Merkelapp-arkiv: USA

Innspeling av filmmusikken til Charlie St. Cloud

I dag var me på innspeling av filmmusikk på Fox studios. Nett no sit me på ein Starbucks på veg til Las Vegas. Me er rett utanfor Victorville, ein plass som heiter Hesperia.

I dag tidleg var me i Palmville med Rajan, som me hadde sove hos. Me køyrde inn til Fox Studios og var med på innspeling av filmmusikken til Charlie St. Cloud med Zac Efron (sjå det, Kitty Karina!). Me vart invitert av komponisten Rolfe Kent (på IMDB), som me traff på ein couchsurfing-fest i Los Angeles.

I ettertid (no!) fann me ut at han hev komponert tittelmusikken til Dexter-serien! OMG! :D

Me elskar den serien.

Same kva, me var der på innspelingi, og fekk sjå orkesteret spela med Rolfe som dirigent. Vart eit par takningar på eit par av scenene. Utruleg interessant.

Ein flau ting; det var mat på eit bord. Ein i orkesteret tok ein kjeks, eg tenkte; det såg godt ut, so eg tok ein òg. Dei gjorde seg klar til upptak (det er 60 stk inne i orkesterboksen) medan eg tygde litt på kjeksen. Og, 8, 7 .. 2, 1. Eg byrjar kjenna eg må hosta, og til slutt er det umogleg å halda det, HOST HARK HOST HARK. Og det stoggar ikkje, eg fær ikkje hosta skikkeleg, so det held berre fram. Eg må ta meg for nasa for å ikkje laga so mykje ljod, men hikkar litt host litt-om-litt. Utruleg flaut.

Etter takningi spring eg inn i kontrollrommet der du kann bråka litt utan problem. Rolfe kjem inn, og er godt nøgd med takningi, men han må takast um att av di det var ein del «romljod i byrjingi». Hah :-(

Eg gler meg stort til å sjå filmen på kino ;-] Helene vil prøva sjå han på premieren her i USA.

Det hev skjedd ein del dei siste dagane, og eg skal skriva um dette når eg fær tid:

  • Stoppa av trafikkpolitiet / bil (gjort)
  • Surfing
  • Couchsurfing hjå Nayan
  • Grillfest på stranda
  • Couchsurfing hjå Rajan
  • Griffith Park (dyrepark og observatorium)
  • Universial studios

So fylg med :-)

I LA-sentrum

So, fyrste dagen vår. Me starta ganske tidleg, vakna kl 05.00 lokal tid. Men det var ikkje særleg imponerande når det eigentleg var 17.00 Noreg-tid.

Me fann bil, og tinga ein for ein månad for $1400 inkludert båe andsvarsforsikring og kasko. Skal henta han i morgon.

Det tok ei halv æve å koma seg inn til byen. Vel, me bur jo allereie i «byen». LA latar til å vera mange byar som hev smelta saman. Han er ekstremt stor og flat. Langt i frå kompakt. Veldig keisamt eigentleg. Ikkje slik eg likar byar. Det tok oss vel ein time å koma inn til det dei kallar «downtown» med buss og to byte med metrolina.

Som eg sa i førre innlegg, er verkeleg offentleg transport heilt utruleg dårleg her. Det må berre opplevast. Det er veldig stressut å bruka. Det visste me jo, men trudde aldri skikkeleg på det. Bur jo 20 millionar menneske i denne byen, må jo vera noko grunnlag for å laga eit litt skikkeleg transportsystem. Men, nei.

Eit stort problem er sjølvsagt måten dei hev «laga» byen på. Iom. at han er alt for stor, og det er so digre avstander mellom alt so er det få folk per kvadratkilometer truleg. Likevel er det ikkje mindre enn t.d. Oslo, og der hev dei jo fint klart å laga eit godt transportsystem. Menmen.

No sit me på ein heller dårleg Starbucks i sentrum, me hev ikkje klart å finna ein litt større, koseleg kafé der me sit litt meir privat (og ikkje midt ved dei utruleg bråkute kaffimaskinane). Det gjekk ikkje. Me sat ute ein periode, men ein galen mann plaga oss veldig. Han var trugande og spurte um å få pengar eller få kaka vår heile tidi. Skikkeleg trugande. Ei dame kom ut, han sa noko, og so slo han kaffien ut av hendene hennar, ho fortsette berre vidare. Sikkert livredd.

