Merkelapp-arkiv: Tog

Tidleg uppe i dag

Eg hadde ein avtale med jarle i dag kl 8 på jernbanestasjonen, det fekk visst ikkje NSB med seg sidan dei fann det for godt å vera 2 timar forseinka. :)

Toget skal koma 9.20 no.

Framleis flott ver i Stavanger, kann godt forstå kvifor nattoget frå Oslo hadde problem når me hev so mykje snjo i denne snjofattige delen av landet. Kann berre undrast yver kor ekstreme mengder det kannhenda er annanstads då!

uppdatert: tja, utsett til 9.37 no. Snork

Karaoke på nattoget til Bergen!

Eg sit på nattoget og er i eit heilt ekstremt supert humør. Det er ikkje yverdriving ein gong (noko eg ofte gjer, orsak)! Fyrst tvo episoder Ugly Betty (wey!) og so KARAOKENATTOGET!

Fyrr alle vert mongosinte på meg for å gjera noko so ukristeleg på eit nattog so må eg få segja at eg ikkje syng ut høgt og at eg hev øyreklokkor på. Men eg legg ikkje sjul på at eg so gjerne, so gjerne, so gjerne skulle ha synge ut HØGT OG KLÅRT.

I dag fekk eg høyra «Skal du taka nattoget, åjavel, men det er vel greitt – då fær du sova!». Eg var sjølvsagt rask til å forklara denne personen at, nei, slik er det ikkje. Alle som hev lese netsida mi ei stund veit kva eg meiner um dette, men eg likar so godt å segja det, so eg svara altso;
«På nattoget sit du oppe heile natta i eit lite sete, du søv ikkje, det er difor det heiter nattog og ikkje sovetog
Det er nett difor mi nye oppdaging er so herleg!

Den ekstraordinært urolege dansingi mi i setet, er vel ei slags kompensasjon. Diverre trur eg dét óg er irriterande for folk. Spesielt tastaturknastingi mi òg no. Eg er so hyper og hev funni ut at karaoke er so vegen å ganga. Eg hev gaula ljodlaust ut mellom andre dei fylgjande låtane:

  • Phantom of the Opera – Music of the Night
  • Brecht – Mack the Knife
  • Maroon 5 – This Love
  • Cat Stevens – Oh Very Young
  • Akon – Lonely
  • Waltzing Matilda
  • Up Where We Belong (Love Lift Us Up)
  • You Are My Sunshine (My Only Sunshine)
  • Metallica – Hero of the Day

Det er veldig underhaldande. Eg kann ikkje forstå at eg ikkje innsåg kor ekstremt bra dette hadde vore alle dei andre gongane eg hev teke nattoget.

Åh. Eg er heilt i skyone. Svevande, slik so mange andre menneskje. Men no kjenner eg det i meg – ikkje slikt klissete metaforisk. Hoho.

Vel, folk rundt meg er sinte på snart 3 timar med irritering frå mi sida. So eg sluttar å syngja, sluttar å skriva og sluttar sitja på maskini mi. Åvel. Kva skal eg no?

Sova!?

Keisamt å reisa åleina?

Mamma sa alltid det er dritkeisamt å reisa åleina. Eg hev alltid villa reisa åleina; kannhenda ikkje so mykje for å vera åleina – men mest av di andre ikkje vil der eg vil. So viss ingen andre hev sterkt ynskje um å vera med so vil eg helder reisa åleina enn å ikkje reisa i det heile teke.

For ei god tid sidan (eg var vel ~14–15) reiste meg og Buster 14 dagar åleina i Danmark. Det var kjempekos. Me sykla heile vegen. Likevel var det ikkje alltid slik at me skulle sykla; eigentleg skulle nokon andre vera med. Då dei plutseleg ikkje kunne lengre var eg vonbroten—eg ville reisa same kva. Dette fekk eg ikkje lov til. Heldigvis hadde min tøffe fetter Jens Buster lyst. Veldig bra.

