Merkelapp-arkiv: Tid

Medlemsregister til Norsk Målungdom

På landsmøtet til NMU 2007 i Trondheim starta eg på eit nytt medlemsregister. Tidleg i 2012 vart eg spurt kor tid det lang-venta registeret endeleg skulle i drift. Eg sa januar 2013, og slik vart det.

Eg starta på det fyrste registeret på landsmøtet fordi me var i fare for å kjøpa noko dyre greier som ville kosta oss fleire tusen i året. Pengar fattig-NMU ikkje hadde råd til å bruka. Registerkjøpet vart avverga, noko grunna mitt eindags-register og mest grunna Ola (dåverande skrivar) sine ord om at han kunne fiksa det gamle Access-registeret til å ha høgare medlemspengesats for gamlingar.

Eg hacka litt vidare på registeret, men stoppa meir eller mindre opp då Ola fekk fiksa Access-registeret. Den umiddelbare fara var over.

DSC_0788-medlemssys

Jarle, ein god ven og lang organisasjonskamerat, hadde rundt den tida gått inn i Miljøpartiet dei Grøne, med det seg fore å rusta opp organisasjonen. Han trong ein medlemsregister. Eg trur ikkje han baserte noko av den koden på min, men han brukte iallfall CakePHP, det same rammeverket eg hadde brukt for det eg jobba med. Å kunne jobba saman på eit register høyrtest bra og smart ut. Det var lengje planen min.

Men MDG byta system, og rundt den same tida jobba eg i Nei til EU, der eg fekk høve til å læra meg Django då eg skreiv eit  landsmøtesystem for dei. Diverre vart det berre brukt éin gong. Det er friprog, so fleire kunne ta det i bruk, men kor tid skulle det liksom skje? No ligg det ikkje ute lengre heller trur eg :-) Men eg fekk i minsto lært meg Django!

So omtrent på same tida starta eg på botnen att med eit nytt medlemsregister til NMU. Den fyrste innsjekket i Git gjorde eg 5. oktober 2009. På det tidspunktet hadde allereie registeret masse funksjonalitet, t.d. OCR-fil og KID-støtte. Dessutan klarte det å lesa inn dato frå det gamle Access-registeret.

Men det mangla ekte giro-utskrivning for dei som ikkje tok imot epostane våre.

Eg jobba av-og-på med dette registeret, utan å eigentleg seia det til stort mange. Eg la til CSV og PDF-skriving tidleg april 2010. Mot slutten av månaden vart eg spurt av Jarle om dette her med medlemsregister. MDG hadde byta, men UHN, Ungdom for Human Narkotikapolitikk, hadde nett vore stifta og trong eit register. Eg sa eg hadde eit, men det var ubrukeleg tidleg i utviklingsfasa. Eg sette opp ein prøve til dei 11. april 2010.

So høyrde eg ikkje meir før nesten eit år seinare. Eg hadde oppgradert serveren og CSV-eksportering hadde slutta å fungera. UHN hadde faktisk brukt prøvesystemet mitt utan at eg visste det. Dei var tilogmed nøgde, og ynska eigentleg berre litt betre epost-handtering. So eg la til det.

Dei neste to åri er omtrent berre småfiks. PDF-skrivinga var framleis ikkje brukbar fordi han berre skreiv ut namn og adresse på ark, utan noko meir info. Det hadde teke ein time å fiksa det, men det gjorde eg ikkje. Eg la til saman fleirfoldige timar inn i allslags anna småpirk.

Då eg la til lokallagsovervaking byrja ting å verta ganske so hendig. Lokallagsleiarar kunne setja seg opp å få i epost alle endringar i registeret som handla om medlemane kopla til lokallaget deira. Det laga eg sidan eg tykte det var veldig nyttig då eg sjølv var lokallagsleiar i Studentmållaget i Bergen. Ein epost i veka (dersom det var noko nytt), fullt oppdatert på nye medlem og tilflyttingar.

