Merkelapp-arkiv: Universitetet

Stem i UiO-rektorvalet (på Trygve Wyller)

Når me hev valet mellom ein elitistisk snørrklysa som vil at UiO skal verta eit eliteuniversitet som drit i studentane, og ein jordnær, smart mann med sunt bondevett, kven veljer me då? Det burde segja seg sjølv.

Trygve Wyller ser på UiO som ein nasjonal kulturinstitusjon, som må reisast og styrkast. Ottersen vil riva ned alt som allereide er. I dagens Universitas står det ein heil del um båe tvo, sjølv um mange let seg leida på ville vegar av Ottersens retorikk.

Ottersen blir mindre og mindre tydelig desto mer konkrete temaene blir. Hans mye omtalte «tydelighet» får en bulk hver gang debattledere må be ham svare kortere og journalister må redigere ned svarene hans.

Og so dette her:

Men tross alle stilpoeng Ottersen får, har Wyller en fordel: Han har øret mot bakken. Store deler av UiO er misfornøyde med en hverdag der øremerkede midler til eliten «stjeler» fra pengepotten som fordeles til hele universitetet, og der vi skal bli så gode på visse ting at vi glemmer helheten. Studentene er i tillegg misfornøyde med en studiekvalitet som raseres.

For ein eklas!

So, gå inn og stem, og stem no inderleg ikkje på nokon ekle blærete medisin-eklisar som er ute etter å gjera studenttilvêret endå dårlegare.

Eg er kasta ut av universitetet

Ja, so kom det til det; eg er kasta ut. Sist semester gløymde eg å søkja um stipend og lån, so det fekk eg ikkje. I år hugsa eg stipend og lån; men fær det ikkje av di eg gløymde å gjelda semesteravgifti. So dei 50 studiepoenga eg skulle taka dette semesteret fær eg ikkje taka. Eg vil truleg fylgja kul undervisning lell, men det vert ein teit utsetjing for meg.

Søknad

Eg søkte um å få verta teken upp som student lell, men dama eg leverte det til var særs skeptisk. Grunnen min var at eg gløymde det. Eg trudde eg hadde sett semesteravgifti upp til forfall i banken. Det hadde eg ikkje gjort. Teit.

Jobb

So eg hev lite pengar, båe for førre semester og dette semesteret. Eg må plutseleg betala inn-i-helvettes-mykje for å taka tbanen og mistar alle andre fordeler med å vera student. Ikkje berre mistar eg stipend og lån, men eg må jo sørenmeg betala meir for alt! Det er jo totalt mongo.

Menmen, det er ikkje eit digert problem, berre litt irriterande. Eg fær jobba meir med firma mitt dette semesteret, so lengje eg fær nok uppdrag. Det gler eg meg eigentleg til… Hell i uhell ;-)

Eksamensperioden starta att

I dag var den store eksamensdagen. Ikkje berre ein eksamensdag, men den store. Eller, spesielle. I dag var eksamen i inf1400. Eg hadde ikkje lese ei einaste line tekst i dette faget (utanom det som vert pressa i deg) og var pisseredd for eksamen. Kjende ikkje som um eg hadde kontroll på nokon ting.

Heile morgonen gjekk til med lesing; sjølv um eg ikkje kjende eg fekk stort utav det (var mykje eg visste frå fyrr). Eg vart likevel litt tryggare på meg sjølv då eg las. Rebecca forheksa meg slik at det skulle gå bra. Det var godt. Me hadde lov å hava med allslags hjelpemiddel på eksamen, diverre ingen datamaskiner eller internett (der Wikipedia ligg), so eg tenkte eg måtte skriva ut noko. Sjølvsagt hev eg ikkje læreboki, for dei plar eg jo aldri kaupa.

