Merkelapp-arkiv: Universitet

Eit halvår med psykisk slit = 0 studiepoeng?

So… Eg vil eigentleg ikkje skriva det på netsida mi ein gong. Eg er berre so leid og sliten og trøytt.

Eg tok tri fag i år:

  • MAT1030 Diskret matematikk
  • FYS3240 Digital Instrumentering
  • INF3190 Nettverk

MAT1030 forsvant fort av di eg hadde andre ting å gjera enn matteobligar. Men eg vart leid meg. Då fær eg ikkje ein bachelor i Informatikk i Oslo. So frå der gjekkk alt nedyver.

Eg hev altso ikkje jobba skikkeleg med eit einaste fag. Det hev likevel slitt på meg psykisk, trass i totalt fråverande arbeidsinnsats.

Eksamen i FY3240 nærma seg, eg hadde rundt 10 dagar att, so eg tenkte det var på tide å gjera dei obligatoriske uppgåvene. Av ein elder annan grunn hadde eg ikkje tenkt på at dei måtte inn ei tid fyrr eksamen, ikkje rett fyrr — difor viste det seg no at det berre var ein dag eg hadde att til å gjera dei.

So eg prøvde meg på det i dag. Eg fekk faktisk gjort yverraskande mykje. Eg hev gjort Oblig 1 heilt, Oblig 2 er nesten gull – eg treng berre litt kjapp veiledning av di eg fær ein del rare teikn ut på LCD-skjermen når eg skriv via COM-porten til mikrochipen (det forstod sikkert berre Egil). Oblig3 var eg i gang med, og eg fekk no styrt flysimulatoren til slutt med spakane; men då såg eg at det var ei oppgåve B der òg (som alle dei andre, ugh) i tillegg til Oblig 4 der eg må læra meg LabVIEW som ser ut som noko irriterande greier.

Det stod òg at me burde gå gjennom opplæringsprogrammet for LabVIEW, det skulle berre taka 5-6 timar og ville spara oss mykje tid…

5-6 timar? Uhh. Eg vil gjerne vera ferdig på 3-4 timar. So, nei. Eg droppa heile LabVIEW. Og dimed heile faget. Og dimed droppa eg 10 studiepoeng til. So eg står att med 30-20=10 studiepoeng.

Og dei siste 10 poengi…

Kva skjer med dei?

Nei, det er faktisk òg usikkert. Eg hev vore i ein drit-i-det-modus lengje no, og gler meg berre til å vera ferdig med jobb og skule og alt saman. Eg skal ikkje vera forplikta til å gjera noko, og det vert superherleg. Eg skal berre gjera ting eg synast eg kjekt. Men det er framleit halvt år fram i tid, men eg ser fram til det.

Eg kjenner det som 3. klasse på vidaregåande, eg var so sjukt leid og so ekstremt klar til å gjera noko anna ei tid. Det er eg no òg. Halvt år att. 2010…

Attende til inf3190

So. Den hadde eg masse problemer med. Heimeeksamen1 gjorde eg på ein dag. Det var rein katastrofe. Forstår ikkje korleis eg klarte det. Eg fekk C på han, noko som er ganske yverraskande (altso, bra).

Det gjekk verre med den andre uppgåva. Eg lova eg ikkje skulle gjera det same um att. Men det gjorde eg. Berre denne gongen var uppgåva ekstremt mykje vandskelegare. Ikkje faen um det gjeng an å gjera det på tvo dagar når du allereide er sliten og trøytt og hev graut iblanda sirup i hovudet.

So eg fekk F. Det er fyrste gong eg hev fengje stryk på ein eksamen, aldri skjedd fyrr. Eg synast det er litt rart. Eg gjorde jo noko, fungerte jo litt :P Men det står vel til innsatsen.

No, um nokre få dagar hev eg eksamen i INF3190, eg trur eg framleis fær taka han, men eg lyt få ganske so god karakter viss eg i det heile teke skal stå i faget.

Viss ikkje står eg altso att med eit halvt års slit og 0 studiepoeng. Det er verre enn å verta kasta ut av Universitetet slik eg vart sist vårsemester. Då kunne eg jo faktisk gjera andre ting.

Ja, so fær me sjå um det vert 0 studiepoeng på meg då… Snork.

