Merkelapp-arkiv: Utanlandsreisa

I London!

Eg skreiv ikkje eit «no reiser eg»-innlegg som eg plar hava god vane for å gjera. Kannhenda den lange tidi utan ei netside hev gjort meg slakk.

Same kva, eg hev sers litan tid, sidan det var 25 minutt sidan Helene sa me skulle møttast um 45 minutt på ein t-bane-stasjon nede i byen.

Helene v Tower Brigde i London

Me drog ned den 5. desember, etter eg hadde fengje ein tøff kjeledress til bursdagspresang av Helene (endeleg, eg hev jo tenkt skaffa meg ein slik i yver eitt år!). Me feira bursdagen min her i England og flytte inn på det andre hostellet. Det heiter Palmers Lodge og hev ein herleg gamal engelsk stil yver seg. Veldig kult.

Eg ved den gamle skulen min (Oxford and Cherwell Valley College), dei hev RIVE hovudbygningen!

I går var me i den gamle heimbyen min, Oxford, det var veldig moro. Kva vert det no, 5-6 år sidan! De kann faktisk framleis lesa mange av dei gamle tekstane mine frå då eg var i Oxford på sida her. Merk, nynorsken er elendig (på den tidi var framleis langt fram til eg byta hovudmål).

Helene framfyre Big Ben i London

I dag stod Helene tidleg upp for å handla rundt her i London. Eg gadd sjølvsagt ikkje det og vart verande i sengi og hev no sitte på lånt datamaskin (frå Nei til EU sjølvsagt) i den flotte, herlege fellesstova.

Til New York i morgon!

I morgon forlet eg og Helene landet og reiser til New York i USA.

Eg driv på og sletter alt på Fjord (det er den vesle Asus Eee-pcen mintil Helene) og legg inn Cruncheee.

Sidan dei er so nazi på alt i USA, so må eg passa på å ikkje leggja inn DVD-stydnad, hendige kodekar eller anna som dei kann finna ut er grunn nok til å halda oss ute or landet.

Eg gler meg stort, sjølv um eg framleis stresser med alt eg ikkje fær gjort ferdig her i landet. Menmen, det gløymer me truleg fort når me hev sett fot på nytt land.

Berlin, Januar 2009

Eg fekk aldri skrive noko meir um Berlin-turen vår enn då me var på flyplassen på veg ned (dette innlegget er eigentleg skrive 2009-05-25). So eg tenkte eg kunne leggja ut eit par bilete med tekst for å fortelja litt kort um turen. Andre hev jo allereide gjort det.

Den siste lenkja hev dette biletet frå eit prøverom i Berlin. Det er Janne-Kristin og Helene, som de ser. Biletet er Ida sitt. Dei andre som var med på turen var Synnøve og Klaus

jannekristin-og-helene

Det viste seg at Klaus ikkje hadde same ladar som eg trong til mitt kamera, so det vart litt få bilete. Kamera mitt slutta fungera etter ei stund. Utruleg synd. Eg stal kamera til Klaus nokre gonger, men eg kunne jo ikkje godt taka det frå han!

Ikkje yverraskande frå førre innlegg um Berlin-turen, men her er det ekte prov på kven som er linselusen. Det er ikkje eg som tek bilete av Janne-Kristin, det er Janne-Kristin som plasserer seg i bileti mine (og ja, eg skal fiksa netsida di snart :) ).

Gjengen på flyplassen, henter bagasje

Me fann ut at S-bahn var tingen å taka inn til byen. Det me gjerne kallar tbane i Noreg. Dei hev tvo variantar, U-bahn som gjeng (for det meste) under jordi og stoppar mange plassar, og S-bahn som gjeng yver bakken og er ein slags ekspress.

01-opptiltoget

Klaus skaffar billett

Rommet me hadde leigd hjå JetPak viste seg å vera utruleg fint. Det var ikkje mange euroane me betalte for det rommet, so me hadde ingen grunn til å venta noko særleg fint. Det var tilogmed eit eige gå-inn-i-skap som jentene likte sers godt (dei er jo trass alt jenter). <- Hohoho, sjekk kor dømmande eg er.

Ida og Helene inne i klesskapet

Ida og Helene inne i klesskapet

Ida, Janne-Kristin og Synnøve på tbanen, legg merke til Synnøve sitt skjørt. Eg såg det ikkje fyrr no! Wow! Snakk um match.

Ida, Janne-Kristin og Synnøve på tbanen, legg merke til Synnøve sitt skjørt. Eg såg det ikkje fyrr no! Wow! Snakk um match.

Vapiano. Her åt me 2-3 gongar. Billeg, fersk pasta som dei lagar til deg medan du står og ser på. Veldig bra. Du fær eit plastikkort som du betalar alt med, og so må du betala gjeldi di når du gjeng derifrå. Ganske effektiv heile plassen.

Vapiano. Her åt me 2-3 gongar. Billeg, fersk pasta som dei lagar til deg medan du står og ser på. Veldig bra. Du fær eit plastikkort som du betalar alt med, og so må du betala gjeldi di når du gjeng derifrå. Ganske effektiv heile plassen.

Tidleg morgon. Ida sminker seg.

Tidleg morgon. Ida sminker seg.

Og Klaus held fram med å sova. :-)

Og Klaus held fram med å sova. :-)

Frukosten min hjå JetPak sin vesle kafé. Minner meg um england og ...mindre bra frukostar der ;-)

Frukosten min hjå JetPak sin vesle kafé. Minner meg um england og …mindre bra frukostar der ;-)

Ida drikk morgonkaffi på JetPak-kafèen

Ida drikk morgonkaffi på JetPak-kafèen

Janne-Kristin og kaffien hennar

JetPak-kaféen var seriøst miniliten. Ikkje god plass til oss der, litt stress å eta når folk venter på å få sitjeplass.

JetPak-kaféen var seriøst miniliten. Ikkje god plass til oss der, litt stress å eta når folk venter på å få sitjeplass.

Me fær gaiding «kor er dei beste plassane» frå ei JetPak-tilsett, ho var ekstremt ivrig til å hjelpa. Eg gjekk alltid rundt med det kartet i lomma, sidan eg elskar kart.

Me fær gaiding «kor er dei beste plassane» frå ei JetPak-tilsett, ho var ekstremt ivrig til å hjelpa. Eg gjekk alltid rundt med det kartet i lomma, sidan eg elskar kart.