So ein time etter eg hadde funne ut at raui mi skulle dra til Ping, fekk eg lyfta ho. Difor var eg der berre 20 minutt fyrr eksamen starta, og no skulle eg byrja skriva ut alt pensum frå ymse PDF-ar ute på netet. Det kunne ikkje gå bra. Eg fann til slutt ein dobbelt-skrivar (tvo skrivarar som jobbar parallelt og er difor raskare) og sprang upp til Fysikk-bygget. Eg kom inn i eksamenslokalet då dei sa «blablbalbla, då startar me!». So det var på håret :p

Eksamen startar

  1. Eg fekk eksamen. Han var på bokmål.
  2. Eg rakk upp handa, etter ei stund kom dei.
  3. Dei ville taka eksamenen frå meg for å finna den nye. Det ville eg ikkje av di eg kunne godt lesa uppgåvone medan dei fann den nynorske.
  4. Eg fekk eksamen. Han var på engelsk.
  5. Gah, gidd eg stressa meir? ….
  6. Javel. Eg rakk upp handa, etter ei stund kom dei.
  7. Dei ville taka eksamenen frå meg for å finna den nye (um att).
  8. Ein ny fyr kom. Han ville taka eksamenen frå meg for å finna den nye (atter ein gong).
  9. Eg venta litt med den engelske eksamenen.
  10. Endeleg kom den nynorske eksamenen min.
  11. Han var sjølvsagt elendig skrive. Menmen. Nok klaging.

Det viste seg at eksamenen var fleirvalsoppgåvor!!! Wow. Eg las gjennom han. Dette skal eg klara.

No sit eg her og er utruleg glad (eigentleg ikkje, men det kjem eg attende til)! Eksamenen gjekk dritbra! Eg trur eg svarte bra på alle oppgåvone. Jei! :D

Kvifor er eg ikkje so glad lell?

På t-banen heim… Eg tenkte eg skulle spara litt pengar (for det er berre nokre få dagar att i Oslo, ikkje nok til månadskort) på å snika på t-banen. Det vart dyrt. Jævla dyrt. 900 kr dyrt. Faen i helvette.

Men bra lell

Men Rebecca er her, og ho er god. Dessutan hev eg fødedag i morgon; og eg veit Rebecca kjem til å gjera det til den beste eg nokon gong hev hatt.

So i morgon skal eg vera glad! Hihihi. Eksamenen gjekk jo bra… :-)

Skal prøva å vekkja sida att

Eg hev ikkje oppdatert på lengje. Det hev samaheng med at eg ikkje fekk ferdig del 2 av turen til Nord-Noreg. Han var so stor og skremmande og eg hev vore eksepsjonelt uppteken den siste tidi. Å setja seg ned og skriva eit par avsnitt er enkelt – å skriva fleire sidor tekst er verre. Eg bur no saman med Rebecca i ein ny parbustad på Kringsjå. Elles er eg sers uppteken med NMU (der eg no sit i sentralstyret) og universitetet.

Eg tek fira fag no; inf1060, inf1300, inf1400 og inf2220. Eg kutta ut inf1800 (logikk) av di det var keisamt og kutta ut stk1000 av di eksamen kræsja med eit anna fag. I NMU er det so alt for alt for mykje å gjera. Dessutan er eg ikkje åleine lengre, og det er veldig herleg. Eg ser menneskje kvar dag med andre ord. Eg hev ikkje sitte inne ein einaste heil dag. I går var eg ute ein halvtime på kvelden, sjølv um det eigentleg hadde vore ein sitja-inne dag for meg. Og eg såg altso menneskje sidan Rebecca bur saman med meg. Ganske herleg :] Det er litt problematisk med rydding, vasking og slik. Eg er ikkje so glad i det, men sambuaren min insisterer på at me skal hava det reint. Må truleg rydda òg, sidan det er rotete her.

Sidan eg hev øydelagt «ullteppet» som hadde lagt seg yver netsida no, vonar eg at eg kann gjera ferdig del tvo av nordkapp-til-Lillehammer-turen og oppdatera sida oftare. :-) Forresten brukar eg Twitter mykje meir, so det er sikkert mykje meir interessant å fylgja med på Twitter-kjelda mi.

Korleis gjekk inf2270-eksamen, og kor er sekken min?

