Merkelapp-arkiv: Tankar

Nynorsken og dialektane, IKKJE dialektane og nynorsken!!!

Eg hev starta høyra på «Språkteigen» på statskanalen vår sin kulturkanal; NRK P2. Etter no fleire år i NMU og hard skulering, ein heil haug ordskifte og eit lass med leste sidor um språkstoda i Noreg hev norsk språkstode og nynorsk vorte eit slags spesialfelt1 for meg. Ei inngåande forståing av nynorsken, kva han er for noko og kva som er styrande for kva språk me vel.

PS: Alt dette er meiningar – og det er ikkje NMU sine meiningar. Det er mine provoserande tabloide meiningar der eg ikkje underbygg det eg seier på ein god måte. NMU er for alle, inkludert bokmålske «nynorsk er fint i dikt»-folk(!)

Ah. Gah. Ferdig med det, eg gidd søren meg ikkje pakka ting inn – det gjeng inni potetsekken treigt og eg vil veldig gjerne verta ferdig med å få ut meiningi mi. Då drit eg like godt i um ikkje heile verdi heng med meg. Det hev teke meg tvo år å forstå mykje av dette sjølv, so eg trur neppe eg klarar overtyda ein einaste maur um noko som helst i mine små, halvleselege innlegg på netsida. Men ARGHRGHR, eg vert so inn i hampen sint når eg sit på t-banen og høyrer på Språkteigen og det vert sagt so mykje idiotisk teit der.

Ok-ok, ikkje idiotisk teit, men lite nyansert og ekstremt lite fornuftig. Altso; ingen intellektuelt ordskifte, men det same vrøvlet me høyrer gong på gong av folk som ikkje hev sett seg inn i saki. Sjølve folki i ordskiftet er fjonge og bra, eg er stor tilhengjar av verki deira båe tvo – men eg vert vel meir vonbroten på verdi (altso Noreg) når det vert sagt so mykje opplagt platt, keisamt og utruleg lite oppbyggjande. No veit framleis få kva eg pratar um; men eg skal prøva å seia det utan å forklåra stort (so det er stor grunn til at du (med rette) fnys av det og tykkjer det sers feil):

Nynorsken var ikkje, er ikkje og bør ikkje verta talemålsnær!

Heile navla landet hev ei feil og ukorrekt oppfatning av kva nynorsken er. HAN ER IKKJE TALEMÅLSNÆR OG MÅTTE GUD FORBODA AT HAN NOKON GONG VERT DET! Det er 1000 dårlege argument for dette, men òg ovmange fantastisk gode. No vrir du deg sikkert i stolen og seier høgt «Men kva med dialektane, Odin, DIALEKTANE!», slik at nabokatta må leggja hovudet på skakke og lura på um du er ein av dei som helst burde vore hjå syster hennar som er ein institusjonskatt på Dale2.

«Jadå, din hekkans masekopp», seier eg då og ser olmt opp i vêret for å visa at eg himlar med augo av deg.

Det verste er sjølvsagt at eg berre brukar masse hersketeknikkar på deg utan å eigentleg forklåra kva eg eigentleg meiner. Difor kjem du altso automatisk på bakbeina og tenkjer eg (kannhenda rett nok) er ein stor idiot, medan du fyrer laus fleire slemme setningar: «Ja, det var då jammen meg konstruktivt din hekkans drittsekk».
«Åja!? Og du då, din vesle parasitt av ein møllsleikande…», prøver eg fyrr eg kjem på ein betre idè og ser filosofisk ut i lufti; «Ja. Kva er me eigentleg? Er me i det heile teke? Kven er eg? Og kven er du? Finst du? Finst eg?».
Ganske raskt forstår eg dette er berre teit og kjem igjen på andre tankar, men fyrr du vert redd so kann eg avsløra at me er inne på sporet att; me er attende til saki, eller «målsakji™» som eg hev sett ein idiot skriva på kvar artikkel som hev noko med nynorsk å gjera. Han er mindre… nei, han er minst kul synest eg. Men so er eg på viddene att.

Eg tenkjer kort på viddene i Nord-noreg der eg var på tur, fyrr eg atter ein gong prøver å spora inn på det eg liksom skal seia noko fornuftig um (det trur eg du allereie hev mista trui på).