Synnøve på jøde-monumentet for 2. verdskrig, me var på gaida tur. Dei andre gjekk på tyskspråkleg, men eg og Synnøve tok den engelske varianten ;-)

Synnøve på jøde-monumentet for 2. verdskrig, me var på gaida tur. Dei andre gjekk på tyskspråkleg, men eg og Synnøve tok den engelske varianten ;-)

Muren, området til venstre er «death strip». Utruleg interessant.

Muren, området til venstre er «death strip». Utruleg interessant.

Trabant, trabi, drøymebilen! Drittøff! :D

Trabant, trabi, drøymebilen! Drittøff! :D

Pause i den gaida turen.

Pause i den gaida turen.

Luftwaffe, Nazistane si flyvåpenbyggning, nazist-arkitektur på sitt b--verste. Var frykingytande. Skummelt.

Luftwaffe, Nazistane si flyvåpenbyggning, nazist-arkitektur på sitt b–verste. Var frykingytande. Skummelt.

Synnøve på _parkeringsplassen_ der Adolf Hitler tok livet sitt. Dei ville ikkje gjera det til eit monument slik at nynazistar kunne gå der. So... Ein heilt vanleg parkeringsplass utan so mykje som eit skilt.

Synnøve på parkeringsplassen der Adolf Hitler tok livet sitt. Dei ville ikkje gjera det til eit monument slik at nynazistar kunne gå der. So… Ein heilt vanleg parkeringsplass utan so mykje som eit skilt.

Me gjekk inn i eit fredsmonument, som i all tysklands historie hev vore ymse krigsmonument. Av di Tyskland elskar krig.

Me gjekk inn i eit fredsmonument, som i all tysklands historie hev vore ymse krigsmonument. Av di Tyskland elskar krig.

På U-bahn, skal ut på byn og eta ;)

På byn for å eta. Her er me endeleg alle saman på bilete! Jepp, eg sit bak ein herleg alkoholfri Beck’s. Dei var sers gode.

Ah, eg berre tulle på førre. Janne-Kristin var jo òg med. Veit ikkje um det er min alkohofrie Mohito (satan den er ekstremt god! :D), elder noko anna ho drikk av.

Me såg ein «Sporvegane»-buss på veg heim. Yay, norsk i utlandet, slikt elskar me nordmenn. Dei hadde skaffa vin, og eg hadde jo 10.000 forskjellege typar alkoholfri øl heime.

Me såg ein «Sporvegane»-buss på veg heim. Yay, norsk i utlandet, slikt elskar me nordmenn. Dei hadde skaffa vin, og eg hadde jo 10.000 forskjellege typar alkoholfri øl heime.

Dagen derpå. På Starbucks. Helene og Klaus stel kvar sin Starbucks-kopp (utanum koppane dei kaupte), av di dei ikkje er til sals. Ida er trøytt, hoho. :)

Dagen derpå. På Starbucks. Helene og Klaus stel kvar sin Starbucks-kopp (utanum koppane dei kaupte), av di dei ikkje er til sals. Ida er trøytt, hoho. :)

Synnøve og Janne-Kristin. Me kaupte sjokolade.

Synnøve og Janne-Kristin. Me kaupte sjokolade.

I Berlin Zoo. Her gjeng kamera mitt. Ikkje meir straum resten av turen. Eit stort nederlag for meg. Gjorde ilt i hjarta. :-(

I Berlin Zoo. Her gjeng kamera mitt. Ikkje meir straum resten av turen. Eit stort nederlag for meg. Gjorde ilt i hjarta. :-(

Fleire bilete eg tok, med Klaus sitt kamera

Eg stal kamera til Klaus òg, men berre når eg hadde veldig lyst å taka eit par bilete. Difor mange færre, og mindre uplanlagde bilete.

Janne-Kristin på Dunkin' Donuts

Helene på Dunkin' Donuts

Klaus på Dunkin' Donuts

Ida på Dunkin' Donuts

Janne-Kristin på Vapiano, drikk te

Helene på Vapiano med te

Janne-Kristin og Klaus på ein koseleg restaurant

Alkoholfri øl + sirup, det smakte... Rart, på ein interessant måte.

Alkoholfri øl + sirup, det smakte… Rart, på ein interessant måte.

All mi alkohofrie øl (på det tidspunktet). Becks Alkoholfrei, Clausthaler Preimum og Erdinger Weiss Alkoholfrei var mine favorittar.

All mi alkohofrie øl (på det tidspunktet). Becks Alkoholfrei, Clausthaler Preimum og Erdinger Weiss Alkoholfrei var mine favorittar.

Og so nokre av Klaus sine eigne bilete

Eg mangla bilete av ein heil del, so eg fyller inn med bilete frå Klaus.

Eg legg ut flyplass-innlegget på bloggen min

Synnøve, Odin (eg), Ida, Janne-Kristin og Helene

Ida. Dette biletet er berre driiitkult. All kudos til Klaus her. Hekkan eg digger det. Det var ein kul trakt som du putta penger ned i, so snurra dei og snurra og snurra. Me brukte alle pengane me hadde :P I Berlin Zoo.

Odin/Eg!

På sushi-plassen, beste sushien eg nokon gong hev smaka, eg hev slutta eta sushi (og fisk) etter dette. For ingenting slår dette. So eg er ekte veggis no, etter denne upplevingi her.

Ferdig med biletepost

Dette var berre utruleg frustrerande og tidkrevjande og eg ser ikkje at det hev nokon stor verdi. So eg kjem ikkje til å halda fram med denne typen innlegg. Då skriv eg helder eit par sider tulletekst og putter eit-par få bilete mellom. For denne stilen passar meg verkeleg ikkje.

Er de einig? Kva tykkjer de um slike innlegg?

Keisamt å reisa åleina?

Mamma sa alltid det er dritkeisamt å reisa åleina. Eg hev alltid villa reisa åleina; kannhenda ikkje so mykje for å vera åleina – men mest av di andre ikkje vil der eg vil. So viss ingen andre hev sterkt ynskje um å vera med so vil eg helder reisa åleina enn å ikkje reisa i det heile teke.

For ei god tid sidan (eg var vel ~14–15) reiste meg og Buster 14 dagar åleina i Danmark. Det var kjempekos. Me sykla heile vegen. Likevel var det ikkje alltid slik at me skulle sykla; eigentleg skulle nokon andre vera med. Då dei plutseleg ikkje kunne lengre var eg vonbroten—eg ville reisa same kva. Dette fekk eg ikkje lov til. Heldigvis hadde min tøffe fetter Jens Buster lyst. Veldig bra.