I går var ein litt teit dag, eg fekk ikkje den herlege «eksamen ferdig, eg er heilt ferdig for semesteret»-kjensla. Eg mista nemleg sekken, med jakka mi og altslag i. Han ligg nok trygt på Universitetet – men det hjalp ikkje meg då eg måtte gå ute midt på natta i tynn t-skjorta og shorts. Det var sers kaldt. Eg fraus òg inne. Og eg hadde jysla vondt i magen heile dagen. Eg trur eg hev gløymd å eta nok i det siste. Var verkeleg skrubbsvolten, det kjendest ut som um eg hadde eit skrubbsår i magen. Vondt.

Men so hev fleire spurd meg um korleis eksamen gjekk. Jo, det gjekk ganske bra. Eg er heilt sikker på at eg står, men det vert moro å sjå kva karakter eg fær. Trur det vert C, men eg kann vera heldig med ein B um sensor ikkje trekk meg for mine tvo superdigre feil:

  • *Eg gløymde å gjera ei heil oppgåva som tel 13%.* Skulle skriva x86-maskinkode for å rekna ut snittet av ein vektor med tal (dei kalla array for vektor), det gjorde eg for int (heiltal), men ikkje for double (flyttal, tal med komma :p). Eg hadde ikkje tid, men hadde tenkt å skriva kva instruksjonar ein må bruka. Hadde sikkert fengje stor utteljing på det. No fær eg truleg 0.
  • *Dei var jysla slemme i ei oppgåve og eg svarte dimed feil*. Når du skal laga ein ekstern asm-funskjon til C, er det ein viss «regel» du må fylgja for at C-programmet skal kunna bruka funksjonen. Dette ser du _vekk frå_ når du les kode raskt, av di det er same koda på topp og botn heile tidi – og alle veit kva han gjer. Men plutseleg i ei av oppgåvene hadde dei byta koden frå:
    pushl %ebp
    movl %esp, %ebp
    til:
    movl %esp, %ebp
    pushl %ebp
    som vil gjera at heile programmet klikker og fær «segmentation fault». Veldig teit gjort. *Sjølvsagt* veit eg dette, men når ein hev dårleg tid og skal gå gjennom mykje ser ein ikkje på all standard-koden; men fokuserer på det som faktisk gjer _arbeidet_ i funksjonen.

So det var irriterande.

Lagt att sekken

Og som typisk er, la eg att sekken i eksamenslokalet. Dei stengde. So eg fraus då eg hang lengje på PING, so gjekk eg ut i mørke natta og det var dritkaldt. Eg kom alt for tidleg til t-banen, so eg måtte stå og hengja der lengje. Kaaaldt. Brrr.

No må eg skunda meg å pakka ned laptopen og alt eg skal hava med (det vert vanskeleg utan sekk, men må vel improvisera med pose). So må eg prøva å finna sekken min på Universitetet. Vonar verkeleg eg klarar det, mobiltelefonen min ligg der. Eg skulde ringja båe Espen og Rebecca i går. Finn eg han i dag lyt eg vel ringja Helene ein gong òg. Sumarkosefilmprosjektet eg vonar meg, Helene (, Sandra ++?) og Espen skal hava lyt koma på beina ganske snart um det skal verta noko av det.

Jepp. No hev eg snart ete upp heile bolla med ris, det var ikkje serleg godt; men eg hev ikkje kaupt inn meir mat sidan eg dreg no. Nana! De får høyra det um eg fær problemer med reisa mi i dag (heh). Toget gjeng 1500 trur eg. Det er berre tri timar til. Skunda meg, skunda meg!

Inne her på IFI, heile natta og meir

Det er ein konspirasjon. Eg er låst inne i Informatikk-bygningen, ikkje berre inne i bygningen – men inne i ein liten del av han. Her fins ikkje anna enn Coca Cola. Eg som ikkje liker Coca Cola. Eg liker ikkje Cola generelt, faktisk. Og så mat, då. Ingen. Elles umogleg å koma ut. Jodå, eg kan utløysa brannalarmen, men så slem er eg ikkje. Hadde sikkert berre sett meg i masse problem same kva. Semesterkortet mitt ligg truleg i posten, hadde eg hatt dèt hadde alt gått bra, men ikkje no – nei.