«Ja, du ser. Hmm. Kvar var eg no?», seier eg fyrr det gjeng upp for meg at dette faktisk ikkje er ein samtale, men ein teit tekst og at eg difor berre kann lesa det eg hev skrive fyrr. So her var eg: «Kva med dialektane, Odin?». Ahh. Ja. Kva med dei? Denne forferdelege forpestingi av norsk språk som eg er programforplikta å elska sidan eg er medlem i NMU? Åja. Dei dialektane ja.

Det førre eg skreiv er vel eigentleg ikkje det eg meiner, men eg la det til sidan mange sikkert trur eg meiner det. Diverre må eg skuffa dei. Eg skal heller prøva å svara på «Kva med dialektane, Odin?».

«Kva med dialektane, Odin?»

Dialekt er fint, dialekt er best, dialekt er det som eig mest. Det kann ein seia, og få vil mukka (ymta motførestellingar). Det er jo bra. Og det er sant, dialekt og nynorsk heng faktisk saman. Eg likar dialektar. Likar spesielt jentor frå Vest-telemark og Sogn og fjordane. Uhm, måten dei pratar på altso. Sikkert mange av jentone òg, men det er ikkje poenget. Eg hev berre godhug for dialekt. Ja, eg elskar dialektane til og med, um eg fær seia noko so på kanten. Det eg ikkje elskar, er at folk trur at nynorsk == dialekt.

  1. Nei, nei, nei, nynorsk er ikkje det same som dialekt.
  2. Nei, nei, nei, nynorsken skal ikkje vera det same som dialekt.
  3. Nei, nei, nei, dialektnær nynorsk er ein styggedom – ikkje noko me bør prøva å jobba for.

Problemet mitt her er at det er so ekstremt mange som meiner 3 er feil. Altso; dei kann seia ting som:

  • «Du hev nynorsknær dialekt, difor må du skriva nynorsk»
  • «Nynorsknormalen må vera vid slik at eg kann kjenna meg att i han og skriva dialektnært»
  • «Det vert enklare å læra nynorsk når du brukar di eiga dialekt som utgangspunkt»

Alt dette meiner eg er riv ruskande feil og grunnfest i ei feil førestilling um kva nynorsken er; ei nedskriving av dialekt.

Kva er nynorsken då?

Nynorsken er eit systematisk språk tufta på fellestrekk i alle dialektane i heile Noreg.

Ikkje ein, ikkje tvo, ikkje femten dialektar. Men alle. Og ikkje ei rotete suppa (som bokmålet), men eit systematisk språk. Ikkje systematisk som Esperanto heller (som er konstruert), men eit norsk språk som tek vare på systemet som finst i norsken.

Skal me skriva talemålsnært, skriv dialekt. Ska’me skRiva talemålsneRt, så skRiv dialekt fåR ‘faen. (Store r-ar for skarre-r). Det vert jysla stress med so mange skriftspråk i landet. Og folk flest er ikkje interessert i å skriva «deira nynorsk» (trass i kva dialekt-nynorsk-folki trur), folk er interessert i å skriva rett. Det ser me enkelt av korleis folk skriv; nyttar dei «valfridomen» (teit å bruka eit fint ord for tilroting av gramatikken)? Nei, dei nyttar han ikkje. Ein plass der me bør hava valfridom, derimot, er i ordtilfanget – desse ordi tek me sjølvsagt frå alle moglege dialektar. Men det er ingen, eg gjentek ingen verdi i å hava 27 forskjellege måtar å bøya eit ord på. Verdien fær me i mange ord, mange nyansar – ikkje i mange bøyingssystem (det er berre tull).

Det finst ein utruleg god tekst på dette

Aaargh. No er eg berre trøytt og ikkje sint lengre. So eg hev fengje det ut av meg. Diverre er ingen smartare. Du kann jo synast det er positivt at eg ikkje er sint lengre (det likar eg!); elles kann det henda du er sint av di eg berre hev skrive tull og kasta burt tidi di. Det er òg ein liten sjangs for at du faktisk vil vita kva eg meiner; ahh, då finst det ein utruleg god tekst på dette. Det er ikkje eg som hev skrive han (so han er altso bra, det er ikkje berre noko eg seier) og han ligg på NMU sine nettsidor. Eg gjev deg, Målføra og nynorsken.