So. Kva no? Jo, eg vitja Helene i Danmark, ho er i Århus og hev eksamen der. Etter eg endeleg hadde fengje sett ho att (det var godt! :D) såg eg at ho helst burde få tid til å gjera eksamenen sin. So eg fann ut at eg skulle reisa aleina. Er det so keisamt som mamma vil hava det til? Eg må nesten finna ut av det sjølv; slik at eg eventuelt kann drita i å tenkja tanken neste gong han byd seg.

Eg fekk ikkje dra frå Helene med mindre eg lovte å skriva ferdaminne frå turen. Vel, – dette startar eg no. Eg hev vore dårleg på uppdatering av bloggen i det siste; andre ting hev teke tidi mi. Det kann henda eg gjer noko eg nesten aldri gjer; lagar ei kort uppsummering av alt eg ikkje fekk tid til å skriva um.

Men no må eg springja for å rekkja toget til Göteborg! Best eg rekk det!

Dubrovnik, Kroatia dag 1-4

No hev me vore 4 dagar i Dubrovnik. Eg hev skrive litt av det som me hev drive med. (Dette er faktisk den sjette dagen, då, men eg har ikkje skrive så langt. Spørst om eg gidd, blei så drit lell :p)

Den mørke lina

Det er ei mørk, mørk line heilt ytterst på horisonten. Ho er på veg hit. Me hadde slått tidleg opp til overskya vêr, skulle på båttur i dag. Den mørke lina tref ein seglbåt uti havgapet. Me sit paralysera. Båten hev fulle segl – mamma ryddar opp maten. Masta til båten ligg omtrent horisontalt – ser ut som om han hev kantra. «Kanskje me skulle gå inn», mumlar mamma.

Fyrste dag

Tri dagar tidligare landa flyget hardt på rullebanen med eit ekstra adrenalin-hopp. Me kom til denne vakre plassen der Kitty Karina straks ville bada. Etter ein god del lesing frå mi side var me på plass nede i gamlebyen. Denne fantastiske staden med tjukke murar rundt. Alt er så middelaldersk. Utruleg herleg. Kjempetynne gatar splitter dei elles særs så kompakte hustaka frå einannan. Det er som om ein dobbelt så stor by er pressa inn mellom murane. Denne byen, Dubrovnik, er starta på i 1200 og er på UNESCO si liste over Ting Verdt Å Taka Vare På ™. Det er ikkje vanskeleg å forstå.

«Han var iallfall mykje betre enn den eg fekk tidlegare i dag», vitra Unni om kaffien sin. Eg kunne ikkje forstå at det framleis var same dagen i Kroatia. Ei utruleg god kjensle. Det varme og unormalt klamme vêret var slitsom, medan kjensla at det ikkje var lengje sidan eg var her berre var rar. meg og Falke blei igjen for å prata og sjå på livet. med store isar og stolane vend mot det store klokketårnet, såg me at klakka blei XII 0. Rebecca 18 år! :D Fyrste dag over, eg la meg klokka eitt.

Inn i mørkret

Den mørke lina med dei sinte skyene traff kysten hardt. Trea lener seg over. Me ser ho koma nørare. Havet frådar, det blir kvitt seier pappa. En vind tek tak i det me hev igjen på bordet. Det er eit merkeleg vêr, slik varm vind.Me går inn, set oss ut på ballkongen, kjenner ei dråpe vatn. Det byrjer snart hølja. Me putter i oss dei siste brødskivene medan me ser stormen leggja Dubrovnik under digre vasskuler. Regn. Slik sit me i fleire timar og ser på dei få uheldige båtane der ute. Eller kanskje heldige – slike enorme bølgar ser kult ut. Båtane forsvinn omtrent i dei før dei plutseleg flyg over vatnet igjen. Moro.

Andre dag

Neste morgon blei særs roleg, masse bading i badebasenget etter frukost under parasollen. Me humpa nedover dei akkurat 495 trappane mot gamlebyen med sterk sol på magen. toppa på eit bakeri på vegen. Dette var dagen me skulle taka turen rundt bymuren. Etter ein treig start (eg skuldar på deg, Kitty Karina!) gjekk det endeleg framover. Eg er interessera i å l;ra om historia til Dubrovnik og muren – men ikkje i å sjå på kitsch1 som av ein eller anna stygg grunn måtte finna seg på bymuren. Heldigvis hadde eg med den flotte boka mi2, så det var ikkje noko stort problem.

Råning i Dubrovnik

Me åt middag (vegetar for meg igjen) og hadde is til dessert. Isen åt me vend mot hovudgata i Dubrovnik. Ei gate like brei som ein bilveg, utan bilar sjølvsagt. Fråvêret av bilar tydar ikkje at ho er utraffikera dorimot. Det er ho, i aller høgaste grad. Her fartar nemleg hundrevis av menneskje om kvelden. Gata er skokkfull3. Mamma og pappa kosa seg med å sjå på desse ustanselege folka medan resten av oss gafla i meir is. Det var då pappa høgt undra seg kvifor han såg så mange folk på ny. Opp til båe tredje og fjerde gong. Mamma, som den bygdejenta ho er4, forsto teikninga raskt. «Dei rånar!» utbraut ho med eit digert glis.

Fleire av dubrovnik sine lokale vandra langs denne gata – det var dei som verkeleg hadde teknikken og vilja. Langs hovudvegen er det fleire kaféar og isplassar, det var langt frå éin gong dei såg nokon kjende og veksla klemmer og løynde5 kroatsiske ord. Me sat og såg på den fint kledde kroatsiske ungdommen pluss turistane litt lengre før me starta på turen opp igjen i skråningen over byen der me bur.

Eg hadde ikkje mykje igjen av boka, og ho var særs spanande – difor måtte eg berre lesa ferdig. Etter mykje om og men fann eg ljos rett med badebassenget; det kom frå eit rom. Heldigvis hadde dei ikkje lagt seg, så eg fekk lesa boka ferdig. Eg er sikker på at ho var slutt fleire gongar – det var ekstremt spanande! Eg las med full innleving, då eg var ferdig sat eg igjen med å sakna Rebecca. Eg var så hoppande glad og ville skrika ut; men alle sov. Eg starta på ei lang, flott melding til kjærasten min. Skreiv lengje og langt, heeilt til batteriet gjekk. Så låg eg hyper og ute av stand til å sova til eg hadde roa meg ned og gjorde nett det. Sov.