Hum. No hev eg sitte her utruleg lengje. Lat meg sjå.

odinho console Sep 3 14:14

Tja. Sidan det no er 4. september, og klokka er 07:14, vil det gje: 17 timar. Hum. Sjølvsagt hev eg vore vaken heile tida. Eg hev lagt inn SDL, pygame og pyOpenGL. Eg hev nemleg fulgt med på PyWeek. Snakka masse med dei som er med òg. Gjeve litt tips mellom anna. Tja. Og så hev eg koda på Stavanger Casting. Ganske lengje og mykje faktisk. Lengje i tid ihvertfall. Rart med det, eg koder nokre liner – ser på klokka. 4. Koder bittelitt til. 5. Wow. Heilt utruleg kor raskt tida går. Eg hev sikkert gjort 3 timer effektivt arbeid på 17. Men så hev eg gjort masse anna i tillegg då. Eller, noko iallfall.

Det hev vore ganske einsamt her på terminalstova i natt. Eg hev jo vore åleine, hadde nokon andre vore her kunne dei jo ha sluppe meg ut. Men det kan eg ikkje sjølv. Nei, for dørene er låst frå båe sidar her. Ein må ha kort for å koma ut. Eg hev ikkje kort. Midt på natta, sånn ca (er ikkje så farleg med tida) var eg særs svolten. Tingen er/var/whatever at eg ikkje hadde ete anna enn frukost. Har ikkje ete anna enn frukost. I går. Så, eg var litt svolten.

Litt tidligare på dagen så kjøpte eg faktisk ein chai-te på Deli de Luca. Den var enormt god! Eg hadde ikkje peiling på at du kunne få så god te ut av ein automatisk te-lagings-boks. Så tok eg trikken til UiO, blei søkkvåt. Regna kattar. Eg gjekk rundt på mange av bygningane og blei våtare og våtare. Fann ingen opne. Til slutt gjekk eg til SV (samfunnsvitskapleg). Der fann eg ei pc-stove. Men eg fekk ikkje logga inn, visstnok. Eg fann ei gamal maskin i kroken, den kunne eg logga inn på (av di den køyrde terminaltenar, i staden for å vera lokal – for dei som forstår slikt). Den var gamal og drit. Pissepc, var umogleg å arbeida på (backspace fungerte ikkje i PuTTY). Til slutt høyre eg Morten var på IFI. Ah. Eg drog opp, stadig meir blaut, og kom inn på IFI. Kl 14 ca, visstnok. Då hadde eg allereie hengt rundt på det sundagsstengde universitetsområdet lengje.

Same kva, eg var svolten og eg ville ha sjokolade. Men som du allereie veit; det gjekk dårleg. Det er ein hekkans glassdør med ein stygg kortlesar, som ein kan sjå ut på fellesarealet. Det fellesarealet kor det er mange sjokoladeboksar. Der du hev fleire val enn Coca Cola. Ahh. Skulle ha vore der. Men, nei. Så var eg jo kjempesvolten då, og tørst. Jaja.

Det var ikkje lett å trykkja på maskinen for å kjøpa den fyrste cola-flaska eg hev kjøpt på, hm, 3–4 år. Velvel, vanskeleg var det jo ikkje akkurat. Eg tenkte «Helvette heller» pluss ei liste assorterte (men velvalde) bannord og hadde det litt psykisk vanskeleg. Menmen, så kom driten ut og eg opna opp. Typisk at halve driten bruser over og kjem på golvet. Kliss. Så kjem det, ja. Det smakar jo seriøst ikkje godt? Eg forstår ikkje meg sjølv, eg pla elska denne drikken. Eg pla drikkja det dag ut og dag inn. Opptil fleire liter. Akk. Vonar berre ikkje eg blir hekta igjen av ei heil flaske.