Dette burde verkeleg vore pensum for alle. Spesielt alle som vil meina noko um dialektar (målføre) og nynorsk. Eg veit teksten er lang, men les du han, er du ei klokare kvinna etterpå. Du gjer lurt i det.

Notar

1 Fyrr nokon slær meg flat med rettskrivingi mi, so må eg få seia at dette ikkje er det same som språkekspert eller norskekspert; slik er det ikkje. Det eg hev, er ein mykje betre forståing av språkstoda i Noreg enn dei fleste. Sjølv um eg skriv so mykje gramatisk feil som eg gjer, so hev eg god yversikt yver idéane. Det burde ikkje vera å taka vatn yver hovudet; langt frå best forståing, men langt yver snittet (som diverre er forferdeleg lågt).

2 Dale var der dei putta dei galne menneski i gamle dagar.

Og hugs, les Målføra og nynorsken.

Oppdatert: Ei litt betre forklaring eg gav Ola etter eg ikkje var sint lengre og hadde sove:

Eg ville ikkje skriva kven som var i Språkteigen, for eg ville ikkje knytta mine negative kjenslor opp mot dei. Det er berre at heile verdi trur nynorsken sitt mål er å vera talemålsnær og at eg meiner det er feil. So når det vert slege fast som sanning mellom tvo (tri) folk i eit ordskifte (der dei eigentleg skal vera ueinige) so vert det for galt. Det er ingen/få som fortel folket kva nynorsken eigentleg er, og det gjer meg vonbroten.

Eg burde verta kokk

So var det tid for middag att, og kjøleskåpet er fullare enn nokon gong fyrr. I ymse glimt av arbeidsvilje og positive syn um framtida handlar eg stort inn på matvare etter matvare. Kaupar inn ting eg ikkje veit kva er til ein gong, men tenkjer eg kann sikkert bruka det på ein eller annan måte. Eg kann putta ting saman og eta sunt, som ein flink gut.

Eg må slutta med ferdigpizzaen innser eg for, eit kjøleskåp fullt av varor som ikkje er rørt på ei vìka lover ikkje bra. Maten må etast fyrr han vert dårleg. Og eg dreg jo til Kviteseid i morgon! Med rak vilje og stå-på mot fyrer eg jerngryta opp på steikjeplata. Etter ein stund ser eg TV-rommet byrjar verta røyklagt. Inne på kjøkkenet ser eg omtrent ikkje til andre veggen. Etter grytevask og dobbelsikring um at det ikkje er meir att nedi ho ringjer telefonen. Eg legg på då eg merkjer at det atter ein gong er litt vanskeleg å sjå. Ah vel, dei er vel berre slik desse grytone, seier eg medan eg tenkjer eg ikkje burde verta kokk.

I kjøleskåpet hev eg altslag rart. Ooo, sopp! So eksotisk! Ut med, hakk opp og putt i gryta som allereie er full av litt for mykje olivenolja.

Rein sopp er ingen middag

Må hava meir oppi. I kjøleskåpet ligg eit par laukar (jadå), eg tek ein og kappar han opp. So oppi gryta. Dansar lett rundt kjøkkenet medan eg rører rundt i gryta. Eg kjenner meg godt og veit med eitt at her må meir til. Dette gjeng jo som det susar! Eg tek oppi litt forskjelleg krydder eg ikkje veit kva er og kuttar opp nokre tomatar. Heller på litt meir olivenolja saman med tomatane.

Eg burde verta kokk

Eg luktar. Aaaahhh. So godt det luktar! Det ser godt ut òg. Eg vert kjempesvolten og tenkjer heilt bestemt at eg burde verta kokk. Ja, eg tenkte feil i stad, det er jo sant at eg burde verta kokk.

Eg dansar vidare og klarar ikkje stoppa, meir må i gryta! Eg skal laga supergod middag! Eg må òg få brukt opp meir av det eg hev kaupt. Eg opner ein boks med bønner og tek fleire tomatar oppi. Eg rører og rører. Rører og rører. Eg skreller ei potet. Eg lagar småterningar og puttar nokre få nedi, so finn eg ut at dei ikkje vil verta steikte ferdig på denne tida. For eigentleg var retten ferdig for lengje sidan.