Alle mørke liner vekk

Det er høgt utpå dagen. Eg hev sove lengje ekstra. Båtturen ut på dei ymse øyene er utsett til imorgon. Vêret er særs myke lettare og Kitty Karina masar om at me må bada. Mamma les elendig kiosklitteratur, medan pappa les Time, sidan han er ferdig med Dag og Tid og Ny Tid. Moro korleis alt han les hev «tid» i tittilen. Når eg las opp dei to siste setningane, protesterte mamma; «eg las nett glasslottet!». Ho er tydeleg krenka, men så ler ho «du heng meg ut på bloggen din, du får meg til å sjå ut som ein idiot!». Me høyrer tvo dunk. Eg som hev kræsja tvo gongor, kjende ljoden godt igjen. Bilkræsj. Men tvo? Oppe på vegen står ei rad bilar, tri av dei på enden. Folk går ut – ei dame set seg ned og grin6.

Dag tri

Utruleg hett i solsteiken. Me stod på ein busshaldeplass og såg den eine etter den andre turistbussn køyra forbi. Sjølv venta me på lokalbussen. I den steikande sola var ventetida horribel. «Ofte er det betre å berre gå», fortalde mamma med ei spørjande tone. «Ja, me går», sa eg og så gjekk me.

Me ville finna nye plasser, så denne dagen drog me vest. Skulle nedom den meir moderne sentrumskjerna og sjå på eit par kjøpesenter og anna. eg og pappa kjøpte sko. Nede ved havet igjen (no på ein turistplass – ei herleg små-rund-stein-strand) bada me. Eg hadde kjøpt noko7 til Rebecca (ho blei nett 18) og samla stein til ho. På vegen oppover igjen var eg lengje innom ei bod og såg på noko anna til ho. Eg hadde eit par alternativ – men til slutt måtte eg berre velja noko. :)

I gamlebyen litt seinare snakka ein servitør norsk til oss. Han var særs søt og sjarmerande. Eg er glad Rebecca ikkje var med8. «Om du ikkje likar maten, betalar eg», sa han. Javel, det såg ut som ein in plass, så me sat oss ned. Eg tinga vegetar og wopah! Det var godt! Me åt dessert før mamma, pappa og Kitty Karina byrja gå til bussen. Meg og Falke blei igjen i byen og såg så smått på nattlivet og byen generelt. Etter ei god stund starta me på turen opp att. Då me kom fram, hadde resten av familien nett kome. Viser igjen kor treigt det er å taka buss. Heime venta ei gladmelding frå kjærasten min. Rebecca og Miriam hev fått statiskroller i «Mannen som elsket Yngve»! Kjempekult! Eg gler meg stort til å speida etter dei søte Solheim-søstrene på kino! Eg var litt trøytt og sliten då eg les det. ikkje i aller beste humør. difor sende eg ei litt halvsur(!?) melding tilbake. Eg var vel eigentleg berre sjalu, dumme meg, haha. :D Eg sende ei ny melding etter dusj – endå ikkje med energi i kroppen – men eg forsto godt kor teit eg ar. I dag er eg dritstolt av det og synest det er kjempemoro!

Fjerde dag, notid

falke og Kitty karina er vekk, dei gjekk for å bada. Eg følgjer etter. Det er kaldt. falke seier det same. Me symjer under vatn, fram og tilbake. Falke klarar 8 gongar, eg 6. Han er båe sterkare, betre i vatnet og betre trena lunger enn meg. Vasspoloen som gjer det. Sola skin gjennom. Med ein gong blir det mykje varmare – stormen er heilt forbi no.

Vegetarretten er dynka i eddik. æsj. Djevelen sitt verk. Nokre vonde munnfullar seinare sit me på ein milkshakeplass. Falsk rista mjølk då, kunstig smak. Usj. Ved sidan av oss sit ei søt jente9 og far/kjærasten hennar. Mannen sit og held på med ein Sony Vaio-PDA, medan jenta keier livet av seg. Eg merkjer det til pappa som ler; «for litt sidan rista ho i PDA-en hans og lo. Medan han berre sat like utrykkslaust». Dei hev te. Ho keier seg skikkeleg, stakkar. Gå ut med fyren – så sit han berre å ser inn i ein skjerm. Totalt usosialt. Jenta held ein digital speilrefleks. Ho tek eit bilete av fyren. Med blitz. Endå eit. Ho smiler. Ho blitzer han, ein gong i sekundet – heile tida. Folk ser på dei. Han ser ikkje på ho, men gjer noko med PDA-en – reiser han opp – og tek bilete av ho med han. Dei sit og tek bilete av einannan. Ho smiler, medan han sit utan eit utrykk i andletet. Etter lang tid slutter dei. Hahahah. Så utruleg rart. Så går me heim.

Hum. Og så var det ferdig.

Fotnoter

1 Kitsch er masseprodusera «kunst», eller iallfall wannabekunst.

2 The Shadow of the Winds. Heilt fantastisk bok!

3 Skokkfull, heilt ful. Eg er ikkje sikker på tydinga.

4 Mamma vaks opp i Kviteseid i Telemark. Noko eg vil kalla, om eg får lov, ein av råninga sine høgborgar. Trass råninga, brukar likevel Kvitseidbuen den meir framtidsretta og moderne målforma; nynorsk. Moro!

5 Eg høyrde ikkje kva dei sa, ei heller forsto eg det – difor meiner eg det må vera skjult.

6 Her sa eg «Hah! Tvo kvinnfolk! Kunne ikkje vera nokon andre!» til mamma slik at ho skulle bli sur. Ho gjennomskua meg.

7 Eg kan ikkje seia kva, ho les bloggen min.

8 Då pappa var på reise i Kroatia med kjærasten han frå gymnaset forelska ho seg i kelneren på hotellet. Ho forlot pappa midt i den fyrste ferien deira.

9 Langt i frå like søt som Rebecca, men det veit de jo! :D

Amsterdam, dag 2-3

Arrr, klokka er 09, me må snart dra. La meg 04 i natt, dagen før det 05–10. Har framleis ikkje gjort hovudpunktet i kvifor eg er i Amsterdam, men det skjer i dag og imorgon. Kjenner likevel for å gje eit kort resyme av kva som har skjedd til no.

