Merkelapp-arkiv: Tull

Mobilabonnementet for meg

Eg hugsar ikkje lengre korleis det starta, men eg fekk det iallfall for meg at eg ikkje hadde det optimale mobiltelefonabonnementet. Det heile utarta seg til eit ikkje lite program for å sjekka mobilspesifikasjonen min upp mot allslags forskjellege abonnement…

Jo, det var det, eg betalar 40kr/mnd ekstra for å ringja gratis til Helene. Det sparte me i vår tid ekstremt mykje pengar på, av di me ringde kvarandre heile tidi og ekstraordinært lengje. Det gjer me av ganske upplagte grunnar ikkje lengre 1, so då lurte sjølvsagt eg på; ringjer eg Helene for meir enn 40kr/mnd, elder hadde det vore billegare å kvitta seg med det?

Det alle fornuftige menneskje hadde gjort var vel å finna ut kor mykje eg hadde ringd Helene, og so ganga det med vanleg minuttpris.

Jodå, eg tenkte no på det eg òg. Men sidan eg ikkje såg på fakturaen (der står det kor mykje eg hev ringd Helene totalt), men på mobilspesifikasjonen so stod alle gongane eg ringde Helene saman med minutt/sekund upp. Dette måtte jo eg leggja saman!

Eg liker ikkje manuelt arbeid når det er noko datamaskinen kann gjera snøggare/betre enn meg. Dette er noko alle som hev vore mykje rundt meg dei siste åri sikkert hev funne ut. Same um det hadde teke 15 minutt å fiksa noko manuelt, brukar eg glatt helder 40 minutt på å skriva eit perfekt program som vil gjera jobben på nokre millisekund. Eg tenkjer som so; neste gong eg treng gjera dette sparar eg masse tid!

Ikkje alltid like lurt.

So det eg gjorde denne gongen var altso å skriva eit program som rekner ut rekning basert på mitt faktiske ringjemynster. Det heile er ganske enkelt:

  • Skriv inn forskjellege abonnement
  • Fòr programmet med telefonspesifikasjonen min

Og nett slik fungerer det.

So, kva fann eg ut? Var det vits?

Tenkte de ville spyrja um det, ja.

Og nei, det var litt skuffande. I byrjingi var det heilt ekstraordinært kult, for eg fann ut at eg kunne spara masse pengar med å byta abonnement. Men det var fyrr eg hadde skrive ferdig data-delen. Altso utrekning av kor mykje eg lastar ned med mobiltefelonen.

Det er ikkje småtal, med Android-mobilen min som slukar megabyte rått.

Då endra brått heile biletet seg, og abonnementet eg hadde var ikkje so alt for dårleg. Eg kunne ikkje spart grovt mye, berre spart. Likevel, eg hev fengje funne ut at det finst billegare abonnement for meg. Her er ei køyring på okt-des 2009:

odin@fjord:~/Dokument/mobil$ ./parse_spesifisering.py 0910.txt 0911.txt 0912.txt
0911.txt         33 samtalar,  40 minutt.  97 SMS.  51M dag, 208M kveld (259M).
0910.txt         35 samtalar,  43 minutt.  87 SMS. 128M dag, 337M kveld (466M).
0912.txt         59 samtalar, 157 minutt. 118 SMS. 262M dag, 180M kveld (443M).

                            0911.txt   0910.txt   0912.txt

chessitouch                      230        178        282 =        690
t2champ+t2_large                 302        251        339 =        892
t2sheriff+t2_large               309        258        384 =        951
chesspremium+ch_king             353        300        388 =       1042
chessking+ch_king                378        358        411 =      *1147*
chesseasy+ch_king                406        388        429 =       1223
chessitouch+ch_king              479        427        531 =       1437
chesspremium+ch_knight           353        558        617 =       1528
chessking+ch_knight              377        586        641 =       1604
chesseasy+ch_knight              405        611        659 =       1675
chessitouch+ch_knight            478        685        760 =       1923
chesspremium                     704        651        739 =       2095
chessking                        729        680        762 =       2171
chesseasy                        757        705        780 =       2242
chesspremium+ch_queen            489        825       1580 =       2893
chessking+ch_queen               513        853       1603 =       2970
chesseasy+ch_queen               541        878       1621 =       3041
chessitouch+ch_queen             614        952       1722 =       3288
t2sheriff                       1500       1500       1545 =       4545
t2champ                         1633       1582       1670 =       4885

Eg hev ChessKing med SurfKing-pakka på i tillegg. Det viser seg at det er iTouch-abonnementet eg burde hatt, so etter denne månaden kjem eg nok til å byta til det.

