han vart låst, og no er han utan batteri. Eg trudde eg hadde hugsa alt, men eg hev visst gløymd ladar til Nokia-mobilen min. Off so teit.

Eg hev ikkje sove sidan, hm, eg vakna i går kl. 10.00. No er klokka 1900. 24 + 9 = 33 timar. So eg er veldig trøytt. Nattbussen var eit helvete. Ikkje i seg sjølv, men sidan eg ikkje fekk sova so vart det ein ganske irriterande tur. Bussen var fin og slik. Eg åt mat på «Mor`s kro» på Kvam eller kva det var, ein rar men ganske koseleg plass (men med mange skrivefeil, og stygg-stygg wordart til logo). Då var klokka 0300. So vart eg vekka 0600, då eg måtte bytta buss. Framme i Molde 0710. Venta på neste buss mot Fræna VGS, og var der i 8-tidi saman med alle elevane.

Målferd på Fræna VGS

Eg var daudtrøytt, men det var ikkje lengje til eg skulle inn å hava mi fyrste ekte målferd. Det var ei lita «basisgruppa» (usj, desse teite namni) på 16 fyrsteklasseelevar som sat og høyrde på. Læraren var heime med sjuke born, so eg hadde klassa åleine. Det gjekk rimeleg bra, sjølv um eg ikkje kjenner meg heilt stødig på målferd.

Etter lunsj skulle eg prata for 3 klassar i auditoriumet på Fræna VGS. På dette punktet var eg veldig trøytt (hadde ete masse brød, off) og kjende meg ikkje heilt bra. Eg hadde berre fengje ein time, so eg måtte komprimera opplegget – eg hoppa yver heile målsoga. Trur ikkje det er rett, men kva veit eg. Nettopp; ingenting. Kjenner meg kasta uti dette her. Ikkje forberedt i det heile teke. Diverre trur eg ikkje at eg gav Fræna VGS den rykande bra målferden dei hadde venta. :-( Eg fekk vel ein tri-fira nye medlem (um dei berre gjeldar medlemspengar) og tvo ark med underskriftar for oppropet vårt (som er rundt 40 underskriftar trur eg).

So til Kristiansund

Ned til Fræna kommune-kontor, «kor tid og kvar frå gjeng bussen til Molde?». Eg fekk vita det, og sat på med same koselege bussjåfør som eg hadde på vegen burt. I Molde måtte eg sitja ein halvtime for å taka TIMEekspressen til Kristiansund. Då eg kom fram såg eg at mobiltelefonen min spurde meg um PUK-kode. Hekkans. Eg ringde Liv med ein telefonautomat. Etter det kom eg på den geniale idèen å ringja pappa for å få PUK-koden min. Den fekk eg. Men so gjekk batteriet no når Liv sikkert ringde meg. Men rart ho ikkje kjem innom kafèen her ho veit eg skal vera og sjekkar. Eg vonar berre ikkje ho hev drege heim eller noko. Ugh, det hadde vore dumt. Kann henda ho var her men ikkje såg meg.

Å-vel. Ah. Eg hev framleis ei vond-vond obligatorisk oppgåva å levera. Inf1300 oblig3. Æsjæsj. Hmm. Men må vel gjerast. Berre, ikkje, no… Ah. Jepp. Eg trur det fær halda med klaging og kyting for no.

NB: Kyting er eit interessant ord, i og med at det visstnog tyder båe «skryta» og «skjenna/ klaga». Eg meiner det på den siste måten.

Oceans 13 med mortehu, elles eksamen i morgon

I dag skulle eg øva til eksamen. So vart det ikkje. Eg åt middag 1600 med Egil, der vart me båe gira på å spela Wesnoth. Me gjorde det, Egil drog. Eg skulle på grilling med NUUG, men Wesnoth tok all tid. So spurde mortehu um eg ville på kino, det ville eg. So såg me Oceans 13. Rakk akkurat ikkje t-banen, so hang ein halvtime i byen. Til slutt måtte eg spurta for harde livet for å nå siste t-bane heim.

Eg hev det med å ikkje gjera kva eg bør. Og det hev eg gjort alt for mykje i det siste. I morgon hev eg eksamen i 2270. Eg fann ut han vil verta mykje vanskelegare enn eg hadde trudd. So i morgon hev eg fylgjande gjerelista:

Gjerelista for i morgon (onsdag 13. juni)

  1. Læra meg kardinaldiagram
  2. Skriva ut lista yver maskininstruksjonar for x86-prosessorar (inkludert float x87!)
  3. Læra meg boolsk algebra betre
  4. Ringja Helene Stenhaug (evt. epost/jabber – må få filmmanuset til sumaren no)
  5. Vonleg ringja mamma og Rebecca
  6. Ikkje bruka heile dagen på å surfa og/eller spela Wesnoth
  7. Prata med SiO Bolig um kva som skjer med hybel/parleiligheit til neste semester (la til denne etter publisering, kl 0300)

Lite nyttig døgning

Forresten draumde eg masse i dag. Eg la meg, sov, draumde, la meg, draumde i syklus fleire gongar. Eg skreiv ein tekst der eg prata um det eg hugsa – men det vart ganske teit, so det spørst um eg publiserer det.