Dag 2, gig @ Burbon Street

Fyrste dagen har eg allereie skrive om, men veit ikkje korleis eg skal få det av laptopen endå. Sto opp hos Peter, forsto ikkje dusjen så eg dusja ikkje. Det var iskaldt ute, og regna då me fann ut dei me skulle til ikkje var heime/vakne. Satt oss inn på ein internettcafe då.

Når Balkyre (anar ikkje skrivemåte) og kjaerasten var oppe gadd me ikkje dra til byen igjen. Sat inne med dyner over oss i sofaene, eg starta på Harry Potter og fangen frå Azkaban. Neste dag var eg ferdig med han. På kvelden skulle dei spele på “Burbon Street”, ein bluesbar her i Amsterdam. Eg filma litt av det, men eigentleg er ikkje det noko me skal ha så mykje av. Var masse gamle folk, var der frå 20–04. Skulle gjerne gått klokka 00 eg, men akk. Tok Taxi heim, synest han tok ein litt lang veg. Slik er det med turistar.

Dag 3, gig @ Waterhole

Vakna av enorm snorking. Då var klokka 10, eg gjekk å dusja (denne dusjen kunne eg forstå). Måtte taka på dei gamle kleda; sidan eg ikkje (ingen av oss) visste at me skulle sova hos dei. Naerme byen. Det var jo myykje greiare då. Slapp å taka ghetto-nattbussen heim att. Dei kleda stinka. Var i byen, åt frukost og såg på menneskje. Eg kjøpte ei brun-ish hue/lue. God og varm.

Denne dagen skulle dei spela på ein plass som heiter Waterhole. Før det sat eg litt på maskina, ville skriva. Rebecca ringde meg, sidan me hadde 1-månadsdag. Me prata alt for lengje, noko båe min og hennar foreldre si telefonrekning vil sjå. Eg prata frå eg var i leilegheita, ut til trikkestoppet, på trikken, gåtur i byen, utanfor Waterhole, gåtur til Burbon, gåtur tilbake, så masse vimsing rett uti gata der. Var heilt varm i øyra då me slutta av. Berre nokre få dagar til eg er heime lell, sa det er ikkje noko problem.

Sjølv om eg savna Rebecca då eg sto opp i dag, eg har ikkje for vane å gjera slik, men no hadde det tydeleg gått lang nok tid for det (4 dagar). Heilt aerleg trudde eg det skulle taka lengre tid. Tok jo eit halvt år før eg tenkte på familien då eg var i Oxford. Men Oxford hadde mindre dødtid, var mykje meir utfordrane og nytt. Same kva, det var ein avleiing.

Inne på Waterhole spelte Pat Savage Band veldig bra. Dei hadde fått med seg ein utruleg dyktig pianist (som hadde reist i Noreg og plumpa ut med norske setningar) og det var mykje meir speleglede enn dagen før. Dei tilsette på Burbon hadde sagt dette var det beste bandet dei hadde hatt der på iallfall eit år. Burbon plar vera plagsomme sutrekjerringer seier Pat, så han var positivt overraska over å få god tilbakemelding av dei.

Kjaerasten til trommisen ville absolutt visa meg Red Light district her i Amsterdam. Eg sa fort at det hadde eg ikkje stort mykje lyst til; eg likar ikkje slike plassar. Han fortalde meg om korleis det var, at dette var ein turistattraksjon – sikker og trygg. Ikkje som Soho i London (som eg diverre har hatt tidligare erfaringar med). Han overtydde meg – dessutan skulle me berre gå gjennom gata.

Red Light district

Me sykla bort, det var forresten kjempemoro. Var ein gamal sykkel; men wow så god. Mykje betre enn dritet heime, – dette var ein sykkel i klasse med racersykkelen min i Oxford. Det var raude ljos, jenter i eit rom med vindauge foran som sto i undertøy. Han hadde sagt at dei

  1. Var bak glass
  2. Dette var ein turiststad
  3. Dei hadde undertøy på

…så då hadde eg gått med på det. Heldigvis snakka han sant, ikkje at eg nokon gong trudde noko anna. Gatane var reine, det var masse folk. Masse folk ein ikkje hadde forventa å sett ein slik plass. Var tydeleg at det var ein turistattraksjon; det var sikkert tynt mellom dei ekte kundane, heldigvis! Eg blei ikkje så vemma som eg trudde eg skulle bli. Ein såg ikkje noko handel, ein såg ingenting – det var som ein motevisning meir eller mindre. Jentene var friske, ikkje narkovrak – det var masse politi og ein slapp sjå noko ein ikkje ville med mindre ein oppsøkte det.

Eg var såpass naiv at eg ikkje forsto det heilt, spurde korleis dei tente pengar på å stå bak vindauge og dansa/sjå på folk som gjekk forbi. Det var nok prostitusjon. Offa. Gjekk ikkje opp for meg lell. Ah, då me gjekk blei eg vemma, gjekk forbi ein DVD-butikk med DVD-ar eg helst ikkje vil ha. Eg trur eg sa litt høgt at eg synest det er ei skam for verda at dette er slik ein diger industri. – No veit eg iallfall mykje meir om den berømte staden.

Sykkel heim

Eg traff ein nederlansk fyr og prata lengje med han. Fyrst om Pat og jobben min, så om språk, politikk og ymse anna. Snakka lengje om det å ikkje drikkje – virka verkeleg som om han tenkte godt der. Han forsto verkeleg mykje og var veldig smart. Snakka om Buddhisme og korleis ein lever livet. Ein utruleg flott samtale, – det var godt å høyre at båe kunne setja einannan på andre tankar. Og når han kom med eit dårleg argument berre såg eg på han, og han innrømte det straks.

Dei slutta spele 3. Eg gjekk ut, men kom ikkje inn igjen. “Mandatory wardrobe”. My ass. Eg hadde jo ikkje jakke på meg, eg hadde kamera og jumper. Likevel ville bølla ha pengar av meg. Vel, då snudde eg meg heller og satt meg utanfor. Byrja bli litt dumt i lengda; men nett då kom Balkyre og kjaerasten (NAMN!?) ut. Eg ville taka følgje med dei. Sa eg skulle jogga, men eg blei plassert bakpå. Det var betre, kunne ikkje haldt opp med dei lell. Dei har gode syklar og flate vegar. Dessutan er sykkelvegane her i Amsterdam kjempebra! Det er syklar overalt, kul by slik.