Var ikkje noko problem, heldigvis. Smakte ikkje stort betre mot slutten. Altså, eg meiner ikkje at det smakar vondt – men det smakar ikkje akkurat godt heller. Eg foretrekk mjølk foran cola kvar dag (som er rart, om ein tenkjer på at før, då eg lika cola, lika eg ikkje mjølk). Jaja. Eg sat meg no ned og fortsatte så smått med dei små tinga. Byrja bli kaldt. Hm. Gjekk vel ein time, og så måtte eg på do. Hm. Meir på do, og endå meir. Eg hev det med å berre sitja og pressa på blæra når eg må på do. Gidd ikkje reisa meg. Men til slutt måtte eg. Vil heller reisa meg enn å få blaut bukse. Med blaut bukse hadde eg sikkert blitt endå kaldare enn eg allereie var. Jaja, kanskje litt varm i byrja – men det plar dabbe fort av. Kjenner til det.

Nåvel, så var eg på jakt etter do. Eg hadde ikkje gløymd den lille verda eg hadde tilgang til. Eg gjekk bort til glassdøra og rista i ho for n-te gang. Neida, ho gav ikkje etter. Ugh. Er det ingen do her? Eg lurte på kva eg skulle gjera. Måtte vel bruka cola-flaska til å halda meir enn berre cola. Hm. Men så gjekk eg inn ein plass eg ikkje trudde det var noko, og det var det handicap-dass. Som passa meg bra, sidan mobilliteten min er eit ganske stort handicap for tida. Det blei ikkje mykje jobbing. No går klokka stadig mot 0800. Då opnar dørene seg. Eg skal vel eigentleg ha plenumsrekning i matte – men. Hm. Eg veit ikkje heilt. Det er ikkje slutt før 14. Då er eg sikkert heilt utkøyrd. Får nok ikkje med meg noko heller. Like greitt å stikkja heim og sova.

Jaja. Eg høyrer folk utanfor. Eg kan sikkert snika meg ut no om eg vil. Men eg vil heller prøva å koda litt vidare. Bør få ein fungerande versjon av skodespelar-innlegginga no som eg allereie hev bruka så lang tid på det. Hehe, eg er slik herleg svimmel i kroppen. Det er ganske deilig. Hm. Mat, ja. Kanskje eg skal eta frukost når eg kjem ut. Er ikkje svolten no, eigentleg – så eg let det heller venta. Får eta når eg ikkje treng stressa for å få tak i det. Ja, men no skal eg ikkje skriva meir piss. Stakkar du som måtte lesa dette. Men. Jaja.

Djuuuupt pust. Ahh. Ja, då går eg vel om ein time, då. Kjenner eg byrjer bli trøytt no…

Ugh! MAT1100? Neitakk, trur eg.

Ooh. Eg er så usikker på alt, det hev vore ein flott start mtp. INF-faga. Dei er nemleg utruleg enkle. Men eg fekk vita at eg trong MAT1100 (vanskeleg Kalkulus-matte) for å taka Digital Bileteanalyse seinare. Dimed måtte eg byta frå MAT1000 (som er enklare) til MAT1100. Det var ingen enkel sak. I dag var eg på fyrste forelesing i MAT1100 (etter eg hadde mista 4 stk), og woow. Kva skal eg seia? Det forsto eg ikkje mykje av, dei er allereie fleire månadar forbi det eg kan.

No skal det seiast at det var få andre i salen som forsto kva mannen prata om, men eg kjende meg bra dum der eg sat. Heldigvis snakka han om noko litt enklare mot slutten, men eg gjekk derifrå med dårleg mot. Jadå; eg hev ikkje lese noko på MAT1100, sidan eg nett gjekk over til det, men eg burde jo iallfall ha littebitt peiling frå før. Når sant skal seiast kjende eg igjen utrykka godt, eg kjende igjen nokon av dei vanskelege orda som «faktoriserte reelle tall». Men samanhengane, og alle dei logiske «difor gjer me det på denne måten» lot meg sitjande igjen med eit digert WTF (kva i h….) i andletet. Neinei, eg blei heilt satt ut av den timen.

Eg gjekk på INF1040-forelesinga etter det, for å få opp moralen igjen. Det gjekk bra, han steig godt i vêret. Me hadde om teiknkodar, som ASCII, Unicode osb. Det var ganske kjekt, men eg trur ikkje det var så mange i salen som blei kloke. Ein skal jo lesa boka før ein dreg på forlesing då, så kanskje dei som hadde gjort det forsto meir.

