Filmforsmakane fyrr sjølve filmen er utelukka for barnefilmar. Reklamen og filmplakatane viser òg at det er ein barnefilm. Dei hev tilogmed omsett tittelen til norsk, noko dei diverre(?) berre gjer for barnefilmar. So dei vil hava meg til å tru det er ein barnefilm. Likevel hadde eg lyst til å sjå han, nett i dag. Veldig rart. No hev eg sett han saman med Rebecca, og eg kan raskt seia; det er den beste filmen eg hev sett so langt i år.
Barnefilm i Noreg? Ungdomsfilm i USA?
Eg hev sett litt rundt og funni ut at folk hev vorte sinte av di det ikkje var ein typisk barnefilm. Dei hadde teke med seg ungane sine og trudde dei skulle sjå ein magisk film for ungar. Eg trur filmen er veldig god for ungar, men likevel synest eg han fortener å verta kalla ungdomsfilm. For han handlar um alvorlege emne, og eg vart veldig rørt av denne filmen. Eg grein som ein liten unge. Filmforsmaken (eg klarar ikkje finna eit godt norsk ord for «Trailer», må vel laga noko nytt og spenstig) viser det som ein barnefilm. Det forstår eg godt, for det er litt vanskeleg å visa kor ekstremt god rollebygging og kor trist denne filmen er i ein liten forsmak. So dei hev berre teke med dei overflatiske delane (som forsmakar plar gjera).
Den norsk-danske filmplakaten
Noko eg beit meg merke i, derimot, var dei forskjellege filmplakatane eg såg av denne filmen. I Noreg ser det ut som ein livleg film som er full av glede og morsomme påfunn:
«Broen», liksom. Og kva faen? «Ei heil ny verd ventar på deg»? Det er det dummaste eg hev høyrd! Hev me sett same film? Jodå, eg forstår kva dei meiner, men å hava noko so villeiande på ein plakat er berre slemt. Folk trur dei kjem til ei heilt ny verd då, ikkje tekniske detaljar ein kann sno seg rundt når ein allereie hev sett filmen (evt. lest boki). Sjølv um det er mogleg å skriva den teksten, so er det jo ikkje det filmen handlar um. Dei som trur og ventar det vert skuffa. Kvifor omsette dei ikkje berre det den engelske plakaten seier?
Den engelske/amerikanske(?) filmplakaten
Den amerikanske plakaten er meir vaksen og passar betre til filmen. Kvifor prøver me i Europa å selja filmen som noko han ikkje er?
Forresten fann eg ein annan plakat på IMDB, som ser meir ut som ein typisk Disney barnefilm. Fann ikkje stor versjon:
Kinosalen var nesten tom
Det kann henda av di det var sundag, og midt på dagen. Men filmen gjeng ikkje på kvelden, av di det visstnok er ein familiefilm. Piss og tullprat. Denne burde hatt meir grunn til å gå på kvelden enn det Narnia og Harry Potter-filmane hev. Dei vert vel kann henda sett på som familiefilmar og barnefilmar, men likevel fær dei mykje høgare status når dei vert marknadsført. Men «Brui til Terabithia» hev betre skodespel, ei meir alvorleg historie og mindre «woop-woop» barneunderhaldning enn Narnia og dei fyrste Harry Potter-filmane (dei hev vorte mørkare og meir vaksent).
Faktisk so er det ikkje ein magisk verd i det heile teke i denne filmen, dette er ei realistisk historie. Eg vart sers yverraska (og glad) då eg fann det. Kann henda det var grunnen til at eg vart so rive med og grein slik eg gjorde. Det er skikkeleg synd at fleire ikkje vil sjå denne filmen. Dei burde vore meir ærleg um kva han er for noko. Eg veit mange som ikkje vil lika han kjempegodt, men synest det var ein ganske god film; dei vil truleg aldri sjå han. Hadde eg sjølv sett på TV / sett forsmaken på filmen hadde eg truleg ikkje sett han. Eg såg ein plakat ein gong, tenkte filmen såg litt tåpeleg ut og so gløymd han.
Kvifor såg eg filmen lell?
Meg og Rebecca såg ein morosam film i går «Ella the Enchanted» (Den fortrylla Ella) som eg vart positivt yverraska yver. Eg trudde han var megateit, men eg likte han. God underhaldning. Difor var eg meir villig til å sjå «Bridge to Terabithia» i dag. Det angrar eg slett ikkje på. Fantastisk, fantastisk film. Ahh. Eg kjenner meg (bitte)litt att i han frå då eg sjølv var liten.
Ho som spelte «Ella» i førnemde film var fantastisk herleg. Det same var dei tvo hovudskodespelerane i denne. Josh Hutcherson og AnnaSophia Robb imponerte meg verkeleg. Eg plar ikkje bry meg stort um skodespelarar, men hekkan so bra det var. Elska rolla til AnnaSophia.
Kva handlar filmen kort um då?
Jesse hev trent heile sumaren for å verta den raskaste sprintaren på skulen og få respekt. Når den nye eleven Leslie kjem og vinn yver alle vert han sint. Til slutt vert dei likevel gode vener, trass i at ho er rik, han fattig, ho kjem frå byen og han er bondegut. Saman lagar dei Terabithia, med monstre, troll, kjemper og farlege ekorn. Dei er konge og dronning. Denne venskapen hjelper Jess å takla tragedien som fær han til å innsjå kva Leslie hev lært han.
(Det er stole frå IMDB)
Høyrest kann henda ikkje best i verda ut. Men det er superherleg å sjå Jess og Leslie leika saman, og tragedien gjeng verkeleg sterkt inn på ein av di filmskaparane hev fengje oss til å bry oss so mykje um dei.
So um du hev litt tid og vil sjå ein film, ikkje ver redd for «Brui til Terabithia». Vurdér han saman med andre filmar, det er ingen barnefilm som utelukkar vaksne/ungdom.
Hev du sett han? Kva tykkjer du?