Merkelapp-arkiv: Teit

Torsdagsterror

image

Av ein eller annan grunn legg absolutt alle absolutt alle ting på torsdagar. Eg hev ikkje peiling på kvar denne konspirasjonen oppstod, men han hev vara lengje.

Eg hugsar faktisk heil attende til ungdomsskulen at torsdagar alltid var problematiske av di det hende so mykje. Men i dag vonar eg at torsdagstyrraniet hev toppa seg og ikkje vert verre; for det er no på nye, uante høgder og det siste eg vil er at det skal halda fram slik.

So, kva skjer for meg på torsdagar 19-21? Lat meg lista upp:

* Teatersport
* BSI Dans
* BLUG-møte (bergen bsd og linux usergroup)
* Innebandy

Det er gale nok når **2** ting kræsjar, men 4!? Eg hev gjeve upp innebandyen, det er ingen vits når det må konkurrera saman med alt anna. Dessutan er eg like usportsleg som alltid diverre. Litt synd, for eg tykte det var sers moro.

Teatersporten kjem eg alltid på i byrjingi av semesteret, men so kjem den ekstreme reisingi mi brått på – og vips so er 3-4 veker gått.

BLUG-møte hev eg *aldri* vore på grunna det elendige tidspunktet dei hev konspirert saman med alt anna kjekt som hender.

So no i det siste so er det dansen eg hev prioritert. Diverre hev eg vore vekk frå han 2-3 gongar no av di eg hev vore anten i Oslo, Lysebotn eller Stavanger. Sers synd.

Elles vart eg interessert i BSI Wushu då eg traff leiaren og søkte rundt for å vera med, dette må jo verta bra. Kor tid gjeng det eg ville vera med på? Torsdag etter 19.

Sant og segja so hev eg _ein_ til fritidsaktivitet, og det er BSI segling – dei hev ting kvar dag – so det er enkelt å velja anna enn torsdag.

Er det ikkje berre tilfeldig då?
———————

Den er ganske enkel å svara på. Ser denne lista med fritidsaktivitetar tilfeldig ut:

* måndag: ingenting
* tysdag: ingenting
* onsdag: ingenting
* torsdag: **dans, BLUG, teatersport, innebandy, wushu**
* fredag: ingenting
* laurdag: ingenting
* sundag: ABSOLUTT INGENTING!!! Stygge sundag.

So, eg spyrr retorisk, ser det der tilfeldig ut for deg?

Nei, tenkte so.

Eg kallar det torsdagsterror.

SmiS sender òg nyhendeoppdateringi si på nynorsk(!)

I februar skreiv eg eit innlegg om at 2/3 viktuge studentaviser skreiv sakoppdateringseposten sin på nynorsk. I innlegget hadde eg fylgjande fotnote:

Orsak UiS, UiT og UiA, de hev verkeleg ingen høgprofilerte studentaviser… Dessutan trur eg ikkje dei hadde vore like kule som Studvest og Universitas som hev nynorskbrukande redaksjonsleiarar

Stavanger må seiast å vera den neste avisa på rangstigen som kannhenda ein dag kann verta litt viktug. Nett no har eg lese gjennom ho eit par gongar utan å vorte særleg imponert, men eg synast å sjå at ho vert stadig betre.

I dag fekk eg fylgjande epost:

Hei. Her kjem toppsakene i SmiS utgåve 11.
Med venleg helsing
Maria Gilje Torheim, nyhetsredaktør i SmiS (Studentmediene i Stavanger)

Og var ikkje det ei total yverrasking! Massiv kudoskred til SmiS for det.

Om namneval

Når eg fyrst pratar om UiS si studentavis, so burde eg nemna namnet. Dei burde absolutt byta namn til noko som ikkje er totalt mongo (SmiS? SmiS avis? WTF?). Hugin var ikkje eit namn å jubla for det heller, men kvifor eit so totalt inkjevetta namn når de fyrst byter? Universitas og Studvest har sers hendige namn. Under Dusken, ikkje so mykje. Greitt nok at dei er gamle og alt det der, men ukult namn og ikkje minst – veldig ukul og bokmålsk nyhendeoppdateringsepost.