Sat bakpå, kom heim, hadde hyggeleg prat med dei før eg la meg kl 04, ca. Eller, klokka var nok litt meir – var vaken då Pat kom inn kl 0515. Han hadde vore litt nervøs før han såg meldinga mi. Eg visste han ville bli sein; men eg ville så tidlig som mogleg heim. Hadde ikkje nokon grunn til å hengje på barar heile natta. Ugh. Pat søv no forresten, han legg seg berre ned på sofaen; fem minutt; SNOOOORK. Ganske utruleg. Men nok om det, då hadde eg fortald dagane i resyme. I dag får eg skrive om seinare…

Amsterdam fyrste dag

Det var nesten for seint det. «Du er veldig sein», sa dama som skulle sjekke meg inn. Eg hadde utsett turen til flyplassen grunna heimeside-fiksing. Pappa utsette det meir med å måtta skriva ein epost. Då åt eg like godt litt. Lovleg seint ute på motorvegen spurde pappa om eg hadde passet med; alle kan jo gjetta at det hadde eg ei.

Alt dette resulterte i at eg kom til innsjekkinga eit kvarter før flyet gjekk. Som alle veit skal ein vera ein time før på slike utanlandsreiser. Men dei gjorde eit spesialhopp sjølv om dei eigentleg var ferdig med baggasje-flyttinga. Då eg kom til gate-en stod det «gate closing, last call». Ooh. Hadde eg vore nokre minutt seinare hadde det vore flyplassoverflate av meg. Sat meg godt ned, drog fram dagens bok; Harry Potter og mysteriekammeret.

Peter sin plass, i slummen

Vel framme tok meg og Pat tog til sentrum, åt ein sandwich, tok T-banen til Bajimark eller kva det no var. Amsterdam sitt slum/ghetto-område. Her skulle me bo. Hihi. Det var ein utruleg stilig plass. Digre blokkar rundt ein meir eller mindre godt planlagd sykkel- og gå-infrastruktur. Skittent, det er det iallfall. Og forfalle.

Leilegheita var ganske grei, eg blei overraska over kor fin han var. Sjølvsagt ikkje norsk kvalitet (men då igjen; kva er? ;-) ), og badet er spesielt heilt bak mål. Eg anar ikkje korleis eg skal dusje, ikkje av di eg synest det er ekkelt eller noko; nei, av di eg ikkje forstår korleis. Det heng berre eit einskild røyr frå vasken. Ei slange, blir det vel. Skal eg halde den over hovudet? Hm. Er nok det ja, men utruleg kor ineffektivt med må vera.

TV-titting

Me skulle ned til byen for å øva, eller, dei skulle vel øva. Pat var trøytt, han ringde rundt til Peter (bassisten) og Valkyrie ((namn?)trommisen), alle var einige at det blei stress. Trong ikkje øving, kunne det godt. Pat hadde heile tida TV-en på, me slo over på Discovery som snakka eit språk me kunne forstå. Super Structures of the World; Panamakanalen. Pat sov gjennom det meste. Elles såg me eit nederlansk reiseprogram om Noreg. Dei var ikkje i Stavanger, frekkingane. Og Oslo, liksom? Kven gidd dra der når ein skal sjå Noreg?

Eg sat med boka i fanget, las meir enn eg såg på TV. Eg hadde eit bilete av Rebecca i boka, som stadig kom fram sjølv om eg stadig putta det lengre bak i boka. Eit søtt bilete i heilfigur, med skjørt, tryllestav og horn. Halvvegs i boka flytta eg det til den siste permen. Nett då fekk eg telefon frå kjærasten min («Miri og Lab», som det står på mobilen). Hehe. Det var kjempekoseleg, grunnen til at eg les HP-serien er jo ho, så me snakka litt om HP. Ho har vore vekk frå skulen i ei heil uke, vore sjuk. Så dette var fyrste dagen tilbake.

Leggjetid

Det blei ikkje mykje filming i dag, som er jobben min her. Filma litt av solnedgangen frå den utrulege utsikta det er frå denne blokka her i 8. etasje. Eg fekk sjå biletet av Rebecca igjen, altså, eg blei ferdig med boka. Då har eg lese den boka òg på ein dag, nett slik eg gjorde med den fyrste. Då Peter kom fekk me endeleg litt mat, ei bolle tomatsuppe. Planen var at me skulle eta då me gjekk til øving, men sidan det ikkje skjedde så åt me ikkje anna den dagen. Men eg er jo så godt vant til det, så det er ikkje noko problem.

Eg la meg 01:30, då eg var ferdig med boka, hadde ete ein mozart-kule til kvelds og send melding.

Superkikoo Aurélie!

Me møtte ei rar jente i Frankriket. Ho var vill etter Espen (ikkje at dét treng vere rart då), jobba som politikar, var superduperkikoo og sjølvsagt kjempehyggeleg. Møtte ho på ein pub, rart kor godt me kjende ho berre to dagar etter. Heilt til slutt, i går før me la oss – ringde ho frå ein anna plass i Frankriket og snakka lengje. Kikoo!

Eg skipper masse tekst her (i slutten), gidd ikkje skrive det frå papirformat – dessutan er det for mykje, evt. interessera (Tor Eirik kan hende) får seie ifrå.

Etter ein lang dag med “eg veit ikkje” (er nokre dagar sidan no nemleg) ville me setje oss ned å drikkje noko. Ikkje lengje – ikkje noko stort. Meg og Espen draumde om ein Chocolat Viennoise, men då eg lufta desse tankane fekk eg fort svar: dei serverer ikkje slikt etter 22.

Gjorde kort prosess og la inn munnleg protest på omstende. Kunne ikkje vere på ein så fråhaldsuvenleg plass! Då fekk dei andre heller drite i kjempegodt øl. Når dei berre har ekle, storfirmalaga sukkerbomber av nokon ekle “leskedrikker”. Coca Cola my ass. Coca Cola trivst betre i dass! Hekkan så ekkelt det er.

Eg vann nett sukker-i-drikke- og som-konserverings-middel-diskusjonen eg hadde med Tim då me slang oss ned på nokre stolar heilt med hjørnet av kaféen. Ute på gata sjølvsagt. Eg var særs engasjera – og det var herleg å vinne. Hihi. Er så moro å diskutere med Tim sidan han held seg saklig og er så smart at han kjem med mange utfordrane motpoeng.