Ein annan hendig funksjon var mobil-søk. Skriv inn namn og få opp for kva år medlemen har betalt. Veldig greit når du sel is for Isrosa som har gratis is for alle NMU-medlem.

Git-lageret har meir og meir innsjekkingar jo nærare årskiftet 2012-2013 du kjem, og etter er det ganske mykje kodeendring på gang.

I dag fiksa eg endeleg den PDF-genereringi som eg skreiv omtrent på starten av denne versjonen av medlemsregisteret, og som alltid var den største vegblokken for å setja systemet i drift.

DSC_0787-giroar

Det tok som venta veldig liten tid, men å få det til å sjå fint ut og aligna med OCR Nets-standard tok litt fikling. Men no er han her, og vonleg so kan me senda ut medlemspengegiroar for NMU på epost og papir innan ei veke. :-)

Rebecca drog

No var ho lei og flytta inn hjå besteforeldri hennar. Sjokkerande nyhende. Eigentleg ikkje so mykje. Eg prøvde vel eigentleg berre sjokkera. Ho kjem attende um tvo dagar, altso på torsdag. Eg ser ikkje mykje til ho på tysdagar og onsdagar lell, men det er koseleg å treffa ho når eg kjem heim på kvelden og å sjå ho dra på morgonen. Men no ville ho hengja litt med besteforeldri sine i Asker, og det er jo koseleg det.

Det er litt teit at me umtrent ikkje ser einannan desse dagane. Eg er på sentralstyremøte i abbr title=‘Norsk Målungdom’>NMU på tysdagen, dagen etter på ringjert. På dagen er ho på Universitetet, medan eg jobber stort sett med Universitetsting (eller surfar verdsveven) heime. Når ho kjem heim er eg på fart ut.

Det er få helger (kvifor heiter det «helgar» i offisiell nynorsk, det er jo «ei helg»?) utan NMU-ting, og det skjer ofte at fleire av vekedagane òg er fylt upp med målemne. Faktisk viste Rebecca meg skræmande statistikk; dei siste 14 dagane hadde eg vore heime ein heil kveld 3 gongar. 79% vekk på kvelden altso.

Det var altso Rebecca sin tur til å draga litt vekk no. Dessutan er jo tysdag og onsdag dagar eg er vekk for det meste, so det skal nok ganga bra. Vert moro å sjå ho att, etter ho hev vore på ferie i Asker :p

Sjuke tider me lever i, helgi er ikkje lengre kva ho var

Eg hev seti konsentrert å jobba dei siste 6 timane. So kom eg plutseleg på ein ting; hekkan, det er jo måndag i dag! Eg fekk ikkje mild panikk og gjekk ikkje rett og la meg. Eg syntest heller ikkje helga var kort. Heller ikkje synest eg det var vanskeleg med masse «ikkje» strødd rundt i setningane. Men so kjem poenget, ja, for det er eit poeng, og det er at, hekkan so mange komma, det er. Hum. Eg kom utav det.

I dag er ikkje måndag! Eg hev ikkje ugunstig mange forelesingar i morgon. I dag er det nemleg laurdag. Laurdag av ein eller annan rar grunn, eg kann ikkje forstå korleis det framleis kann vera helg. Det rare er at helga nett starta òg, er berre 04:30 timar inn i helgi. Dette er heilt sjukt. Menmen, det fær no vera so. Betre tid til fristen for Universitas.

Mitt beste år, nokon sinne!

I morgon reisar me heim, Oxford gruppa. Det blir ein dag med blanda følelsar vil eg tru. Me drar frå ein plass kor me, iallfall eg har hatt nokon av mine beste tidar. Året i Oxford er noko eg aldri vil glemme, og alltid huske som eit godt år.

Ein faktor eg vil trekke ganske tidleg fram i denne artikkelen er sitasjonen eg har vært i den siste måneda. Både laptop såvel som kamera blei ødelagd på turen min til Frankriket. Det var ein sår dag – eller det var vel eigentleg to. Eg klarte også og miste mange av dei fine bileta eg hadde tatt. Det falt meg enormt tungt – men eg er over det no. Kom ikkje på det før eg hadde skrive dei fysste setningane.