Studentmedia i Stavanger AVIS. Ja. Det høyrast verkeleg bra ut. Skikkeleg proft. Skikkeleg interessant. Ikkje.

Namnet er vel truleg eit resultat av at dei slo seg saman med radioen og student-TV i Stavanger, og ville visa at dei no var felles. Men det er feilslege. Å kalla seg studentmedia i Stavanger er jo å ikkje gje seg eit namn i det heile teke.

«Kvar fann du ut det?»
«Studentmedia i Stavanger»
«Javel? So snill du er som gjer meg ein hekkans gruppe med svar. Dessutan heng svaret ditt i lause lufti. Spesifikt.»
«Studentmedia i Stavanger Avis»
«Hø? Kva er Stavanger Avis? Meiner du Stavanger Aftenblad? Og har studentmedia noko å segja der?»

OK. Den var veldig-veldig, ekstremt oppfunne og lite truverdig den samtalen. Likevel, SmiS er ikkje ein ting det er fleire. Og det er utruleg irriterande og lite snilt mot alle. I Bergen er studentradioen, BSTV og Studvest samla i Studentmedia i Bergen 1 utan at dei tok det som namn for avisa, radioen og TV-sendingane.

So, om namnet; ver so snill, få eit nytt eit.

Den nynorske nyhendeoppdateringseposten

Interessant nok so ser det ikkje ut til at Maria Gilje Torheim eigentleg skriv nynorsk. Iallfall ikkje i same epost. Ho kallar seg «nyhetsredaktør» (kva med «nyhenderedaktør» evt. «nyheitsredaktør»?), som eigentleg ikkje er noko stort, det kunne jo henda at det var tittelen som står på døra hennar.

Litt meir suspekt (om eg fær bruka eit so lada ord i ein slik fillesak :P) er det at ho har valt å skriva bokmål i artikkelen sin lengre nede i eposten.

Flere tilfeller av hærverk og tyveri i SiS sine boliger på Misjonsmarka ødelegger nattesøvnen for flere studenter. – Det er studentenes egen feil, sier SiS Bolig. Av Maria Gilje Torheim

Kvifor? Eg finn det litt rart.

Kannhenda ho òg har merka at båe Universitas og Studvest sender sine epostar på nynorsk? Dei er jo båe tvo aviser å sjå opp til. 2

Same kva, kult er det! :D

Kva trur de? :-)

  1. Eg likar ikkje «Studentmedia i Bergen» av di dei kopierte forkortingi me har brukt Studentmållaget i Bergen (SmiB) i fleire tiår. []
  2. Under dusken er, igjen, ikkje kul nok til å vera med i gjengen. []

Rebecca drog

No var ho lei og flytta inn hjå besteforeldri hennar. Sjokkerande nyhende. Eigentleg ikkje so mykje. Eg prøvde vel eigentleg berre sjokkera. Ho kjem attende um tvo dagar, altso på torsdag. Eg ser ikkje mykje til ho på tysdagar og onsdagar lell, men det er koseleg å treffa ho når eg kjem heim på kvelden og å sjå ho dra på morgonen. Men no ville ho hengja litt med besteforeldri sine i Asker, og det er jo koseleg det.

Det er litt teit at me umtrent ikkje ser einannan desse dagane. Eg er på sentralstyremøte i abbr title=‘Norsk Målungdom’>NMU på tysdagen, dagen etter på ringjert. På dagen er ho på Universitetet, medan eg jobber stort sett med Universitetsting (eller surfar verdsveven) heime. Når ho kjem heim er eg på fart ut.

Det er få helger (kvifor heiter det «helgar» i offisiell nynorsk, det er jo «ei helg»?) utan NMU-ting, og det skjer ofte at fleire av vekedagane òg er fylt upp med målemne. Faktisk viste Rebecca meg skræmande statistikk; dei siste 14 dagane hadde eg vore heime ein heil kveld 3 gongar. 79% vekk på kvelden altso.