Ei anna dame kom yver vegen, han gjekk til ho, skræmande, og hytta neven etter ho, eg trudde han skulle slå ho – og so gjekk ho attende til der ho kom frå. Ho vart redd.

So me stakk inn, var ikkje koseleg der nei. Han tok Helene sin kakesmaksprøve.

Fyrr det var me på turistinformasjonen, me treng allslags kart til å få litt yversikt. Dei hadde evig med ulike brosjyrar, og me hev diverre teke med oss fleire kilo av dei. Off, so mykje boss det vert.

No skal me ut på ein gåtur. Alt er betre i dag no som me hev sove, slik eg tenkte. Dessutan vert det truleg veldig moro å endeleg få ein bil! So fær me helder gløyma at det kostar oss ein god del, det vart heldigvis mykje billegare enn det alle dei kjende (store) selskapa tek.

Vel framme i Los Angeles

Framme på hostellet i LA.

Ravsvolten. Me hev døgna, det er no godt meir enn 24 timar sidan me stod upp. Var utruleg stressut å taka buss her; dei gjeng utruleg sjeldan og busstasjonen ser ut som Tsjernobyl – omtrent ikkje eit menneske der.

Tydeleg at me kjem til å få det ekstremt vandskeleg utan bil. Det er nesten so me berre må leiga ein for å koma oss rundt i byen.

Bussjåføren var umogleg å forstå og vart utruleg sint på meg av di eg prøvde betala.

Hostellet her er av rådårleg standard for pengane me betalar.

Men, no, sovings! :S

Alt truleg mykje betre i morgon. :-)

Til New York i morgon!

I morgon forlet eg og Helene landet og reiser til New York i USA.

Eg driv på og sletter alt på Fjord (det er den vesle Asus Eee-pcen mintil Helene) og legg inn Cruncheee.

Sidan dei er so nazi på alt i USA, so må eg passa på å ikkje leggja inn DVD-stydnad, hendige kodekar eller anna som dei kann finna ut er grunn nok til å halda oss ute or landet.

Eg gler meg stort, sjølv um eg framleis stresser med alt eg ikkje fær gjort ferdig her i landet. Menmen, det gløymer me truleg fort når me hev sett fot på nytt land.

XO-1, One Laptop Per Child (OLPC)

Meg og Børge siklar som nokre småungar på denne berbare maskini. Det er ikkje rart; denne maskini er laga for å reisa den tredje verden og minska det teknologiske hólet som finst mellom oss. Dei vil prøva å gjeva ei maskin per unge slik at maskini kann brukast til å utdanna seg sjølv.

Kvar hev eg lært alt eg kann um datamaskiner? Det hev eg lært sjølv. Mykje ved hjelp av internett i tillegg til prøving og feiling på eigen maskin. Mange land (som Brazil og Peru) er ikkje totalt underutvikla (dei hev mat osb), men manglar likevel konkurranseemne til å kunna reisa seg skikkeleg. Idéen er å reisa born i heile verda og gjera dei teknologisk kompetente ved å la dei taka større del av utviklingi sjølve.

Kaup tvo, få ein!

Eigentleg prøvde dei selja til statar, men det viste seg å vera litt vanskeleg. So no, for å få starta det heile og få upp produksjonen (større produksjon = billegare maskinar), sel dei ein maskin for prisen av tvo.

«Huh? Men er det rett?», spyrr du kannhenda.
«Jeppsideppsi,» forklarar eg «den eine gjeng til deg, den andre til ein unge i eit land.»
«Kva for land?»
«Eit i tredje verdi, eller andre. Uindustrialisert iallfall.»

Teknisk

OLPC XO-1

Grunnen til at eg vil hava ein XO-1 (fyrste maskini laga av OLPC) er altso ikkje berre av di eg vil gjeva ei maskin til ein unge. Eg vil jo hava maskini sjølv òg, men kvifor? Jo, spesifikasjonane på den lille søte maskini er heilt nye. Ein ny spesiallaga skjerm som fungerer i soli, sers låg straumbruk og heile maskini er fri og open. Ja, han køyrer sjølvsagt Linux. Kjeldekoden til programmi som kjem med ligg ved maskini, so det skal vera enkelt å endra ho. Tenk so kult! Eg kann berre sitja ute i soli i timesvis og programmera!! Det er so mykje tøft med denne maskini at det ikkje er til å tru.