STK1000: «Ikkje møtt til eksamen»

Til: studieinfo@math.uio.no
Emne: STK1000: «Ikkje møtt til eksamen»

Hei,

eg dreit grundig på leggen og skreiv upp 4. desember (wtf!?) for STK1000-eksamen i boki mi. Difor kom eg forståeleg nok ikkje på eksamen, men brukte tidi på å slita ned dei fyrste exphil-ordi som må inn i morgon. No må eg melda meg upp for 3. gong, men denne gongen kom eg iallfall til eksamen (det letter vel framtidige uppmeldingar). Eg sleit meg ikkje gjennom STK1000 for å sleppa 3 timar på slutten av året.

Soooooo, kva gjer eg utanum å riva ut håret eg ikkje hev og grina krokodilletåror eg er totalt feil art til å grina?


Beste helsing,
Odin Hørthe Omdal
http://www.velmont.net

PS: Eg ser no at min «denne gongen kom eg iallfall til eksamen» kann mistolkast. Eg meiner sjølvsagt eg kom so langt som til eksamen, og ikkje melde meg av fyrr den tid.

Ein professormongo utan hjerne

Det finst ein fysikkprofessor som er so satans mongo at eg ikkje forstår korleis han i det heile teke klara koma seg her til Trondheim-skulen kor me hev studentsamling. Eg hev sjeldan, trur faktisk aldri, truffe nokon som fær blodet so til å bobla yver. Og det er nett difor eg sit her på skulekjøkenet og ikkje inne på «paneldebatten».

Han er ekstremt, so til dei gradar ekstremt usakleg at eg kjem til å vera ganske usakleg her sjølv. Eg må få lov til å skriva/ordleggja meg på same måten han gjer.

Ok. Eg forstår ikkje, eg forstår ikkje. Eg anar ikkje kvar eg skal starta. Han er so ufatteleg dum, og kann so sabla lite anna enn hersketeknikkar og det å vera heilt jævleg provoserande. Han pratar so jækla stolt yver kor elendig han kann nynorsk. Han sit og fortel oss at han er ein jækla mongoloid som ikkje klarar å læra seg nynorsk. Kva faen? Kor hjernedaud gjeng det an å verta? HAN SKRYT AV AT HAN IKKJE KANN NYNORSK. Han skryt av si kunnskapsløysa og totalt manglande evna til å læra.

Det han meiner i korte trekk er at det er heilt uhøyrd at nynorskbrukarar skal få eksamenen sin på nynorsk, og at han må skriva honom. Vel, det er no greitt nok, men han her klarar å kombinera det med masse «fakta» som eg veit er 100% feil. Dette legg han fram på ein «so jækleg mykje betre enn dykk som ikkje kann nokon ting»-måte at einkvar som ikkje veit fakta ville trudd det var sant. Han er so sjukt yverlegen, sjølvgod og ute av stand til å trekkja inn fleire faktorar enn dei han sjølv kjenner elder finn på.

T.d. ser han ingen forskjell på lærarar og studentar. «Viss studentar skal hava ein rett til å få skriva på skriftsspråket sitt, må jo lærarar òg hava denne retten!», det han gløymer er at lærarar er tilsett på universitetet, ikkje som privatpersonar som kann gjera nett det dei sjølv ynskjer men som del av eit universitet. So då må han fylgja universitetet sine reglar, og ikkje sine eigne. Det er stor forskjell der. I tillegg klarar dritsekken å segja «eg forstår ikkje studentar, eg!». WOW; KANN DET VERKLEG VERA SANT?

  1. Kvifor i helvette er du ein lærar då?
  2. Det treng du ikkje segja, me ser at det er meir du ikkje forstår. T.d. ALT.

At denne mannen hatar nynorsk hev ingen problem med å sjå, sjølv um han prøver å skjula det. Han kann fint lata som um han er sakleg og hev poeng, sopass kann han visst. Men han er jo sjølvsagt heilt ubrukeleg til å skjula hatet sitt. Og då meiner eg ubrukeleg. Ok. Han startar med å segja at for han «og alle andre frå Ullevål Haveby» er nynorsk totalt uhøyrd og er berre kjend som tvang alle hata. Utslitte nynorske ordbøker som var omdøypt «Spynorsk mordliste», javelja. «Heime hev eg ei utslitt, totalt ubrukeleg ordlista som det står nett det på.» Javel? Jækla bra poeng… ikkje!