Men nett denne månaden hadde alt anna enn det abonnementet eg hev no (vel, utanum ChessPremium+SurfKing, som hadde vore litt billegare) vore dyrare. Eg hev lasta ned langt yver 6GB på telefonen no, det hadde fått tusenlappane til å fly med andre abonnement.

Helene hev perfekt abonnement

Eg måtte jo testa programmet med noko anna no når eg fyrst hev brukt so mykje tid på å skriva det, so eg køyrde Helene sine filer gjennom det. Det var ikkje særleg moro, for det viste seg at Helene hev allereide det billegaste ho kann få. Spesielt av di det viser seg at ho ringjer meg mykje og lengje.

Vel, ho hev òg fleire vener med Chess, og det gjeng på same kvota – eg gadd ikkje skriva funksjoner som sjekka nummer direkte. Hmm, men det hadde jo sikkert vore ein moro funksjon å ha i programmet.

Elles fær du litt meir informasjon um kvart abonnement når du berre køyrer ei fil gjennom, då fær du ikkje berre totalane, men òg kva du betalar for kvar del (samtale, sms, data):

odin@fjord:~/Dokument/mobil$ ./parse_spesifisering.py 0912.txt
0912.txt         59 samtalar, 157 minutt. 118 SMS. 262M dag, 180M kveld (443M).

                             Samtale        SMS       Data       Fast

chessitouch                      128         56          0         98 =        282
t2champ+t2_large                 114         56          0        169 =        339
t2sheriff+t2_large               159         56          0        169 =        384
chesspremium+ch_king              94         45          0        249 =        388
chessking+ch_king                 75         48          0        289 =       *411*
chesseasy+ch_king                 84         56          0        289 =        429
chessitouch+ch_king              128         56          0        347 =        531
chesspremium+ch_knight            94         45        429         49 =        617
chessking+ch_knight               75         48        429         89 =        641
chesseasy+ch_knight               84         56        429         89 =        659
chesspremium                      94         45        600          0 =        739
chessitouch+ch_knight            128         56        429        147 =        760
chessking                         75         48        600         40 =        762
chesseasy                         84         56        600         40 =        780
t2sheriff                        159         56       1500          0 =       1545
chesspremium+ch_queen             94         45       1312        129 =       1580
chessking+ch_queen                75         48       1312        169 =       1603
chesseasy+ch_queen                84         56       1312        169 =       1621
t2champ                          114         56       1500          0 =       1670
chessitouch+ch_queen             128         56       1312        227 =       1722

So, etter denne månaden so må me skaffa oss ekte internett i heimen, slik at me slepp bruka mobiltelefonen som einaste nettlina. Då kann eg få bruken min under 500MB/mnd att og dermed skaffa meg iTouch-abonnementet og spara eit par kroner i månaden.

Er mykje denne rekneskapstenkingi manar fram ;-)

  1. Neidå, me er like glad i kvarandre, men me bur saman og pratar andlet til andlet ;-) []

Laga film med Jon og Espen i dag

So fekk me endeleg gjort det. Var ikkje so ovmykje smerte som skulle til. Det tok ikkje lange tidi helder. Eg kom til Espen ca. kl. 1800 då dei [Espen og Jon] sat og spelte FIFA. Det heldt dei fram med ei tid fyrr me starta.

Eg hev hatt ein heilt super dag i dag. Det var kjempemoro å laga film.