So. Kva no? Jo, eg vitja Helene i Danmark, ho er i Århus og hev eksamen der. Etter eg endeleg hadde fengje sett ho att (det var godt! :D) såg eg at ho helst burde få tid til å gjera eksamenen sin. So eg fann ut at eg skulle reisa aleina. Er det so keisamt som mamma vil hava det til? Eg må nesten finna ut av det sjølv; slik at eg eventuelt kann drita i å tenkja tanken neste gong han byd seg.

Eg fekk ikkje dra frå Helene med mindre eg lovte å skriva ferdaminne frå turen. Vel, – dette startar eg no. Eg hev vore dårleg på uppdatering av bloggen i det siste; andre ting hev teke tidi mi. Det kann henda eg gjer noko eg nesten aldri gjer; lagar ei kort uppsummering av alt eg ikkje fekk tid til å skriva um.

Men no må eg springja for å rekkja toget til Göteborg! Best eg rekk det!

Til Oslo, pakkingi att

Eg hev ei rar kjensle av at aktiviteten eg hev skrive mest um på netsida mi er pakking fyrr eg dreg ein plass. Det kann godt vera sant. Same kva, no må eg pakka fyrr turen til Oslo i morgon tidleg. 10.15 gjeng toget mitt.

Problemet mitt er absolutt at eg kjenner eg må hava so mykje med meg. Gåvone eg fekk til jol, då spesielt ljoset eg fekk, korleis skal eg få plass til alt dette i den vesle sekken min? Det fær eg ikkje. Eg sit og dreg ut pakkingstidi slik eg alltid gjer. Det er langt i frå mykje som skal pakkast, det berre kjennest slik. Der var 21 Grams-filmen ferdig på NRK1.

Nesten ferdig

Og no er eg nesten ferdig pakka. Under yver alle; eg var litt effektiv og gjekk opp og pakka. No er klokka halv eitt og eg hev allereie ein del av pakkingi ferdig. Det er faktisk berre sekken min att (den er enkel; datamaskini, kamera og småting). Ahh. Rebecca er redd eg missar toget i morgon, eg hev gjort slik fleire gongar fyrr. Eg er ikkje til å stola på.

Plutseleg vart klokka 01.00 no. Eg må pakka ned maskini mi snart. Det er litt synd, at straumkontakten til laptopen min er galen att. Delen eg brukar er so øydelagd at eg trur eg lagar eit heilt nytt system. Prøva å ha koplingi på utsida av Sol, den berbare maskini, heller.

Ops. Det vart klokka 01.30.

Oops. Der vart klokka 02.00. Men no hev eg i det minste fiksa ein feil i Universitas. Vel, strengt teke var det ingen feil, men berre eit nytt år.

Ooops. Eg hev heilt gløymd at eg liksom skal pakka. Det berre forsvann for meg i ein time. Jepp. Men eg trur eg gjer meg ferdig og legg meg. Eg må jo i alle fall prøva å rekkja toget i morgon når eg hev lova Rebecca at eg kjem til å vera der :-(

Heime i Stavanger

Eg gløymde mobiltelefonen min i bustaden på Kringsjå, eg stod tidleg upp og måtte skunda meg for å rekkja det grytidlege toget. Turen gjekk utruleg raskt, eg las litt avis, gjorde lite på datamaskini og vips so var eg i Kristiansand. Eg høyrde ei kjend stemma rett attmed meg då eg skulle ut å trekkja luft; det viste seg at det var ingen andre enn Helene Stenhaug som stod der rett ved.

Ho hadde plass rett bak meg på komfort, det passa jo ypparleg. Ho fortsette med å skriva på kortfilmen hennar, søknadsfristen for stønad i Filmkraft var nemleg i dag. Etter me hadde prata um filmen, gjekk ho til arbeid. Ho er lite tullete, ustrukturert og i-siste-liten som meg, so ho hadde ikkje gjort stort arbeid på søknaden fyrr denne dagen då fristen gjekk ut. Eg fekk ikkje gjort stort arbeid den korte tidi det tok fyrr me var i Sandnes heller. Vel inne i Stavanger gjekk eg heim.

So no er eg heime

Rebecca var litt sjuk, so eg kunne ikkje sjå ho, men det fær eg gjera i dag. Helene kom bortum litt seinare, ho jobba med filmen sin saman med meg og Pappa. Me åt litt mat, utanom Helene. Litt seinare skulle me på jolebordet til Filmkraft, men Helene måtte berre få inn søknaden fyrst. Dette tok tid. Tid. Tid.