Uansett så har dette ein god del med mine opplevelsar og gjøre – SPESIELT kva som står her på sia. Skulen er inga plass å skrive, fordi alt eg skriv her blir keisamnt og dårleg. – Det finnes også fleire måtar å skrive på for meg, og dei gangane når eg bare er så sykt glad at eg må få det ned er de gangane det blir best tekstar :) – Ofte surrar også tankar i houvudet på med, der eg “skriv” i tankane. Setter eg meg så rett ned på laptopen har eg ein god tekst sånn heilt utan vidare.

Nå skriv eg imidlertid fordi eg følar eg må. Utan laptopen så har eg ikkje skrive noko interessant – og utan kameraet har eg sett endeløst mange interessante motiv. Men sjølv om eg ikkje har skreve noko, eller tatt bilder så har den siste måneda vært UTRULEG kjekk og EKSTREMT innhaldsrik! :D – Ting eg ikkje har fortald om er f.eks “Oxford University Computer Society”‘s 25års jubileum, Thomas og Elisabeth’s bursdag, turen til frankriket, påskeferia og mange andre episodar som eg sikkert allereie har gløymd. Alle dei saftige detaljane er iallfall vekk – og eg er lei meg fordi eg ikkje fekk skrive nokon av dei ned.

Livet her i Oxford har vært ubeskrivelig morro og eg klarar ikkje utrykke kor glad eg er inni meg – dét klarar eg ikkje på skulen. Eg elskar livet mitt, kvar dag er utruleg innhaldsrik, og idag har me avslutningsfesten. – Dét å gå ut er ein jo godt vant med nå, men denne kvelden håpar eg blir spesiell! :D

Sist vil eg trekke fram personar som har betydd noko spesielt dette skuleåret –

  • Aurore – utruleg hyggeleg Belgisk jente som eg tilbringa mine første månedar med i same hus
  • Regis – mange filosofiske samtalar, mykje “Friends” sjåing, mykje TV og andre kjekke ting :)
  • Tim – den mest reflektera og intelligente “unorske” personen eg har møtt, koseleg til tusen
  • Jon – som eg reisa saman med, ein god ven som har blitt ein bedre ven
  • John – flink, om enn rar lærar, fant tidlig ut at eg kunne alt de skulle lære meg (teknisk då :) )
  • Thomas – min partner i dei fleste prosjekta på skulen
  • Ein god del folk eg har gløymd – ja, eg har gløymd mange, jo fleir eg puttar på, jo fleir blir “lei” seg fordi eg ikkje nevna dei :)

Uansett, TUSEN TAKK FOR EIT HERLEG ÅR! – Takk til alle som har lest på sia, sjølv om ho har vært litt tynn i det siste. Eg er utruleg glad i dikon! :D

Så mistar eg litt da

Eg er eit forstyrra menneske. Inga tvil. Forstyrra av smått, men óg litt større. Nå sist er det miste evna mi som forstyrrer. Ja, for eg har mista ting. Ikkje i eintall nei, eg har mista ein god del.

“Du ær distré?” utrykka ei søt jente eg traff på bussen i fra Stansted. Eg hadde fortalt ho om min Noregs tur. Distré, det har eg høyrd heile livet. Men eg trudde det hadde forsvunne. Eg følar ikkje eg er distré her nede. Lagar eg ei liste av ting som kan tyde på distréhet er det lettare å se om det fins grunnlag nok til å bevise at eg enno er distré.

Nå huskar eg ikkje alt eg har mista sånn i farta. Eg tar det slik eg kommer på det. – Etter eg hadde kjøpt sykkel måtte eg kjøpe lykter. Først 2. Men så mista eg ei. Så måtte eg kjøpe ei ny lykt. Men så mista eg den andre, enno ei ny lykt. Gjekk nokon ukar, så mista eg begge. Nå for fem dagar siden mista eg begge på ny. Eg har enno ikkje kjøpt nye no. Så i alt 6 lyktar har eg kjøpt – alle har eg mista.