Det var koseleg å gå på kino med mortehu. For tvo dagar sidan sat me på saman på PING til klokka var 06, då drog han. Eg drog heim 07. Då hadde eg døgna (utan grunn). Eg la meg 0800 og vakna seint på dagen. Prata med Rebecca og sat på datamaskini. So la eg meg att, og so var det dagen i dag. Var altso inne ein heil dag. Det var jævleg. Gjorde ingenting. Ugh.

Spring mot t-banen

Ja, etter kinoen var ferdig gjekk me seint til t-banen. Me kom på eit pessimalt tidspunkt (mortehu fortalde meg det var det motsette av optimal – fann ingenting i ordboki); banen hadde nett gått og det var 26 minutt til neste. So me gjekk heilt til Jernbanetorget, der fann me ut at det var framleis 15 minutt att, so me gjekk attende ein liten omveg. Mortehu heldt rekningi med tidi (eg hev ikkje peiling, eg gjev ofte uttrykk for at eg kann matte – men det er berre at eg innbiller meg sjølv um det, eigentleg vert eg forvirra av tal).

Me møtte på ein utanlanding som spurde um eit hotel, me gav han veg og mista dimed litt tid. Me gjekk treigare òg. Mortehu sjekka klokka og såg at ho var 2350; altso nett då t-banen kjem. Me var utfor Universitetet i Oslo si jus-avdeling; «no må du springja um du skal rekkja det» (eller noko), sa Morten. So eg spurta. Raskt. Var kjempemoro. Eg rakk toget akkurat. Såg det kom inn då eg var på utsida av Nasjonalteateret t-bane-stasjon. Eg kom meg akkurat inn i siste vogn fyrr dørene vart lukka. Sidan eg er i elendig form, pusta og pesa eg lengje etterpå.

Men no er klokka mykje, og eg lyt sova um eg skal få gjort den enorme gjerelista eg hev laga til i morgon. No er han på netet òg, so då er han endå viktigare. Natta! (0200… gah!)

Oppdatert: La til noko eg gløymde i gjerelista… :-)

På Ping heile natta

Siste t-bane er gått. Siste buss er gått. Morten er gått. Med andre ord, siste mogleik for å koma til byen er vekk. Siste mogleik for å koma heim er vekk. Og siste (gode) mogleik for å koma seg ut or bygningen er vekk. Så, eg får vel berre bli her Ping heile natta, då. Her er det i det minste sofa, farris i kjøleskap, store høgtalarar, musikk, videoprosjektor og anna digg då. Så det skal ikkje bli noko stort problem. God natt!

(Eigentleg ikkje, eg tenkjer eg skal jobba litt fyrst ;-) )

Inne her på IFI, heile natta og meir

Det er ein konspirasjon. Eg er låst inne i Informatikk-bygningen, ikkje berre inne i bygningen – men inne i ein liten del av han. Her fins ikkje anna enn Coca Cola. Eg som ikkje liker Coca Cola. Eg liker ikkje Cola generelt, faktisk. Og så mat, då. Ingen. Elles umogleg å koma ut. Jodå, eg kan utløysa brannalarmen, men så slem er eg ikkje. Hadde sikkert berre sett meg i masse problem same kva. Semesterkortet mitt ligg truleg i posten, hadde eg hatt dèt hadde alt gått bra, men ikkje no – nei.

Hum. No hev eg sitte her utruleg lengje. Lat meg sjå.

odinho console Sep 3 14:14

Tja. Sidan det no er 4. september, og klokka er 07:14, vil det gje: 17 timar. Hum. Sjølvsagt hev eg vore vaken heile tida. Eg hev lagt inn SDL, pygame og pyOpenGL. Eg hev nemleg fulgt med på PyWeek. Snakka masse med dei som er med òg. Gjeve litt tips mellom anna. Tja. Og så hev eg koda på Stavanger Casting. Ganske lengje og mykje faktisk. Lengje i tid ihvertfall. Rart med det, eg koder nokre liner – ser på klokka. 4. Koder bittelitt til. 5. Wow. Heilt utruleg kor raskt tida går. Eg hev sikkert gjort 3 timer effektivt arbeid på 17. Men så hev eg gjort masse anna i tillegg då. Eller, noko iallfall.

Det hev vore ganske einsamt her på terminalstova i natt. Eg hev jo vore åleine, hadde nokon andre vore her kunne dei jo ha sluppe meg ut. Men det kan eg ikkje sjølv. Nei, for dørene er låst frå båe sidar her. Ein må ha kort for å koma ut. Eg hev ikkje kort. Midt på natta, sånn ca (er ikkje så farleg med tida) var eg særs svolten. Tingen er/var/whatever at eg ikkje hadde ete anna enn frukost. Har ikkje ete anna enn frukost. I går. Så, eg var litt svolten.