Espen sit på pcen sin

Me hadde planar um å få til noko lite, men likevel av høgare kvalitet enn det me normalt gjer (vel, normalt og normalt, det me gjorde som småungar på ungdomsskulen). Litt meir gjennomtenkt og -arbeidd. Dette skulle me bruka tvo kjappe dagar på, men eg fekk ikkje tak i ljos på sundagen, so me korta det ned til ein dag.

So dreit me i ljos i det heile teke, og no gjekk det verkeleg frå «høgare kvalitet enn normalt» til «det same lågkvalitets upplegget som alltid». Jajo. Me mista totalt all ambisjon. Gadd ikkje taka med nokon andre, av di er det berre oss tri so hev me det moro og treng ikkje laga noko bra. Vil ikkje sløsa tidi til nokon andre når det ikkje vert noko å ringja heim um likevel.

Me kasta manus og kom på nye idéar medan me filma, det vart ein del «goofs» og me hadde det generelt sett moro. Veldig moro. Og der er ein del av verdien. Eg hadde ein skikkeleg god dag i dag, det var veldig koseleg. Og sjølv um det ikkje er noko som kann brukast på nokon som helst måte so er det moro å hava endå ein «film» (vel, leik + eit kamera) under beltet.

I slutten gjekk alt veldig kjapt, som vanleg. Me visste alle at all profesjonalitet var kasta på båten og kjappe idèar og løysingar (enn kor rare) vart løysingi. Det er no eigentleg endå meir morosamt å «jobba» på den måten (ok, eg bør seriøst leggja av gåseaugo no («»)).

Då me raskt og gale slutta av, fann eg ut at me måtte prøva redigera det med ein gong. Det plar verta til at dei aldri vert redigerte med mindre me startar rett på. Espen hev Sony Vegas, men det viste seg at den ikkje stør MJPEG. So eg måtte nøya meg med Windows Movie Maker. Det var eit heilt ekstremt treigt program, som var ganske so ilt å jobba i. Me gav upp då Espen fortalde meg at eg ikkje kunne fjerna ljod frå eit klypp.

Men so starta eg att, berre for å få saman noko. Det kunne jo ikkje verta verre enn ein uklypt film. So ljoden er endå verre enn biletet og historia og resten av filmen. Hadde me fylgd manus hadde nok filmen vore litt klårare. Miljøet som han skulle vera plassert i er òg totalt feil. Det vert meir feelgood enn mørk film noir. Flatt keisamt ljos. Hadde ikkje alle objektivene med meg. Men brukte nesten berre vidvinkelen likevel. Dessutan vert det brudd på handlingsaksen (elder kva ho no enn heiter) når eg ikkje planlegg kva side eg skal skyta på. Eg trur ikkje folk vert so lett forvirra av slikt i dag, men det ser stygt ut iallfall. Jon på høgre side, Espen på venstre, plutseleg neste klypp so er dei motsett av di eg er på den andre sida. Amatørfeil. Men eg veit i det minste um det, og visste det tilogmed då eg tok det upp ;-)

Men skal eg segja deg kva?

Eg synast filmen er dritkul same faen. Eg luktar ein remake neste gong me treffast, då litt betre. Kannhenda me kann laga han um att og um att heilt til han er presentabel nok til å putta andre stader enn netsida mi.

So kann du få sjå han um du vil. Berre hugs at dette er laga veldig kjapt. Og at han er klyppa i Windows Movie Maker av Windows-gretne Odin. ;] Kannhenda eg klarar klyppa han på ny i Cinelerra, ein eitt hakk betre versjon.

So, trass alt, kva tykkjer du?

Nynorsken og dialektane, IKKJE dialektane og nynorsken!!!

Eg hev starta høyra på «Språkteigen» på statskanalen vår sin kulturkanal; NRK P2. Etter no fleire år i NMU og hard skulering, ein heil haug ordskifte og eit lass med leste sidor um språkstoda i Noreg hev norsk språkstode og nynorsk vorte eit slags spesialfelt1 for meg. Ei inngåande forståing av nynorsken, kva han er for noko og kva som er styrande for kva språk me vel.

PS: Alt dette er meiningar – og det er ikkje NMU sine meiningar. Det er mine provoserande tabloide meiningar der eg ikkje underbygg det eg seier på ein god måte. NMU er for alle, inkludert bokmålske «nynorsk er fint i dikt»-folk(!)