Alt er steikt lengje nok. For lengje. Faktisk. Og eg hev rørt for mykje. No er det ikkje lenger ei lekker blanding som luktar godt. Det er ein brun graut. Det ser heilt forferdeleg ut. Det ser ut som most katt. Og smakar sikkert verre. … Hekkan.

Fram med tallerken og middag ferdig

Eg splæsjer litt av gugga yver på ein tallerk og legg ved mange blad ishavssalat på sida. Gusje.

Eg tok so absolutt feil, eg burde jo for all del ikkje verta kokk.

Mitt beste år, nokon sinne!

I morgon reisar me heim, Oxford gruppa. Det blir ein dag med blanda følelsar vil eg tru. Me drar frå ein plass kor me, iallfall eg har hatt nokon av mine beste tidar. Året i Oxford er noko eg aldri vil glemme, og alltid huske som eit godt år.

Ein faktor eg vil trekke ganske tidleg fram i denne artikkelen er sitasjonen eg har vært i den siste måneda. Både laptop såvel som kamera blei ødelagd på turen min til Frankriket. Det var ein sår dag – eller det var vel eigentleg to. Eg klarte også og miste mange av dei fine bileta eg hadde tatt. Det falt meg enormt tungt – men eg er over det no. Kom ikkje på det før eg hadde skrive dei fysste setningane.

Uansett så har dette ein god del med mine opplevelsar og gjøre – SPESIELT kva som står her på sia. Skulen er inga plass å skrive, fordi alt eg skriv her blir keisamnt og dårleg. – Det finnes også fleire måtar å skrive på for meg, og dei gangane når eg bare er så sykt glad at eg må få det ned er de gangane det blir best tekstar :) – Ofte surrar også tankar i houvudet på med, der eg “skriv” i tankane. Setter eg meg så rett ned på laptopen har eg ein god tekst sånn heilt utan vidare.

Nå skriv eg imidlertid fordi eg følar eg må. Utan laptopen så har eg ikkje skrive noko interessant – og utan kameraet har eg sett endeløst mange interessante motiv. Men sjølv om eg ikkje har skreve noko, eller tatt bilder så har den siste måneda vært UTRULEG kjekk og EKSTREMT innhaldsrik! :D – Ting eg ikkje har fortald om er f.eks “Oxford University Computer Society”‘s 25års jubileum, Thomas og Elisabeth’s bursdag, turen til frankriket, påskeferia og mange andre episodar som eg sikkert allereie har gløymd. Alle dei saftige detaljane er iallfall vekk – og eg er lei meg fordi eg ikkje fekk skrive nokon av dei ned.

Livet her i Oxford har vært ubeskrivelig morro og eg klarar ikkje utrykke kor glad eg er inni meg – dét klarar eg ikkje på skulen. Eg elskar livet mitt, kvar dag er utruleg innhaldsrik, og idag har me avslutningsfesten. – Dét å gå ut er ein jo godt vant med nå, men denne kvelden håpar eg blir spesiell! :D

Sist vil eg trekke fram personar som har betydd noko spesielt dette skuleåret –

  • Aurore – utruleg hyggeleg Belgisk jente som eg tilbringa mine første månedar med i same hus
  • Regis – mange filosofiske samtalar, mykje “Friends” sjåing, mykje TV og andre kjekke ting :)
  • Tim – den mest reflektera og intelligente “unorske” personen eg har møtt, koseleg til tusen
  • Jon – som eg reisa saman med, ein god ven som har blitt ein bedre ven
  • John – flink, om enn rar lærar, fant tidlig ut at eg kunne alt de skulle lære meg (teknisk då :) )
  • Thomas – min partner i dei fleste prosjekta på skulen
  • Ein god del folk eg har gløymd – ja, eg har gløymd mange, jo fleir eg puttar på, jo fleir blir “lei” seg fordi eg ikkje nevna dei :)

Uansett, TUSEN TAKK FOR EIT HERLEG ÅR! – Takk til alle som har lest på sia, sjølv om ho har vært litt tynn i det siste. Eg er utruleg glad i dikon! :D

Uhm, diverse

Ingress… Den er veldeg vanskelig å skrive fordi det er eigentleg det einaste sporet av struktur i dette kaoset av ei heimeside.. Velvel, no vart ho skreven :) (Heile “artikkelen” er slik som dette)

Vel, eg har ikkje noko å gjøre så eg kan skrive litt (nå som eg ENDELEG er ferig med “Mitt livs lengste helg?” og “Dametekket?” :P Eg har ein tendens til og skrive “artiklane”(vet ikkje om dét er det beste ordet for tekstane) mine over fleire uker slik at eg glømmer det meste og har liten innlevelse, om noen i det heile tatt!