Dagen før vann han diskusjonen om namn/språk. Kva som er fint. Eg var eigentleg einig med han frå starten – men forsvara den andre sida litt før eg fortsatte vidare på hans (mykje betre) argument. Dei argumenta var mykje nærare det eg trur sjølv så det blei naturleg ettersom eg kjende meg ukomfortabel med å stå på feil side av diskusjonen. Men eg gjekk altså vekk frå mi originale sak; altså, han vann.

Eg tinga ein sjokolademilkshake – Espen tok det same, som vanleg. Sat ei gruppe 4 folk vedsidan av oss. Ho eine såg eg ikkje fjeset på – men ho sat, lo og styrte med venene sine.
Ho dér er kikoo, sa Matthieu.
Så snakka me om ho vidare. Men eg bør gjere klårt kva kikoo er fyrst sikkert:

Kikoo!

Kikoo er eit utrykk kome frå franske «coucou» som tyder «hei». Kikoo er noko små jenter (fjortissjenter o.l.) plar seie på MSN. Dei kler seg ofte i rosa og ler fælt på barnslege filmar. Kikoo filmar er bl.a. «Lovleg blond» og «Herbie: Fully Loaded». Kikoo-typen er ein som med stor entusiasme verkeleg er glad for deg om du f.eks. har vunne ein million kroner.

Desse ofte overpositive og vimsete menneskja som meiner alt godt er kikoo. Utrykket er på ein måte som «blond», men kikoo folk kan gjerne vere veldig smarte. Å vere kikoo er positivt – det er hyggeleg og særs søtt ofte. Må byte ut mange av dei plassane eg plar seie «søtt!» med «kikoo!».

Aurélie, frk. overkikoo

Sidan me nett hadde lært om kikoo, var vårt oppdrag å finne kikoo folk. Me sat planta på puben og sippa drikkane våre. Vel, eg trur Espen slukte sin. Matthieu omsatte litt av samtala åt dei vedsida av oss. Dei sat og overhøyrde samtala, plutseleg sa dei noko om det høgt. Jenta snudde seg ikkje, men sa; Det har dykk ingenting med!, eller noko. Eg forsto ikkje heilt kva dei franske venene våre sa, men no snakka dei med dei fire folka på det andre bordet.

Espen og Aurelie på restaurant

Espen og Aurélie

Eg lytta hardt og kunne forstå 5% av samtala. Jenta blei veldig interessert i å høyre at me var frå Noreg. Ho sat mot oss og såg på Espen. Eg sat og lo av det eg forsto. Lo av andletutrykka og faktum at dei lo. Hihi. Espen forsto 0, sat og såg tomt ut i lufta. Aurélie (jenta) syntest han var særs pen. Snakka lengje om det. Matthieu omsatte og Espen blei veldig flau. Ho ville take bilete av ho og han. Tok eg óg. Hihi. Espen sa ikkje stort meir enn “yes” og “ok”. Medan eg snakka litt meir. At Espen var så stille sjarmera ho berre meir.

Espen gjekk på do, Aurélie trudde med ein gong det var eit teikn. Ho spurde om ho skulle følgje etter! Hahahahah. Då lo eg enormt, haha. Det var kjempemoro.

Alder?

Me gjetta på alderen hennar. Matthieu tippa 27, eg 22, Espen 23 og Tim… Hmm. Hugsar ikkje. Same kva, ho var, ∗trommer∗, 26 år! Espen er 19, ho 26. Ho er altså 7 år eldre. Hahahah :) Espen sjekka opp av ei 7 år eldre jente. Mentalt (ikkje intellektuelt, ho er politiker og smart) er ho like gamal. Veeeldig kikoo som sagt. Lo heile vegen, særs sjarmerande.

Ho var eigentleg på ein slags date med ein fyr, men han blei fort dumpa til fordel for Espen. Hahah. Stakkars Bernhard. Han fekk sitje med oss heller då dei sat å prata då det gjekk mot gå-heim-tid. Ho nemde kor søt Espen var 12 gonger på dei timane. Ganske direkte med andre ord. Men langtifrå vulgær direkte, slik mange “direkte” folk er. Då me gjekk hadde me nummeret hennar, og ho skulle køyre oss åt tyskland på laurdag for å bade.

Tyskland, Baden-baden

Vel framme i Baden-baden (etter at Aurélie hadde klåra take mange dumme vegar allereie, hahah, kikoo) vog me oss. Eg 61kg, Espen 72 og Aurélie 56.

Nakenheit

Eg blei overraska over at 50% av dusjane var inni slike dassbåsar. Det har eg ikkje sett på slike badelandplassar før. Eg tok ein av dei 50% opne og tok av meg badeshortsen. Heey! Gratis såpe! La merke til at folka rundt meg hadde badebuksa på. Kom fleire. Alle dusja med ho på…! Espen kom inn og dusja utan. Eg blei sjokkert. Folkens; kva er så farleg med nakenheit!?!? Eg sprang ut (med shortsen på igjen) og sa kva eg hadde sett åt dei andre. “Oh my goood, what’s wrong with people!?” utbrøyt eg lettere opprømt. Dei ehhh-a og såg på kvarandre. Byrja le, haha. Dei er redd for nakenheit sjølv!

Finaste plassen; saunaen. Der måtte ein vere naken. Så Aurélie hadde aldri vore der. Eg hadde drege utan problem, men hang med dei andre heile tida. Eg kan forstå gutar litt når dei ikkje vil gå slik nakne. Det hadde vore litt flaut å fått ereksjon ein slik plass heilt naken blandt masse folk. Må vere kjempemoro i etterkant, men litt keitt der og då. Likevel er det ikkje eit reelt problem. Er eit problem om du er ein viss type, men då bør ein likevel halde seg vekke frå andre nakne folk. Ehh :p

Me leika i vatnet. Det var kjempekos. Tim drukna. Ein unge trudde han var dau og blei særs forskrekka. Tim gjorde seg til, visste ikkje ein unge heldt på å gå frå vettet. Aurélie skulle vise ho ikkje hadde drepe han med å dytte han under, men då ho prøvde å dra han opp var han berre der. Livlaus. Hahahahaha. Eg lo så eg fekk vondt :p Det var så moooro. Espen var óg med no, sidan det ikkje gjekk like mykje i fransk. – Det var særs koseleg. Moro å leike i vatn.