Korleis få då?

Dette er vel heile grunnen til at eg skriv dette fyrr eg hev fengje sjølve maskini. Det viste seg å vera sers vanskeleg å få kaupt ei maskin. Meg og Børge gjekk saman for å få det til. Me visste det ville verta litt vanskeleg, for OLPC skreiv:

  • Maskinane vil berre vera tilgjengeleg for USA og Kanada

Som er ganske teit og tullete for alle oss koselege folk i resten av verdi. Men det vart endra då dei gjorde det mogleg å kaupa maskini til 31. desember. No står det at du skal kunna kaupa maskini same kvar du er, berre du sender ho til ei adressa i USA/Kanada. Det er ikkje so enkelt. Me fekk det ikkje til med Børge sin USA-registrerte PayPal-konto og ei JetCarrier-adressa i USA. Heller ikkje med Leif Arne sitt USA-bankkort og JetCarrier-adressa i USA. Kannhenda dei ikkje sender til JetCarrier. Veldig rart.

Det ser ut som dei sel og sel av denne maskini. Ikkje rart. Men det spyrst kor raskt dei klarar pumpa opp produksjonen nok til å klara senda våre når me ein gong fær tinga dei skikkeleg.

Same kva. Trass alle dei digre problemene me hev, eg hev so inn i granskauen lyst på ein OLPC XO-1. Gaaah. Hackety-hack.

Lillesyster mi, Kitty Karina, må absolutt òg få ein; ho skal jo verta ein stor hackar. Yey! :D

Oppdatert: Endra JetDirect til JetCarrier, etter marXman gjorde meg merksam på det

Brua til Terabithia, fantastisk god barne(?!)film

Filmforsmakane fyrr sjølve filmen er utelukka for barnefilmar. Reklamen og filmplakatane viser òg at det er ein barnefilm. Dei hev tilogmed omsett tittelen til norsk, noko dei diverre(?) berre gjer for barnefilmar. So dei vil hava meg til å tru det er ein barnefilm. Likevel hadde eg lyst til å sjå han, nett i dag. Veldig rart. No hev eg sett han saman med Rebecca, og eg kan raskt seia; det er den beste filmen eg hev sett so langt i år.

Barnefilm i Noreg? Ungdomsfilm i USA?

Eg hev sett litt rundt og funni ut at folk hev vorte sinte av di det ikkje var ein typisk barnefilm. Dei hadde teke med seg ungane sine og trudde dei skulle sjå ein magisk film for ungar. Eg trur filmen er veldig god for ungar, men likevel synest eg han fortener å verta kalla ungdomsfilm. For han handlar um alvorlege emne, og eg vart veldig rørt av denne filmen. Eg grein som ein liten unge. Filmforsmaken (eg klarar ikkje finna eit godt norsk ord for «Trailer», må vel laga noko nytt og spenstig) viser det som ein barnefilm. Det forstår eg godt, for det er litt vanskeleg å visa kor ekstremt god rollebygging og kor trist denne filmen er i ein liten forsmak. So dei hev berre teke med dei overflatiske delane (som forsmakar plar gjera).

Den norsk-danske filmplakaten

Noko eg beit meg merke i, derimot, var dei forskjellege filmplakatane eg såg av denne filmen. I Noreg ser det ut som ein livleg film som er full av glede og morsomme påfunn:

Broa til Terabithia

«Broen», liksom. Og kva faen? «Ei heil ny verd ventar på deg»? Det er det dummaste eg hev høyrd! Hev me sett same film? Jodå, eg forstår kva dei meiner, men å hava noko so villeiande på ein plakat er berre slemt. Folk trur dei kjem til ei heilt ny verd då, ikkje tekniske detaljar ein kann sno seg rundt når ein allereie hev sett filmen (evt. lest boki). Sjølv um det er mogleg å skriva den teksten, so er det jo ikkje det filmen handlar um. Dei som trur og ventar det vert skuffa. Kvifor omsette dei ikkje berre det den engelske plakaten seier?