Nå skal eg iallfall prøve å skrive slik ting faller meg inn, skal ikkje skrive om ei spesiell uke eller dag heller bare rote ting litt til :P Er jo slik tekstane på sia burde vært, “tankar om denne uka” eller noe. Hehe, eg har seriøst lyst til å skrive sia på ny (kodane altså, de dere ikkje ser, men allikevel trenger ;) ). For dei som ikkje veit det så er heile hjemmesia mi dynamisk bygget i PHP (www.php.net, eit programmeringsspråk(skript)) og alt er skrive av meg sjølv.

Då var toppen av teksten skrevet, den som alltid forklarer litt :P Eg burde egentlig jobbe meir med ingressene, fordi de er alltid meget dårlige. Noko eg også må finne utav er kvisleis eg skriv “eigentleg”, “dårleg” osv på nynorsk. Eg er ikkje konsistent på dei orda fordi eg anar ikkje kvisleis eg skriv dei.

Aurore sover nå trur eg, derfor eg sitt her og skriv :P Normalt når ho er våken sitt eg inne hos hennar og snakkar, derfor eg ikkje får skrive så mykje som den fysste uka. Iris, den kinesiske studenten flyttet ut i går. Det var eit enormt bråk eg kom heim til. Iris hadde 2 kinesere på rommet og dei pakka for å dra. Doris (husverten) krevde 100 pund for neste uke, men Iris sa ho ikkje skulle bo her neste uke. Iris hadde ikkje gitt Doris 1 ukes varsel derfor måtte ho betale for neste uke også (står i kontrakten) noko Iris ikkje likte. Ho begynte å grine og det varte ei lang tid. Så sa Doris at ho ikkje ville ha kinesare meir og då grein Iris verkelig og sa ho elska landet sitt osv.

Det var lite hyggelig, då Aurore kom heim fortalte eg det til ho og me snakka ein god del om det over middag :) Siden eg ikkje fekk kontakt med nokon i klassen såg meg og Aurore film den kvelden. Det var veldig koselig, lenge siden me har gjort noko ana enn å snakka :P Ho har jo hatt besøk de siste helgane, fysst av den søte venninna hennar, Florence og så av kjæresten hennar Runo, som var ganske så hyggeleg (han måtte jo det, siden han var kjæresten til Aurore ;) ).

Ahh, i dag fann eg regntøy og eg klarte å finne noko til ein god pris óg -> 20pund ca 240kr. Eg såg May-Lis, Sisilie og Maksim etterpå. Hmm, eg er ganske lite fornøyd med klassesystemet, klassa mi er ikkje særlig interessant og eg ser nesten ikkje dei andre folka. Me har sjelden timer og fri på samme tidspunkt. Eg har faktisk høyrd “ryktar” om at nokon ikkje likar meg så godt i klassen fordi eg kan for mykje :P Eg kan allereie alt me blir lærd og i ein god del tilfelle kan eg meir enn læraren. Eg finn det litt rart at nokon mislikar meg for dét, eg er ingen arrogrant jævel heller.

I forrigår etter Aurore la seg satt eg meg ned og spelte tetris her i senga, klokka blei 1 då eg slutta. Litt overtrøtt starta eg og sjekke ut AVS motoren til Winamp (sånn plugin som gjør at du kan lage ting som beveger seg til musikk), eg laga ein 4 forskjellige Visualisations og la meg til å sove kl 3:30.. Ikkje bra :P Hmm, men eg laga nokon ganske stilige greier allikevel ;) Wow.. Kanskje eg skal bli proff musikk visualisation lager :P Er ganske enkelt kunst, men ligger ikke penger i det. Men eg er ganske imponert over meg sjølv faktisk her :P

Vel, eg tror eg må ta kvelden nå før eg blir så sein som sist! Må bare sjå litt på nokon av kunststykkane mine til bra musikk ;) (Akuratt nå: Tomas Ledin – Sommaren är kort).