Ah. Gah. Ferdig med det, eg gidd søren meg ikkje pakka ting inn – det gjeng inni potetsekken treigt og eg vil veldig gjerne verta ferdig med å få ut meiningi mi. Då drit eg like godt i um ikkje heile verdi heng med meg. Det hev teke meg tvo år å forstå mykje av dette sjølv, so eg trur neppe eg klarar overtyda ein einaste maur um noko som helst i mine små, halvleselege innlegg på netsida. Men ARGHRGHR, eg vert so inn i hampen sint når eg sit på t-banen og høyrer på Språkteigen og det vert sagt so mykje idiotisk teit der.

Ok-ok, ikkje idiotisk teit, men lite nyansert og ekstremt lite fornuftig. Altso; ingen intellektuelt ordskifte, men det same vrøvlet me høyrer gong på gong av folk som ikkje hev sett seg inn i saki. Sjølve folki i ordskiftet er fjonge og bra, eg er stor tilhengjar av verki deira båe tvo – men eg vert vel meir vonbroten på verdi (altso Noreg) når det vert sagt so mykje opplagt platt, keisamt og utruleg lite oppbyggjande. No veit framleis få kva eg pratar um; men eg skal prøva å seia det utan å forklåra stort (so det er stor grunn til at du (med rette) fnys av det og tykkjer det sers feil):

Nynorsken var ikkje, er ikkje og bør ikkje verta talemålsnær!

Heile navla landet hev ei feil og ukorrekt oppfatning av kva nynorsken er. HAN ER IKKJE TALEMÅLSNÆR OG MÅTTE GUD FORBODA AT HAN NOKON GONG VERT DET! Det er 1000 dårlege argument for dette, men òg ovmange fantastisk gode. No vrir du deg sikkert i stolen og seier høgt «Men kva med dialektane, Odin, DIALEKTANE!», slik at nabokatta må leggja hovudet på skakke og lura på um du er ein av dei som helst burde vore hjå syster hennar som er ein institusjonskatt på Dale2.

«Jadå, din hekkans masekopp», seier eg då og ser olmt opp i vêret for å visa at eg himlar med augo av deg.

Det verste er sjølvsagt at eg berre brukar masse hersketeknikkar på deg utan å eigentleg forklåra kva eg eigentleg meiner. Difor kjem du altso automatisk på bakbeina og tenkjer eg (kannhenda rett nok) er ein stor idiot, medan du fyrer laus fleire slemme setningar: «Ja, det var då jammen meg konstruktivt din hekkans drittsekk».
«Åja!? Og du då, din vesle parasitt av ein møllsleikande…», prøver eg fyrr eg kjem på ein betre idè og ser filosofisk ut i lufti; «Ja. Kva er me eigentleg? Er me i det heile teke? Kven er eg? Og kven er du? Finst du? Finst eg?».
Ganske raskt forstår eg dette er berre teit og kjem igjen på andre tankar, men fyrr du vert redd so kann eg avsløra at me er inne på sporet att; me er attende til saki, eller «målsakji™» som eg hev sett ein idiot skriva på kvar artikkel som hev noko med nynorsk å gjera. Han er mindre… nei, han er minst kul synest eg. Men so er eg på viddene att.

Eg tenkjer kort på viddene i Nord-noreg der eg var på tur, fyrr eg atter ein gong prøver å spora inn på det eg liksom skal seia noko fornuftig um (det trur eg du allereie hev mista trui på).

«Ja, du ser. Hmm. Kvar var eg no?», seier eg fyrr det gjeng upp for meg at dette faktisk ikkje er ein samtale, men ein teit tekst og at eg difor berre kann lesa det eg hev skrive fyrr. So her var eg: «Kva med dialektane, Odin?». Ahh. Ja. Kva med dei? Denne forferdelege forpestingi av norsk språk som eg er programforplikta å elska sidan eg er medlem i NMU? Åja. Dei dialektane ja.