Den engelske/amerikanske(?) filmplakaten

Den amerikanske plakaten er meir vaksen og passar betre til filmen. Kvifor prøver me i Europa å selja filmen som noko han ikkje er?

Bridge to Terabithia

Forresten fann eg ein annan plakat på IMDB, som ser meir ut som ein typisk Disney barnefilm. Fann ikkje stor versjon:

Bridge to Terabithia

Kinosalen var nesten tom

Det kann henda av di det var sundag, og midt på dagen. Men filmen gjeng ikkje på kvelden, av di det visstnok er ein familiefilm. Piss og tullprat. Denne burde hatt meir grunn til å gå på kvelden enn det Narnia og Harry Potter-filmane hev. Dei vert vel kann henda sett på som familiefilmar og barnefilmar, men likevel fær dei mykje høgare status når dei vert marknadsført. Men «Brui til Terabithia» hev betre skodespel, ei meir alvorleg historie og mindre «woop-woop» barneunderhaldning enn Narnia og dei fyrste Harry Potter-filmane (dei hev vorte mørkare og meir vaksent).

Faktisk so er det ikkje ein magisk verd i det heile teke i denne filmen, dette er ei realistisk historie. Eg vart sers yverraska (og glad) då eg fann det. Kann henda det var grunnen til at eg vart so rive med og grein slik eg gjorde. Det er skikkeleg synd at fleire ikkje vil sjå denne filmen. Dei burde vore meir ærleg um kva han er for noko. Eg veit mange som ikkje vil lika han kjempegodt, men synest det var ein ganske god film; dei vil truleg aldri sjå han. Hadde eg sjølv sett på TV / sett forsmaken på filmen hadde eg truleg ikkje sett han. Eg såg ein plakat ein gong, tenkte filmen såg litt tåpeleg ut og so gløymd han.

Kvifor såg eg filmen lell?

Meg og Rebecca såg ein morosam film i går «Ella the Enchanted» (Den fortrylla Ella) som eg vart positivt yverraska yver. Eg trudde han var megateit, men eg likte han. God underhaldning. Difor var eg meir villig til å sjå «Bridge to Terabithia» i dag. Det angrar eg slett ikkje på. Fantastisk, fantastisk film. Ahh. Eg kjenner meg (bitte)litt att i han frå då eg sjølv var liten.

Ho som spelte «Ella» i førnemde film var fantastisk herleg. Det same var dei tvo hovudskodespelerane i denne. Josh Hutcherson og AnnaSophia Robb imponerte meg verkeleg. Eg plar ikkje bry meg stort um skodespelarar, men hekkan so bra det var. Elska rolla til AnnaSophia.

Kva handlar filmen kort um då?

Jesse hev trent heile sumaren for å verta den raskaste sprintaren på skulen og få respekt. Når den nye eleven Leslie kjem og vinn yver alle vert han sint. Til slutt vert dei likevel gode vener, trass i at ho er rik, han fattig, ho kjem frå byen og han er bondegut. Saman lagar dei Terabithia, med monstre, troll, kjemper og farlege ekorn. Dei er konge og dronning. Denne venskapen hjelper Jess å takla tragedien som fær han til å innsjå kva Leslie hev lært han.

(Det er stole frå IMDB)

Høyrest kann henda ikkje best i verda ut. Men det er superherleg å sjå Jess og Leslie leika saman, og tragedien gjeng verkeleg sterkt inn på ein av di filmskaparane hev fengje oss til å bry oss so mykje um dei.

So um du hev litt tid og vil sjå ein film, ikkje ver redd for «Brui til Terabithia». Vurdér han saman med andre filmar, det er ingen barnefilm som utelukkar vaksne/ungdom.

Hev du sett han? Kva tykkjer du?

Johan Galtung pratar på Sophus Lies auditorium i dag

I dag kl 14.00 pratar Johan Galtung på Sophus Lies auditorium um «USA – imperiets nedgang og fall, … og kva so?». Det er i regi av SmiO og nokre studentar på nordisk årsstudium. Eg laga plakat til dette, og skal sjølvsagt vera på det. Men me hang opp eit par-få plakatar i går – dimed trur eg ikkje det kjem so mange som sist. Då var det jo plass til 500, men likevel heilt fullt. Folk kom ikkje inn! Det er difor me skipar til noko nytt med denne kjende fredsforskaren. Eg gler meg!