No hev det seg slik at eg er båe meld opp i MAT1000 og MAT1100. Som tredje forelesing på rad tok eg MAT1000, då gjekk alt så mykje betre. Det var kjempemoro (sidan eg forsto kva han prata om) og me lærte tilogmed noko nyttig! Eg tenkte med ein gong på plassar eg kunne bruka formelen han beviste i programmeringa mi! Kanskje mest for spel eller modellar, men det er vel der ein brukar mest matte lell.

Sååå. Sjølv om eg stressa fælt med å få MAT1100, ser eg no kva det er for noko. Eg veit eg kan klara det om eg vil, og det skal eg òg. Berre ikkje i dette semesteret. Det blei ein for dårleg start, og eg skal heller prøva å taka det seinare som ein ekstra-sak. Det kan godt henda det ikkje blir noko av. I så fall må eg berre innsjå at eg ikkje får taka Digital Bileteanalyse. Det blir trist, men slik kan det gå. Eg får kjøpa MAT1000-bøkene, og konsentrera meg om å få brukbar karakter i det (D eller meir ;-) ).

Hybel! (??)

Etter desse timene hev eg sitte her på O.P.-bygget og skrive ferdig den obligatoriske oppgåva i INF1000. Det var veldig lett, men eg gjorde han mykje meir avansert enn det me skulle. Eg blei så skuffa då eg blei ferdig på usle 5 min. Kvifor ha ei vekeoppgåve som ein gjer ferdig på 5 min? Det er jo rett sagt superduperkeitt! Då eg var ferdig, og i ferd med å gå – tenkte eg at sjekking av epost er bra. Tjohei! Der låg ein epost frå SiO – og emnet var: Restplasser ledig (!!!). Wohoo. Genialt. Eg sende epost tilbake på dei eg ville ha:

  1. Sogn studentby: Møblert hybel, 12–18 kvm, pris 1866 – 3634 kroner (9 ledige).
  2. Bjerke studenthus: Hybel møblert, 11–15 kvm, pris er 2226 – 3020 kroner (8 ledige).
  3. Bjølsen studentby: Hybel møblert, 12–14 kvm, pris 2838 – 3445 kroner (to ledige).

Ingen av dei hev internett, men dei gjer jo eit stort nummer utav så enkelt det er å flytta når ein er inne i systemet. Dimed skal eg søkja om flytting med ein gong eg hev fått ein av desse. Eg skal ikkje sitja i ein hybel utan nett! Eller, kanskje om folka i gangen er dritkule. Kan jo alltids hacka på universitetet, ping (nerdeforening på informatikk – skal melda meg inn) eller skrivarstova.

Eg kom frå Stavanger i dag

Det er litt moro å tenkja på, men eg kom til Oslo igjen i dag. Eg hev vore i Stavanger ei ganske lang tid no, frå laurdag til tysdag. Eg gjekk glipp av ein skokk ting her (berre matte, eigentleg – går jo eigentleg ikkje glipp av INF, sidan eg hev lese (og forstår) pensum allereie), men eg fekk vera saman med min kjære. Denne gongen var eg på vitjing hos mamma og pappa som, ja, vitjande. Eg bur jo ikkje der lengre. :/ Synd, ja. Hugsar det var tungt då eg forsto det. Eg forsto ikkje at det var slutten på ei diger epoke i mitt liv før eg sat på toget mot Oslo. Då gret eg. Var tungt. Reisa frå mamma og pappa som eg er så glad i. Rebecca gler eg meg på den andre sida over, no hev eg flytta vekk – det er steg 1 mot at me flytter saman :D Ho kjem kanskje til Oslo neste år, då kan me bu saman. Det hadde vore dritmoro. Gler meg til det.