Helene mista stadig konsentrasjonen av di eg spelte Wii eller såg på den nye digre plasma TV-en vår. Me skulle eigentleg på Jolebordet kl 2000, men kom ikkje fyrr i 0000-tidi. Nett slik eg kom fira timar sein til jolebordet i NMU. Der vann me litt, såg få kjendeog drog.

No er klokka mykje, og eg såg slutten på ein film eg ikkje såg byrjingi av (Blue Max, eller noko) og forstod fint lite. Zzz. Klokka er yver 0300. Men, oh so godt det er å vera heime att…

Helg i Kviteseid

Frå fredag til måndag var meg og Rebecca i Kviteseid. Familien min hev no yverteke barndomshuset til mamma der. Butikken i underetasjen er lagt ned (og rydda), og sjølve huset er ein feriestad no. Eg likar meg kjempegodt i Kviteseid, og er sers glad for at Rebecca kjenner det same. Me vitjar nok Kviteseid ein del når me vert faste Oslo-buarar båe tvo :-)

Me hadde ein fin biltur fram, trass i at me køyrde oss vekk. Eller, eigentleg ikkje – eg hugsa stoppet me køyrde forbi, men trudde me kunne velja ein annan veg. Etter eit par mil var eg heilt vekk. Me fortsatte og fortsatte. Etter kombinert dopause og kartlesing fann me ut at me var på veg til Hovden. Litt lengre oppe låg Haukeli. So eg hev no køyrd yver Haukeli for fyrste gong. Me vart mykje raskare framme enn det eg hadde rekna, men eg trur likevel Haukeli-vegen er lengre enn om Åmli.

Var flott i Kviteseid som alltid. Herleg og roleg. Det er ein fantastisk plass, ingen støy. Det er so rart å kjenna det på kroppen. All ljoden ein normalt ikkje merkar når ein er inne heime (i ein by) summar heile tidi i bakhovudet. Me hadde eit par rolege dagar, der den største oppgåva var å laga middag kvar dag. Det var veldig moro, men vart ein god del omelett (som eg hev vorte so god å laga :p Heh). Me hev lese bøker og Rebecca hev inspisert huset. Herleg.

Men det hev ikkje berre vore fryd og gaman i laupet av helgi. No er eg på NMU sumarleir, og i går var eg på Landsstyremøte. Eg hadde miksa datoar slik at eg trudde LST-møte = 11, og leir = 12. Diverre viste det seg at LST = 10, og leir = 11. Eg hadde kaupt billett til Rebecca den 11, og hadde planlagt å vera saman heile den tysdagen òg. So fekk eg dette problemet, eg måtte vekk ein heil dag fyrr Rebecca sitt tog gjekk. Ganske teit.

Me måtte dra kl. 0730 tysdag for å få Rebecca av på toget, og meg på LST-møte. Me hadde ikkje rydda skikkeleg natta fyrr so me drog ikkje fyrr 0800. Då hadde me tvo timar til toget gjekk. Det skulle gå bra, sidan Gule sider rekna at me ville bruka 1t 50min. Eg veit eg er raskare enn det Gule sider reknar. Me klarte å køyra feil. Ganske. Tenkte det var for seint å snu. Burde ikkje tenkt slikt, ein time seinare var me der me skulle på E18. Ein time sløsing, ein diger omveg um Skien. So kom me bak trailerar og måtte køyra seeint. Me kom 20 minutt for seint etter ein god del feilkøyringar til. Vondt.

Mista altso andre tog, og måtte ut med endå meir pengar. Måtte venta til neste tog, hadde omtrent ikkje bensin att. Me fann det, fann mat (bensinstasjon) og såg American Beauty i bilen. Etter fire timar kom toget.

Eg fann ut frå Rebecca at ho ikkje betalte togbillett til Stavanger, so det vart ikkje so mykje pengar brukt lell. Men turen var alt i alt superfin. Berre irriterande kor mykje problem som dukka opp.