Så luar. Eg kom ned med ei lue eg likte veldeg godt. Eg hadde kjøpt ho sjølv, ikkje rart eg likte ho. Niklas likte ho også – eg skulle gje ho til Niklas i julegave. Men eg mista ho. Så kjøpte eg ei ny. Den var ikkje god – så då ynsja eg meg ei lue til Jul. Dét fekk eg. Den var god, eg likte den lua. Men eg mista ho. Dagen etter mista eg den andre lua som ikkje var så god. Så eg har mista 3 luar. På dette tidspunktet frys øyrane mine. Inga lue.

Skjerf er også bra å ha. Eg mista det svarte ganske raskt. Hjemme til jul henta eg eit nytt – blått. Nokon ukar seinare fann eg det ikkje. Eg frøys. Kjøpte eit nytt skjerf ganske spontant. Men weekendturen min til Noreg kosta eit skjerf. Eg har altså mista 3 skjerf.

Eg er flink til å passe på hanskar. Eg har mista dei fleire gangar – men funne dei nokon dagar etter. Weekend turen til Noreg kosta ikkje bare skjerf, men også hanskar. Eit fantastisk bra par eg fekk av min kjære Morfar. Eg likte ikkje at eg mista dei. Dei hadde ein spesiell verdi for meg. Hanskane var óg dei beste eg har eid i mitt liv. Eg har mista mange hanskar, men inga med den kvaliteten. Så eg har bare mista eit par hanskar – men de var spesielt gode.

Mamma liker ikkje at eg mistar jakkar. Når me dro til England for fysste gong mista eg ei. Dyr gore-tex kvalitet. Eg mista ikkje fòret, det har eg brukt som jakke sida. Eg kjøpte eit regntøy sett billig for å ha litt beskyttelse. Eg trengte regntøy óg fordi eg blir så skitten av å sykle i alle pyttane. Uansett har eg her i England mista ei jakke.

Eg er ganske glad. Heldig har eg vært då eg fleire gangar har mista viktige ting for å så finne dei igjen. Eg skal ikkje skrive om dei. Men det er ikkje bare fysiske ting ein mistar som tél. Det er andre ting eg ikkje har roen på. Eg likar og reise, men er plagsomt at eg alltid får ein god del problemar reisedagen. Då eg skulle til England fysste gang gløymde eg jakka og lua mi. Hadde óg små problemar med passet, men huskar ikkje kva. Samme tur mista eg óg som sagt jakka. Då me hadde landa fann eg ut at eg hadde mista billettane mine tilbake til Noreg. Men eg sprang tilbake til flyet og fann dei. Eg fekk imidlertid eit nytt problem. Eg var låst inne i gate’en. Eg fann ut av det heldegvis.

For nokon månar sia var eg med på Disneyland tur. Då sov eg ein time for lenge. Med enorm fart sykla eg mot byen. Læraren ringa, dei kunne vente fem minutt – eg var 10 minutt unna. Eg sa ikkje det. Etter fem minutt ringa dei igjen. “Rett rundt hjørnet”, ein kvit lygn. Eg kom fram. Flau. Men det var ikkje alt. Eg hadde gløymd passet. Resten av trinnet dro mens eg sto igjen og blei ledd av. “Eg drar uansett, eg. Ska visa de…”. Kosta masse penger å ta fly osv sånn spontant. Sover ein litt ekstra blir prislappen deretter.

Ukar seinare. Weekend-tur til Noreg. Rakk bussen såvidt. Gjekk på do akuratt då flyet hadde “departure time”. Flyet var for seint. Allikevel var det skummelt. Resten gjekk rimelig greit, eg har lært litt av tidligare turar. – Då eg skulle tilbake fann eg ikkje passet. Eg stressa mykje med det. Eit knapt minutt før eg hadde kjøpt nytt pass for 800,- fann eg det med ein tilfeldigheit. Dét var skummelt. Siden den opplevinga 6 dagar sia har det ikkje skjedd noko utenom to mista lyktar.

Distré? Eg??