Akk, no må eg gjera noko anna

Vel, eg tenkte eg kanskje kunne stikka innom Skrivarstova (kontoret til NMU) – der ligg jo kofferten min og alt. Er greitt å få lada mobilen, og å få innlosjert meg hjå Synnøve. Kan henda eg berre bur der til fyrste september no, dvs. til imorgon. :| Wow, det blir liten butid. Men får sjå om eg får tilslag på hybelen, kryss fingrane alle saman! :D

Fred ut, Odin. (Mohahahhwhawhawhawhhwahwa)

Eg hev flytta til Oslo

Ugh, eg er sjuk. Av andre nyhende bur eg no i Oslo, ikkje i eigen hybel eller noko. Nei, på golvet til Ola. Eg sit mykje på skrivarstova, faga mine hev ikkje starta endå – er fadderveke no. Eg var på ein samakomst på Majorstua, hev fått ei omvising og lunsj. Elles var me tri stykk på gruppa under velkomstsermonien til UiO, det er rart i og med at me eigentleg er 20, trur eg.

Fadderane mine er stilige, eg hugsar eg tenkte eg var heldig då eg fekk dei. Han eine går fjerde året, Master i Informatikk, Kristoffer. Den andre fadderen er kjærasten hans, Linda som går andre året Informatikk Bachelor. Ganske kult når jenter går Informatikk. Eg trur iallfall ho er kjærasten, det virker veldig slik – det hadde iallfall vore koseleg. Ein ting som er litt rart, er når dei kallar oss fadder-barna deira. Det høyrest berre rart ut for meg. Minner meg om gamledagar i barnehagen, då me skulle leika «far», «mor», og «barn». Ugh, eg er for stor til slikt (:p).

Eg er utruleg gira på å starta faga mine. Eg vil jobba med oppgåvene (obligane) i programmering. Ser fram til det. Hum. Men nett no er eg stryken. Vondt i hovudet. Masse snørr, lite søvn (i natt, svett som f*), kjensle av oppumpa hovud, nakkesmerter, generell trøyttskap i heile kroppen osb, osb. Då eg gjekk rundt i regnet på UiO fekk eg ikkje den store «oh, dette er nytt og spanande»-kjensla. Eg blei litt meir skuffa eigentleg. Eg kjenner meg lite opprømt. Er kanskje difor eg gler meg slik til å taka igang med jobbinga.

Nett no jobber eg med Cecilie Wien, – lagar database til det nye firmaet hennar. Men sjukdomen hev gjort meg til ein dårleg arbeidar. Eg hev heller ikkje funne noko godt database-modelleringsprogram i Linux – dimed blir det til at eg gjer alt manuelt igjen. Hadde eg gjort det frå byrja hadde eg vore ferdig for lengje sidan. Akk.

Ingen hybel dei neste vekene

Eg var på Studentsamskipnaden og snakka med ei hyggeleg jente. Eg høyrde det skulle vera ein kjekk gut der òg, men han fekk eg ikkje. Ho fortalde meg eg var nr 43 på ventelista, og tippa det ville taka ein-tvo månedar før eg fekk tilbod om hybel. Eg ville ikkje opna heile søknaden opp, gadd ikkje det. Kan henda eg får ein diger, dyr leilegheit utan møbler då. Greitt nok at eg kjem fyrst i køen når eg allereie er innanfor systemet – men kan jo godt taka eit par veker før eg får noko nytt. Etter eg hev vore heime i Stavanger 26–27. august (eg skal på lokallagskurs med NMU, blir dritkult ;D)

No sit eg på skrivarstova og et graut. Grauteting i grautmålshovudkvarteret i Noreg. Jodå. Er åleine, dei andre hev sentralstyremøte. Der er eg ikkje med, difor er det hemmeleg for meg. Eller, eg får iallfall ikkje snusa rundt. No hev eg vore i tigerstaden ei lita stund, men det er stadig ikkje noko stort og gripande å skriva om. Anna enn at eg hev truffe faddergruppa mi og bur hjå Ola H.H. for tida.

Fyrste dag

Dette blir utruleg ustrukturert, så eg avslutter det. Eg vil likevel poste det, av di eg ikkje hev oppdatert på lengje. Dette er eit typisk innlegg eg normalt ikkje publiserer, så det er vel moro for nokon å sjå kor kvalitetsgrensa mi plar gå. Eg gidd ikkje skriva lengre på denne, anna enn at i dag er måndag og fyrste skuledag for mange. Sidan eg går på Universitet (som er slakkt med tanke på obligatorisk frammøte osb) så er det ingenting i dag. Eg er litt skuffa, eg er veldig gira på å starta på utdanninga. Få det i gang. Eg gler meg, trur eg. Hihi.