Det førre eg skreiv er vel eigentleg ikkje det eg meiner, men eg la det til sidan mange sikkert trur eg meiner det. Diverre må eg skuffa dei. Eg skal heller prøva å svara på «Kva med dialektane, Odin?».

«Kva med dialektane, Odin?»

Dialekt er fint, dialekt er best, dialekt er det som eig mest. Det kann ein seia, og få vil mukka (ymta motførestellingar). Det er jo bra. Og det er sant, dialekt og nynorsk heng faktisk saman. Eg likar dialektar. Likar spesielt jentor frå Vest-telemark og Sogn og fjordane. Uhm, måten dei pratar på altso. Sikkert mange av jentone òg, men det er ikkje poenget. Eg hev berre godhug for dialekt. Ja, eg elskar dialektane til og med, um eg fær seia noko so på kanten. Det eg ikkje elskar, er at folk trur at nynorsk == dialekt.

  1. Nei, nei, nei, nynorsk er ikkje det same som dialekt.
  2. Nei, nei, nei, nynorsken skal ikkje vera det same som dialekt.
  3. Nei, nei, nei, dialektnær nynorsk er ein styggedom – ikkje noko me bør prøva å jobba for.

Problemet mitt her er at det er so ekstremt mange som meiner 3 er feil. Altso; dei kann seia ting som:

  • «Du hev nynorsknær dialekt, difor må du skriva nynorsk»
  • «Nynorsknormalen må vera vid slik at eg kann kjenna meg att i han og skriva dialektnært»
  • «Det vert enklare å læra nynorsk når du brukar di eiga dialekt som utgangspunkt»

Alt dette meiner eg er riv ruskande feil og grunnfest i ei feil førestilling um kva nynorsken er; ei nedskriving av dialekt.

Kva er nynorsken då?

Nynorsken er eit systematisk språk tufta på fellestrekk i alle dialektane i heile Noreg.

Ikkje ein, ikkje tvo, ikkje femten dialektar. Men alle. Og ikkje ei rotete suppa (som bokmålet), men eit systematisk språk. Ikkje systematisk som Esperanto heller (som er konstruert), men eit norsk språk som tek vare på systemet som finst i norsken.

Skal me skriva talemålsnært, skriv dialekt. Ska’me skRiva talemålsneRt, så skRiv dialekt fåR ‘faen. (Store r-ar for skarre-r). Det vert jysla stress med so mange skriftspråk i landet. Og folk flest er ikkje interessert i å skriva «deira nynorsk» (trass i kva dialekt-nynorsk-folki trur), folk er interessert i å skriva rett. Det ser me enkelt av korleis folk skriv; nyttar dei «valfridomen» (teit å bruka eit fint ord for tilroting av gramatikken)? Nei, dei nyttar han ikkje. Ein plass der me bør hava valfridom, derimot, er i ordtilfanget – desse ordi tek me sjølvsagt frå alle moglege dialektar. Men det er ingen, eg gjentek ingen verdi i å hava 27 forskjellege måtar å bøya eit ord på. Verdien fær me i mange ord, mange nyansar – ikkje i mange bøyingssystem (det er berre tull).

Det finst ein utruleg god tekst på dette

Aaargh. No er eg berre trøytt og ikkje sint lengre. So eg hev fengje det ut av meg. Diverre er ingen smartare. Du kann jo synast det er positivt at eg ikkje er sint lengre (det likar eg!); elles kann det henda du er sint av di eg berre hev skrive tull og kasta burt tidi di. Det er òg ein liten sjangs for at du faktisk vil vita kva eg meiner; ahh, då finst det ein utruleg god tekst på dette. Det er ikkje eg som hev skrive han (so han er altso bra, det er ikkje berre noko eg seier) og han ligg på NMU sine nettsidor. Eg gjev deg, Målføra og nynorsken.

Dette burde verkeleg vore pensum for alle. Spesielt alle som vil meina noko um dialektar (målføre) og nynorsk. Eg veit teksten er lang, men les du han, er du ei klokare kvinna etterpå. Du gjer lurt i det.