Middag

Me åt på ein restaurant. Tarte Flambée, Alsacienne spesialitet. Snakka masse, Aurélie kyssa kortet mitt åt Monique slik at lebestiften hang igjen (dritkult! Vekk no diverre. Eg hadde sølt kaffi og laga sjokoladefingeravtrykk på det frå før. Blei meir brukt/originalt og vakkert slik!!! :D ) og hadde det generelt supert. Gjekk på ein irsk pub (yeeeey! Eeeengelsk!). Wow. Han var dritkul. Stiligaste plassen. Servitrisa var den finaste franske jenta eg hadde sett. Heilt til eg fann ut ho ikkje var fransk. Ho hadde kjempegod engelsk, og dårleg fransk. Sååå… Men same kva. Wow, for ei jente. Kjempehyggeleg. Såg veldig uskuldeg ut :]

Servitrise og Matthieu

Kjempesøt servitrise og Matthieu. :)))

Espen sovna nesten, Aurélie tulla med håret hans og kalla han ein ponny. Så gjekk me åt leilegheita. Meg, Tim og Matthieu høyrde på musikk og saaang, medan Espen og Aurélie snakka. Dei snakka lengje. Heilt til 6! Og me skulle tidlig opp imorgon. Uffa. – Men så kom Espen inn og la seg til slutt. Eg hadde det uberkos med musikken, men det blei litt seint. Ahh, herleg dag likevel.

Telefooon.

Hahah. Meg og Espen såg film. Tim kom inn med telefon. Me gjekk ut av rommet og inn på Tim sitt rom. Espen fekk snakke i fred. Me lo og lo, og lo og lo. Snakka og lo. Aurélie er superkikoo og får oss i superhumør :] Etter lang tid gjekk me tilbake, så fekk Espen avslutte samtalen med ho slik at me fekk sjå «Requirem for a Dream» ferdig. No gidd eg ikkje skrive meir om saka. Men ahh. Ho er seriøst kikoo. Kjempekjekk jente. Espen må ha blitt sjarmera av det – sjølv om han heldt seg roleg og balansert :] Hihihih.

Strasbourg dag 3. Heile. :)

Medan meg og Espen beundrer myggene utanfor verandaen slit Tim seg heimover, forfjamsa over å ha bruka 4 timar og nærare 100 kr på ingenting. Tolv timar seinare gjer det ikkje stort lengre, alt anna gjekk som planlagt denne dagen.

Me vakna seint, meg og Espen. Så åt me. Det var ikkje berre godt brød. Men eg har skrive om det før. Har ikkje skrive om myggen då. Myggen heng utanfor verandaen og summer. Midt i lause lufta heng dei. Rare insekt. Meg og Espen sat på verandaen og såg på dei, var herlig i fina vêre. Varmt var det nemlig, masse sol.

Kjende svetten rann nedover ryggen, hadde nett dusja – men akk så varmt. Me var igjen på veg ned i byen, bært av føtene. Var litt svolten sidan frukosten ikkje akkurat var noko å skryte over. Tim hadde fått laga kart over internettcaféar i Strasburg, så i dag skulle me finne ein. Det gjorde me óg. Litt stress at ein ikkje kunne koble til USB-saken der eg hadde lagra all teksten, men folka som jobba der kunne. Så dei hjalp.

Tim betala €5, fekk 1 time og 40 min for det. Eg trudde eg måtte sitte heile tida, det viste seg å vere feil etter eg hadde sitte alt. Jaja, eg fekk lest ein del bloggar o.l. medan Tim og Espen sprada rundt i byen. :)

Så gjekk me. Hugsar ikkje kor eller noko, men me gjekk iallfall. Hmm. Espen hugsar heller ikkje, men han har sikkert skrive det ned i dagboka si. Sikkert ikkje noko superinteressant då.

Så skulle me ete på fin restaurant. Etter ein dude kom bort åt meg og ville snakke om kamera mitt då. Han var visst proff fotograf (hmm… Vel) og hadde eit speilreflekskamera sjølv. Så han hakka fram nokre ord på den haltande engelsken hans medan eg ikkje var superinteressert i å prate så mykje om kamera med ein tilfeldig fyr i Strasbourg. Trudde i byrja han ville “prøve det” for å så stikke av med det. Er påverka av liknande tilfelle i England, og Frankrike er ganske kriminellt det óg så…

Me åt på “Le petit oeurs”, som tyder dei små bjørnane. Var ein god restaurant i følgje Tim. Eg lot han bestemme alt eg åt, sidan eg sikkert hadde valgt noko eg har smakt sjølv om ikkje. Eller. Kanskje ikkje, men likevel. Moro å leggje alt omsynet 100% over på ein annan person. Tim åt fisk, Espen Donald Duck og eg svin. Det smaka diverre ikkje stort, lot Tim smake og han var einig. Espen sin Donald var for mykje stekt. Medium i Frankrike er visst hardt stekt i Noreg. Trudde no det var motsett!

Eg orka ikkje ete alt, Tim fekk resten. Klåra heller ikkje ete all desserten. Hm. Plar ikkje få for mykje på slike dyre restaurantar – men har sikkert noko med at eg et så mykje mindre no.

Så skunda me oss åt elva, for me skulle sjå på noko kulturgreier. Fyrst ute var eit vatnshow. Tim klaga litt på det på grunn av musikk osb, men det var ganske stilig. Synkront og etter musikken, med flotte fargar innimellom. Me sat på bakken og såg.

Vatnshow i Strasbourg

Neste var eit skodespel, veldig moro i følgje Tim og alle dei andre som kunne fransk rundt oss. Men meg og Espen lo ikkje stort. Eg måtte smile av alle dei rare folka – men hysterisk var det ikkje akkurat.

Ein plass hallvegs ute i elva sto det ein mikrofon. Tim sa det var dritkeitt, så me hoppa like godt over det.

Siste var dansing. Det var elendig. Heilt sjukt teit. Berre nokre amatører som umotivert går rundt på scenen, legg seg på ein ball – “oooh, nokon flammar” og så klatrar litt på ein stygg maskin. Så overdramatiserer dei bevegelsar for å få maskina i gang. Nei, off. Det var berre lamt. Vond regi. Veldig vond.

Så gjekk me heim og spelte fotballspel. Pro Evolution Soccer 04, Erlend. Prøvde å vinne internasjonal runde med dei, men akk, me er så dårlege. Kom litt lengre med Argentina, men likevel stopp…