Merkelapp-arkiv: Tidsfordriv

Hekkan ta Stavanger Aftenblad

Hekkans Stavanger Aftenblad! Eg kom heim seint etter ein lang dag, stappfull av engasjement og tiltakslyst. Hum. Aftenbladet ligg i postkassa. To timar seinare er eg ferdig med den hekkans enorme avisa; og no er det for lengst leggjetid. AKK! Men eg likar han jo utruleg godt på ein måte òg, sjølv om eg brukar alt for mykje tid på avislesing.