Notar

1 Fyrr nokon slær meg flat med rettskrivingi mi, so må eg få seia at dette ikkje er det same som språkekspert eller norskekspert; slik er det ikkje. Det eg hev, er ein mykje betre forståing av språkstoda i Noreg enn dei fleste. Sjølv um eg skriv so mykje gramatisk feil som eg gjer, so hev eg god yversikt yver idéane. Det burde ikkje vera å taka vatn yver hovudet; langt frå best forståing, men langt yver snittet (som diverre er forferdeleg lågt).

2 Dale var der dei putta dei galne menneski i gamle dagar.

Og hugs, les Målføra og nynorsken.

Oppdatert: Ei litt betre forklaring eg gav Ola etter eg ikkje var sint lengre og hadde sove:

Eg ville ikkje skriva kven som var i Språkteigen, for eg ville ikkje knytta mine negative kjenslor opp mot dei. Det er berre at heile verdi trur nynorsken sitt mål er å vera talemålsnær og at eg meiner det er feil. So når det vert slege fast som sanning mellom tvo (tri) folk i eit ordskifte (der dei eigentleg skal vera ueinige) so vert det for galt. Det er ingen/få som fortel folket kva nynorsken eigentleg er, og det gjer meg vonbroten.

Det var en gang en dag i går

Eg klarte å skrive noko tull i går kveld / natt. Ein normal feriedag kan du eigentleg kalle det. Uansett – eg skreiv han for å få lagt ut noko nytt her :)

Nå er det lenge siden eg har skreve. Det er ikkje bra – men eg har vært opptatt med både skole, programmering, sosiale aktivitetar og andre skumle ting. Eg har ferie no – men eg vil helst skrive litt kronologisk så må finne på noko litt eldre eg kan skrive om. .. Egil har sagt eg må slutte å skrive rekursivt, er noko i dét :S

Jaja, livet her er herleg iallfall! :D Kva skal eg skrive om, det så sjukt mykje interessant som har skjedd – bare eg ikkje huskar det :P Jo, eg har vært på nokon ox compsoc (Oxford University Computer Society) møtar, nokon “forelesningar” (eller kva du vil kalle det) med bl.a Novell og IBM (weehee). I kommande uke skal eg på heile 3(!) møtar, deriblant ein tur til plassen kor Enigma koden blei knekka (sånn 2 verdenskrig tysker-hax) – samt kor den fysste programmerbare “microcomputeren” ble laga :D

Eg har vært i Disneyland – eg skriv like godt et eget dokument om dét. Ellers har eg vært på fest hos Aud, ei belgisk jente – samt vært ute med dei Norske vennanne til Thomas og Morten på valentinsdagen. Eg har tatt flerne bildar som har utløyst følelsar negativt retta mot meg (som vanleg :D Odin+Kamera=pest&plage). Kanskje eg like godt skulle bli Papparazi fotograf med éin gang? – Hmm, nei. Eg likar ikkje slike folk eigentleg. Men eg likar å dokumentere ting eg ser og er med på :D :D Dessuten er bildar som utløyser følelsar gode bildar.

Eg har levd utruleg billeg – £30 (400kr) på ein måned! Ufatteleg! Men like etter brukte eg jo dobbelt månedsbudsjett på ein viss Frankrike-tur.. Euhm.. :P Eg huskar Audun: “IDIOT!”.. hehe, godt sagt – som alltid.. ;D I løpet av ukane har eg hatt lyst til å lage ei side der eg skriv litt om kvar person i klassen – slik at dikon kan vite kem dei er. Grunnen til at eg eigentleg fekk lyst til dette er fordi eg vil skrive kvifor “Audun e Maen” (med stor M ja).

Nå som dette allikevel har blitt ein fæl tulletekst kan eg like godt skrive om nære hendelser som eg ikkje vil skrive ein meir utfyllande tekst på uansett: KVA GJORDE ODIN IDAG DÅ!? :D Vel, for å ha ein fortreffelig herleg begynnelse på eventyret om Odin Askeladd som sov i 100 år og ble vekket av vekkerklokka, kan eg jo nettopp fortelle om dagen før dagen idag..