Litt tidligare på dagen så kjøpte eg faktisk ein chai-te på Deli de Luca. Den var enormt god! Eg hadde ikkje peiling på at du kunne få så god te ut av ein automatisk te-lagings-boks. Så tok eg trikken til UiO, blei søkkvåt. Regna kattar. Eg gjekk rundt på mange av bygningane og blei våtare og våtare. Fann ingen opne. Til slutt gjekk eg til SV (samfunnsvitskapleg). Der fann eg ei pc-stove. Men eg fekk ikkje logga inn, visstnok. Eg fann ei gamal maskin i kroken, den kunne eg logga inn på (av di den køyrde terminaltenar, i staden for å vera lokal – for dei som forstår slikt). Den var gamal og drit. Pissepc, var umogleg å arbeida på (backspace fungerte ikkje i PuTTY). Til slutt høyre eg Morten var på IFI. Ah. Eg drog opp, stadig meir blaut, og kom inn på IFI. Kl 14 ca, visstnok. Då hadde eg allereie hengt rundt på det sundagsstengde universitetsområdet lengje.

Same kva, eg var svolten og eg ville ha sjokolade. Men som du allereie veit; det gjekk dårleg. Det er ein hekkans glassdør med ein stygg kortlesar, som ein kan sjå ut på fellesarealet. Det fellesarealet kor det er mange sjokoladeboksar. Der du hev fleire val enn Coca Cola. Ahh. Skulle ha vore der. Men, nei. Så var eg jo kjempesvolten då, og tørst. Jaja.

Det var ikkje lett å trykkja på maskinen for å kjøpa den fyrste cola-flaska eg hev kjøpt på, hm, 3–4 år. Velvel, vanskeleg var det jo ikkje akkurat. Eg tenkte «Helvette heller» pluss ei liste assorterte (men velvalde) bannord og hadde det litt psykisk vanskeleg. Menmen, så kom driten ut og eg opna opp. Typisk at halve driten bruser over og kjem på golvet. Kliss. Så kjem det, ja. Det smakar jo seriøst ikkje godt? Eg forstår ikkje meg sjølv, eg pla elska denne drikken. Eg pla drikkja det dag ut og dag inn. Opptil fleire liter. Akk. Vonar berre ikkje eg blir hekta igjen av ei heil flaske.

Var ikkje noko problem, heldigvis. Smakte ikkje stort betre mot slutten. Altså, eg meiner ikkje at det smakar vondt – men det smakar ikkje akkurat godt heller. Eg foretrekk mjølk foran cola kvar dag (som er rart, om ein tenkjer på at før, då eg lika cola, lika eg ikkje mjølk). Jaja. Eg sat meg no ned og fortsatte så smått med dei små tinga. Byrja bli kaldt. Hm. Gjekk vel ein time, og så måtte eg på do. Hm. Meir på do, og endå meir. Eg hev det med å berre sitja og pressa på blæra når eg må på do. Gidd ikkje reisa meg. Men til slutt måtte eg. Vil heller reisa meg enn å få blaut bukse. Med blaut bukse hadde eg sikkert blitt endå kaldare enn eg allereie var. Jaja, kanskje litt varm i byrja – men det plar dabbe fort av. Kjenner til det.

Nåvel, så var eg på jakt etter do. Eg hadde ikkje gløymd den lille verda eg hadde tilgang til. Eg gjekk bort til glassdøra og rista i ho for n-te gang. Neida, ho gav ikkje etter. Ugh. Er det ingen do her? Eg lurte på kva eg skulle gjera. Måtte vel bruka cola-flaska til å halda meir enn berre cola. Hm. Men så gjekk eg inn ein plass eg ikkje trudde det var noko, og det var det handicap-dass. Som passa meg bra, sidan mobilliteten min er eit ganske stort handicap for tida. Det blei ikkje mykje jobbing. No går klokka stadig mot 0800. Då opnar dørene seg. Eg skal vel eigentleg ha plenumsrekning i matte – men. Hm. Eg veit ikkje heilt. Det er ikkje slutt før 14. Då er eg sikkert heilt utkøyrd. Får nok ikkje med meg noko heller. Like greitt å stikkja heim og sova.

Jaja. Eg høyrer folk utanfor. Eg kan sikkert snika meg ut no om eg vil. Men eg vil heller prøva å koda litt vidare. Bør få ein fungerande versjon av skodespelar-innlegginga no som eg allereie hev bruka så lang tid på det. Hehe, eg er slik herleg svimmel i kroppen. Det er ganske deilig. Hm. Mat, ja. Kanskje eg skal eta frukost når eg kjem ut. Er ikkje svolten no, eigentleg – så eg let det heller venta. Får eta når eg ikkje treng stressa for å få tak i det. Ja, men no skal eg ikkje skriva meir piss. Stakkar du som måtte lesa dette. Men. Jaja.

Djuuuupt pust. Ahh. Ja, då går eg vel om ein time, då. Kjenner eg byrjer bli trøytt no…