Merkelapp-arkiv: Test

Lagde ein video på sundag

Eg og Helene var i mathallen på sundag. Eg tok litt video.

Då eg kom heim ville eg setja det saman til ein video, og fekk igjen oppleva kor ekstremt elendig all videoredigeringsprogramvare er på Linux. Diverre gjer det at eg er utruleg lite glad i videoredigering lengre, der eg før elska det og tykte det var kjempemoro. No er det berre eit jækla mas og eg fær aldri laga noko fordi alt er so tungvindt, treigt og ubrukeleg.

Heldigvis er det kjekt å ha klypt saman ein video att då. Diverre innbyr ikkje verktya mine til gjentaking med det fyrste :-)

Sundagsmat, på mathallen, last ned: 480p (9 MB), 1080p (62 MB). Musikk er CC-BY-SA Tryad (placid island), det var forresten ikkje musikken eg hadde tenkt, men lasta ned feil, so jaja. Videoen er CC-BY-SA Odin då, sidan eg må shara alike no :P

Svelor på Fjord1, omatt

Som nokon av de truleg fekk med dykk, so fekk eg svar frå to båtar om oppskriften dei brukte på svelone sine. Det var interessant å sjå at her var store forskjellar på ferde.

Då eg tok kystbussen ned førre fredag la eg merke til noko totalt annleis enn det eg hadde erfart fyrr; hordalandssvelene var dårlege, tørre og med lite smørkrem, medan Arsvågen–Mortavika-sambandet serverte dei beste svelene nokon gong. Ja, eg snakkar Sogn og Fjordane-kvalitet!

Masse utruleg god smørekrem, med god tygg i og ikkje for «feittete» smak. Eg vart sjølvsagt riven av stolen, og lurte so smått på; hadde dette noko med innlegget eg skreiv tidlegare? Eg kunne i minsto tru at det hadde litt med saki å gjera og vart stornøgd. Sjølvsagt dumt at Hordaland er sopass vaklande framleis, men Rogaland såg ut til å ha fiksa eitkvart.

Men! So sit eg altso på veg til Arsvågen og attende til Bergen; og korleis er svela? Heilt annleis. Verkeleg totalt annleis, dette er ei radikalt forskjelleg oppskrift. Smørkremen er utruleg sparsomt putta på, han er veldig «smørete» og tung, det er elles lite tygg i han (grovhakka sukker). Svela er relativt innskrumpa, kompakt og sveitt.

Ein ting skal dei likevel ha; dei er ikkje for hardt stekt, eg hatar alt for stekte sveler, dei skal ikkje sjå ut som om dei har sovna i solariet og smaka dertil. Alt i alt minner dei altso om dei 8-pakke-lappone som seljast innpakka i plastikk på butikkar i Stavanger. Lite luft, smakar ein dag gamle, ja, rett og slett forferdelege.

Det skal segjast at eg er for rein gourmetkritikar å rekna når det gjeld sveler. Eg hev ete sveler for ei liti formue og kvar gong det er mogleg å kjøpa ei svele (eller «lappe» som det heiter i heimfylket) so gjer eg det. Eg har truleg brukt ein større del av studielånet 1 på Fjord1-sveler. Difor hev eg sterke meiningar her, men dei må reknast relativt; sjølv det verste Fjord1 hev klart å stella i stand hev likevel alltid vore av god etande kvalitet.

So, svelone, kva skjedde? Frå best med topplassering på fredag og so rett attende til verstingplasseringi no i dag!?

Eg trur dette er litt meir komplisert enn uppdelingi eg hev bruka. Eg la merke til at dei Fjord1-tilsette var uppteken av kva båt dei var på meir enn kva samband det var 2 . Det må sjølvsagt vera slik det heng saman, det er på båtnivå me må rekna forskjellar. For min del har ikkje båtane vore særleg interessante i seg sjølv, men kva rute dei køyrer, men eg hev nok teke heilt feil.

So hypotesen om at kor mykje nynorsk det er i fylket speler inn på kor gode svelene er, held nok ikkje vatn. Det må nesten gå på kor nynorske dei som lagar svelone på båten er. Då er det ikkje rart det er so mykje svingning i Rogaland og Hordaland, medan det er botnsolid gode resultat i Sogn og Fjordane 3.

Nett no sit eg på MS Stavangerfjord, viss eg ikkje hugsar feil so er det MS Mastrafjord som er den andre båten her. Viss båten eg tok på fredag var den andre, gjeld altso dette Arsvågen–Mortavika:

  • MS Mastrafjord lagar (veldig) bra sveler

  • MS Stavangerfjord gjer ikkje

Det vert interessant å koma opp til Sandviksvågsbåtane og sjå kva for ein båt eg treff der. Vonleg ei med gode sveler. Eg skal finna ut kva båt eg tok sist, som altso var bob-bob minus.