Eit sikkert teikn på at nokon er lite gjennomtenkte og ikkje hev peiling er at dei kallar sidemål tvang, men elles stør eit vanleg skulesystem. Kva er ikkje matematikk då? Kva er ikkje historie? Elder kva med norskfaget i seg sjølv? Er ikkje alt dette tvang med denne same stygge definisjonen? «Noko du må gjera på skulen for å stå». Viss nokon ikkje liker historie, skal dei då kunna taka det vekk? Eg er for valfridom, og for å kunna velja må ein kunna båe nynorsk og bokmål like godt. Eg valde nynorsk etter mange år i skulesystemet—sjølv med totalt elendig sidemålsopplæring (for eg ynskjer mykje betre sidemålsopplegg, gjerne endra). For å kunna gjera eit ekte val sjølv og ikkje lata andre gjera det for deg (plassen du bur på), må du altso læra nynorsk. Fascistar som denne professoren (og andre som tek vekk valfridom) vil annleis.

Det leider meg til ein annan ting. Vondingen skryt fælt yver kor internasjonal han er, ja, tenk – han hev vener i Frankrike! Skit, so ekstremt kul han er – skikkeleg spesiell – utruleg – vener i Frankrike.

«Ja, men du må jo skriva engelsk, det er jo helder ikkje ditt språk», segjer ein i salen. «Å, det er ingen problem, for eg er so hippetihopp-kul at eg hev engelsk far og hev studert masse i USA (2 heile år!), eg tok doktorgraden min der», svarar han hovent og trur at han fær masse respekt av det. Han set seg upp i skyone som det beste som hev hend fysikken og ålmenn universitetsarbeid i Noreg. Han vekslar mellom å lata det berre handla um han og ålment. OK. Ikkje alle-faens-folk i Noreg hev engelsk far og ikkje alle kauper ein doktorgrad i USA (for han kann faen meg ikkje ha ærleg fortent han, han manglar jo totalt kritisk sans).

Eg er pisseleid av å høyra um dine problem, at du ikkje kann læra deg eit enkelt og meir regelrett språk enn bokmål som du hev vakse upp med er ikkje eit sakleg argument i ein diskusjon. Me ser alle ned på deg av di du er so mongo,—men igjen; det er ikkje eit ålment argument for resten av Noreg!

No gjeng faenskapet ute i gangen her. Stikk av. Ynskjer å skyta honom i ryggen.

Vel, no kjem dei andre, no kann eg skrika på dei. Den verste energien fekk eg av meg med å skrika og hoppa rundt i gymsalen medan eg hang meg frå taugi der.

Inf2220; må nok jobba litt meir fyrr eksamen

Eksamen i dag gjekk ikkje serleg bra. Det er den fyrste eksamenen eg ikkje er trygg på at eg står. Det var inf2220; algoritmar og datastrukturar. Eg fekk lese endå mindre enn normalt, ikkje ein dag lesing fyrr eksamen slik eg plar, men ingen ting. Eg var på sentralstyre-samlingi, so det var ikkje mogleg.

Men eg kjenner eg hev lært litt meir. Kannhenda eg vert endå flinkare til å lesa til fagi mine no. Kannhenda eg til og med skal gå på forelesningar. Berre på litt vanskelege fag og dei som ikkje er for keisame sjølvsagt, som statistikk (grøss og gru). Det er ikkje det at eg gjer for lite informatikk, men mykje av det eg lærer meg og gjer er berre indirekte relevant til fagi eg tek. Eg vert mykje flinkare i informatikk som ein stor samlesekk, men det hjelper lite når skulesystem er lagt opp på ein ganske lineær og «no fokuserer me på dette»-liknande metode.

Kannhenda ein litt meir prosjektbasert metode hadde vore bra? Men det er jo moro å plutseleg verta veldig mykje betre i eit spesifikt område. Slik er det jo òg når me jobbar me prosjekt, då må me plutseleg verta gode i grafar um me t.d. skal laga ein trafikanten.

Heim!

Eg klarte skaffa meg ein komfort-billett med toget til Stavanger i morgon. So um eg klarar å stå upp, so gjeng ting godt. Eg gler meg enormt til å koma heim.