Merkelapp-arkiv: Teite meg

STK1000: «Ikkje møtt til eksamen»

Til: studieinfo@math.uio.no
Emne: STK1000: «Ikkje møtt til eksamen»

Hei,

eg dreit grundig på leggen og skreiv upp 4. desember (wtf!?) for STK1000-eksamen i boki mi. Difor kom eg forståeleg nok ikkje på eksamen, men brukte tidi på å slita ned dei fyrste exphil-ordi som må inn i morgon. No må eg melda meg upp for 3. gong, men denne gongen kom eg iallfall til eksamen (det letter vel framtidige uppmeldingar). Eg sleit meg ikkje gjennom STK1000 for å sleppa 3 timar på slutten av året.

Soooooo, kva gjer eg utanum å riva ut håret eg ikkje hev og grina krokodilletåror eg er totalt feil art til å grina?


Beste helsing,
Odin Hørthe Omdal
http://www.velmont.net

PS: Eg ser no at min «denne gongen kom eg iallfall til eksamen» kann mistolkast. Eg meiner sjølvsagt eg kom so langt som til eksamen, og ikkje melde meg av fyrr den tid.

Eg er kasta ut av universitetet

Ja, so kom det til det; eg er kasta ut. Sist semester gløymde eg å søkja um stipend og lån, so det fekk eg ikkje. I år hugsa eg stipend og lån; men fær det ikkje av di eg gløymde å gjelda semesteravgifti. So dei 50 studiepoenga eg skulle taka dette semesteret fær eg ikkje taka. Eg vil truleg fylgja kul undervisning lell, men det vert ein teit utsetjing for meg.

Søknad

Eg søkte um å få verta teken upp som student lell, men dama eg leverte det til var særs skeptisk. Grunnen min var at eg gløymde det. Eg trudde eg hadde sett semesteravgifti upp til forfall i banken. Det hadde eg ikkje gjort. Teit.

Jobb

So eg hev lite pengar, båe for førre semester og dette semesteret. Eg må plutseleg betala inn-i-helvettes-mykje for å taka tbanen og mistar alle andre fordeler med å vera student. Ikkje berre mistar eg stipend og lån, men eg må jo sørenmeg betala meir for alt! Det er jo totalt mongo.

Menmen, det er ikkje eit digert problem, berre litt irriterande. Eg fær jobba meir med firma mitt dette semesteret, so lengje eg fær nok uppdrag. Det gler eg meg eigentleg til… Hell i uhell ;-)