Men ingen plassar er altso skiljet større enn i Rogaland; pass på kva båt du tek!

  1. eufemisme for forbrukslån med gode vilkår, eg mista nett lån og stiped av di eg oppgav til lånekassa at eg ikkje ville taka studiepoeng fyrr neste halvår. []
  2. og lat meg segja kor fantastisk kult dei to tilsette fær Fjord1 til å framstå! Gulljobb gutar, massiv respekt og godhug til dykk og arbeidsplassen dykkar! []
  3. rett nok hev eg berre 4-5 sveleerfaringar i SF, so datagrunnlaget er slett ikkje imponerande []

Test av kameraljod (videoklypp)

Egil skreiv han ville høyra meir om kva eg dreiv med. So sidan eg øvde meg på å setja upp utstyr kjapt no, og so tok ein bitteliten videosnutt for å testa kva kameramik eg burde bruka som backup til videosendingi eg skal gjera i morgon, tenkte eg at eg like godt kunne leggja han ut.

So, her er han altso. Ein test på ljoden frå dei to kompaktkamerai eg tek med meg til Oslo.

Og so må alle saman sjå på møtet eg skal kringkasta i morgon, om kvalitet i helsevesenet.

Vi som pasienter har rett til å velge behandlingssted. Men det er svært begrenset hva vi får vite om kvaliteten før valget tas. Bedre IT-løsninger kan bidra til å samle inn og presentere kvalitetsdata slik at pasientene faktisk kan ta informerte valg. Ikke minst kan tilbakemeldinger på nett gi oss langt bedre kjennskap til hva andre pasienter synes om de ulike behandlingsstedene.

Du kann fylgja det på KXG, og gjerne bruk prateboksen slik at han fær litt testing. Treng det, nemleg.

http://kxg.no/arrangement/kvalitet-i-helsevesenet-hva-skal-vi-f%C3%A5-vite

wxBanker

Det er på tide å finna ut kvar pengane forsvinn. Sist år sette eg upp eit rekneskap, men det gjekk ikkje lange tidi fyrr eg stogga uppdatera det. Eg skulder på at programmet var for dårleg, so i dag hev eg testa eit nytt eit: wxBanker.

wxBanker er fyrste program eg tester av eit par. Andre program eg kannhenda gidd testa er:

Det finst eit drøss fleire, men eg trur ikkje eg gidd testa meir. Det er desse her som tiltalar meg mest. Viss ingen av dei er gode nok so byrjar eg på KDE-programma (det finst to store «skrivebordsmiljø» til Linux, GNOME og KDE).

So til sjølve «testen».

Dette programmet verkar mykje enklare enn dei andre eg hev prøvd. Berre skriv inn det du ynskjer. Dessutan hev han eit litt fleksibelt CSV-importeringsverkty, men eg måtte gjera ein del endringar i programmet for at det skulle taka Skandiabanken sine kontoutskriftar. Litt minus der.

Elles er programmet sopass enkelt at eg kann sjå for meg å bruka det. Enno betre er det at det lagrar all informasjonen sin i ei SQLite-database, so det er ekstremt enkelt for meg å uppdatera med nye transaksjoner sjølv utanfyre programmet. Her er t.d. korleis eg kann gjera det direkte frå kommandolina i Ubuntu:

echo "INSERT INTO 'transactions' VALUES
(NULL, 2, 159.0, 'Ljosstoffrøyr', '2010-01-27');" \
| sqlite3 .wxbanker/bank.db

Og det er alt! Med andre ord kann eg gjera det superenkelt for meg sjølv å skriva inn nye uppdrag. Eg kann tilogmed ha fili på ein tenar, og so skriva eit lite web-API for å uppdatera ho. På den måten kann eg lett ha ein liten boks på telefonen min der eg kann skriva inn nye ting eg brukar pengar på.

Hendig!

Programmet er veldig enkelt, og difor likte eg det. Men det hev ikkje kategoriar, so eg kann ikkje segja um noko er «mat» elder «bil» som igjen høyrer til i «transport». Difor er nok programmet litt for enkelt for meg. Eg likar godt grafene det lagar då, men eg hadde jo laga det same i nokre skript eg brukte i gamle dagar.

Nei, wxbanker er alt for enkelt for mitt bruk. Eg treng noko meir avansert.