Jaja, eg får venta med å skriva noko nytt på heimesida når eg hev noko å seia! Nett no blir det berre tull, takk. :-) (Dette innlegget er skrive over fleire dagar)

Eg tek informatikk!(?)

Universitetet i Oslo sin logoGløym alt eg hev sagt om nordisk. Eg kjem ikkje til å taka det, eg fann ut eg var ferdig med den tradisjonelle skulebenken. Nordisk er stort og vanskeleg. Pensumet er digert og eg interesserer meg berre for litt av det. Hadde lika det reint praktisk filologiske, men resten hadde sikkert vore eit stress. Difor fekk eg sletta nordisk, så no ser det ut til at neste år blir Informatikk i Oslo!

Oppdatering: Det blir det! Eg flyttar til Oslo 11. august.

Om eg ikkje tek alt for feil er det nett denne lina Egil tek no. Eg skulle gjerne ha snakka med han, men finn at han ikkje er inne til alle tider av døgnet. Ser han les heimesida mi då, så du ser dette, Egil. Mohaw. Eg blei overtydd (igjen, eigentleg) av ein dritkul målungdom som heiter Leif Arne. Han startar tredje året på Informatikk no og hadde ikkje noko vondt å seia. Så lengje ein er ein nerd skulle det gå greitt ;-)

Den eigentlege lista

Når sant skal seiast så hev eg faktisk tvo mediafag før informatikk. Dei plar vera vanskelege å koma inn på då, og eg er meir eller mindre innstilt på informatikk. Så lista ser eigentleg slik ut:

  1. UiS – Fjernsyns- og multimedieproduksjon
  2. NTNU – Medieproduksjon
  3. UiO – Informatikk

På sumarleiren trudde eg det blei eitt jobbår til

Trine, på sumarleiren fortalde meg korleis opptak fungerte. Du sat opp prioriteringsliste (den fristen var gått ut), og du måtte gå på det øvste du kom inn på. Om ikkje blei det ingen skule det året. Eg blei særs overraska, jammen godt Trine sa ifrå! Eg var sikker på at eg fekk nordisk, og då måtte eg ha gjort noko anna det året.

Eg fortalde det til Jens, som med ein gong fekk store augo. «Men, du veit, me hev jo ein jobb ledig som studentmållagsskrivar!». Heh, eg meinte eg ikkje passa jobben, så han snudde seg entusiastisk til sidejenta (og snakka veldig høgt).

– Det er jo ein jobb der me treng ein aktiv person som ikkje er redd for å dytta rundt på andre. Ein glad person som likar å reisa rundt og hjelpa til. Me hadde jo ikkje spurd kven som helst

Haha, det var så opplagt at han berre snakka for at eg skulle høyra etter og taka jobben.

– Ein får jo bestemma veldig mykje kva ein vil jobba med sjølv, då. Det er ein veldig fri jobb.

Verste var at eg blei veldig interessera. Jens fortalde at han gjerne ville ha jobben sjølv, men ikkje kunne. Meg og Jens hev forresten siviltenestesamhald, difor stoler eg stort på det Jens fortel. Då eg dro frå leiren, heimatt på toget – var eg veldig satt på å taka den jobben. Eg får raskt ein betre nynorsk. Eg finn fort ut kva jobben går ut på og då er eg plutseleg godt kvalifisera i jobben.

Men så kom eg inn i Oslo!

Eg kjem til å bu i Oslo neste år! Wohoo!!! Det blir Informatikk på UiO. Eg hev søkt om hybel via Studentsamskipnaden. Fyrsteval er Kringsjå. Ola H. Havrevoll, kjærasten til Elisabeth Skatvedt bur der – og eg vil gjerne bu på same plass som denne geniale guten. Han er kjempekos. Hihi. Eg dreg til Oslo 11. august. 14. august er oppmøtedato. Hoho. Eg likar jo ikkje Oslo spesielt, men det er spanande lell!

Så då møter eg deg i Oslo neste gong du er på vitjing i tigerstaden då? :D