Det var altso Rebecca sin tur til å draga litt vekk no. Dessutan er jo tysdag og onsdag dagar eg er vekk for det meste, so det skal nok ganga bra. Vert moro å sjå ho att, etter ho hev vore på ferie i Asker :p

«10% dyrare alkohol»? Nei! «30% billigare sjokolade»!

Attende i heimen hev eg (ufrivillig) tilgang til media heile tidi att. I dag hev den store nyhenda vore eit utval som skal sjå på seravgiftene i Noreg. Dei hev funni ut at dei vil taka vekk sjokoladeavgifta; men likevel hev alle media eg hev fengje med meg i dag fokusert negativt, og nokre slengt på det positive lengst nede i ingressen.

Ein annan irriterande ting er jo at dette er del av den ekstreme alkoholfokuseringi som er. «Å neeei! Dyrare alkohol, barn i Afrika vil døøøøy!!! Dette er jo verre enn AIDS og SARS lagt i saman!!». Nettopp. Kjeempeviktig.

Media hev ei viktig oppgåve; og eg trur ikkje den oppgåva er å fokusera på det negative heile tidi. Jadå, dei kann prøva å lura seg sjølve (oss òg) med at dei er «granskande og kritiske»; men omtrent alt er berre reinspikka tull. Det meste ein fær vita via media trengte ein ikkje vita i det heile teke. Det er røyk og ljos, det er tull og tøys. Eg hev slutta fylgja med, ikkje av di eg eigentleg gjekk stort inn for det; men eg kjenner eg fær større og større avsky for media. Det finst framleis flinke folk att, men mykje hev vorte sterkt tabloidisert. Det er eg mot. Me treng ikkje all den teite negative fokuseringi. Me treng ikkje verta skremd.

TV-tal og opinion viser diverre ei anna røynd; og det er ikkje rart. Eg forstår jo folk som synest det er kjekt å sjå all verdas elende; eg forstår at det kann vera enkelt å seia «faen ta politikarane, dei gjer jo ikkje ein skikkeleg jobb; her spring kriminelle rundt og gjer meir og meir». Eg stoler ikkje på media for å fortelja meg korleis verdi er. Det viser seg at media stadig teikner mørke bilete. Gjeng drapsstatistikken ned? Lever folk godt? Då må dei finna noko negativt å fokusera på; aah, kriminaliteten er berre litt lågare enn fyrr – noko dei illustrerer med digre yverskrifter som syner at det aldri hev vore meir vondt enn no.

Kvifor er litt dyrare alkohol viktigare enn mykje billigare sjokolade?

So kvifor inn i hampen valde media å fokusera på den dyrare alkoholen? Av di det er ei negativ vinkling. Og det er so utruleg mongo at eg fær nok. Sjølv synest eg jo resultatet er kjempebra, eg vil gjerne hava alkoholforbod i Noreg (det hadde vore noko!), so det er berre bra um prisen gjeng upp. Likevel er vinklingi negativ; medan «30% billigare sjokolade» er positiv vinkling trass i at eg ikkje er so glad i sjokolade.

NTB såg ut til å gjera ein god jobb

Forresten, fyrste gong eg las denne nyhenda var på flyplassen i dag tidleg: der leverte NTB nyhende – der stod notisen i denne rekkefylgja: «Weey, 30% av sjokolade! blablabla. Det er òg forslag um 10% auke på alkohol». So eg laug litt. Det morosame er at dei fleste sikkert fekk nyhenda frå NTB, og dei valde å stokka om på prioriteringi.

For negativ fokusering skadar eit samfunn. Media burde vera mykje meir forsiktig med kva dei fokuserer på. Er 90% kjempebra i eit lite samfunn, men ein liten mafia fær alle til å fokusera på dei 10 prosentane som ikkje er, kann du stola på at ting vert verre. Folk mister motet av ingen god grunn: «eg høyrer jo berre vonde nyhende, då lever me altso i ei 100% jævleg verd».

Humm. Trøytt og vond. Eg skal prøva å ikkje gjera det til vane å meina so mykje um ting som hender i media. Det er so tradisjonelt bloggete