Jo det var ei fin natt – Odin Askeladd hadde funnet eit rom på eit “Bed and Breakfast”-hotell, og der satt han. Så hopp-i-dopper me over den historien og fortell om då han kl 6 på morgenen sykla heim frå denne fantastiske plassen. Han spiste frokost då han kom heim, trøtt og sliten som vår helt var – la han seg ned for å sove. Han sov, og han sov, i over 100 minutter!

Det skjedde masse interessant mens vår prins sov (jada, Odin ble oppgradert) – han sov i 10 breie og 10 lange timer. Ja, han sov faktisk heilt til han blei vekka, fysst av den siste vekkerklokken i heile Odin-land, dei andre var mystifistisk forsvunne under like mystifistiske omstendigheitar som alle hånd-klokkane, luene, skjerfene, hanskane til Prins Odin (stor P nå) :( Uansett – etter vekkeklokka hadde utføyrd sin slue plan blei det rapportert om ei høy mumlig om middag og vasking av Odin-land, ikkje ulikt heksens onde sang.

Etter ein mager middag bestående av lusent lammekjøtt – som ikkje ville blitt kalla kjøtt i Odin-land, men heller nærmare lamme-sener-og-fett-søppel – satt Odin Askeladd (der vart me degradert igjen :/ ) seg ned med strikkesakane og hacka litt. Han ringde sin far Kongen (fordi nå var Odin prins igjen) og snakka litt om strikking før Odin la seg kl 12.

Utkvilt kl 8 sto Odin Askeladd opp og spiste frukost – så fór han til slottet sitt; Oxford and Cherwell College og hacka nokon PC’ar før han blei lei. Då dro han med Jørgen og såg på at han spiste. Vel tilbake fann han Audun – og viste han bilete som Fotograf Odin hadde tatt, det blei ikkje spesielt godt mottatt. Men Audun gråt ikkje – så alt var brillefint.

Odin gjekk inn på ein klesbutikk fordi han var kald om halsen, dei stengde om 5 minuttar – så han var rask. Då han storma butikken såg han nokon skjerf til £10 – han spurde raskt “Have you got any CHEAP skarfs!?”, dama sa: “We’ve one for £5”, så sa Odin Bond “I’ll take it”. Då så dama rart på vår felles helt, han hadde ikkje sett skjerfet en gang – men betalte gladlig. Odin tok hintet ifrå dama då ho sto der å glana, han sa; “I’m cold” og dro frem skjarm-smilet. ;D

Så var det middag osv, etter litt hacking var det ned på Pub Oxford. Odin klaga på Jon som var trøytt og ikkje ville komme, Odin snakka med litt folk og fekk dei til å sei “Hei” ifrå dei. Då eg hadde sendt den #3 meldinga med David som sa hei, skreiv Rytter Jon “Gje ein klem t David óg. Sei t han at eg komme!”. David blei forskrekka då Odin ga han ein skikkeleg klem sånn utan vidare – men han skjønna fort :P

Då Jon og Audun hadde kommt kjøpte Odin seg ein Cola med sitron og is i :D:D Eit par samtale-emnar seinare var Jon overbevist at Odin på Berget var full. Men det er jo bare teit, fordi alle veit jo at Odin ikkje drikk, men veit folk KVIFOR Odin ikkje drikk!? :| Uansett var Odin på Berget vill og hadde det moro mens Jon tydeligvis prøvde å gire han opp enda meir med å utfordre Odin til å gå-i-rett-linje :]

Så dro Odin heim, fordi han gadd ikkje stikke på klubb idag – Odinrose må sove litt av og til. Rart nok så er klokka 1:20 nå, så han skreiv ein idiotisk tekst istedenfor å legge seg tidleg. – Men folkens, om dikon fant denne teksten utruleg keisamn er det fordi dette er faktisk bare ein normal dag, han var ikkje spesiell på nokon måte – eg ville bare skrive noko….. :) Ellers er ikkje teksten gjennomlest – eg skreiv det no, og har ikkje gått igjennom han! Difor er det truleg maaasse feil samt idiotisk dårlige formuleringar og ikkje minst keisamne emne. Menmen, natti pusi!