Merkelapp-arkiv: Vasking

Glad gjer vasking gjer glad

Eg er langt frå verdas ryddigaste. Eg er ein skikkeleg rotekopp. Likevel likar eg det ryddig, og startar eg fyrst hev eg litt problem med å slutta. I det siste hev eg fengje ei lita vane med å rydda når eg står upp og ventar på at Helene skal vakna, det gjorde eg i dag.

Det er ikkje ofte eg ryddar. Noko av det verste eg veit er når andre fortel meg at eg må rydda; men startar eg sjølv fortset eg lett utan problem. Er det rotut skylder folk ofte på kvarandre, og eg tenkjer vel ofte at det er 80% nokon andre sin feil når det kannhenda eigentleg er 50% min feil. Slikt vert det gjensidig irritasjon og dårleg stemning av.

So eg starta rydda slik i dag tidleg. Vaska upp alt som var der. Ein heil haug ting som ikkje var mine. Det verste er at eg liker det, eg koser meg til slutt med å vaska upp på den måten. Eg ville hava det heilt reint. Tok meg lang, lang tid. Måtte rydda, kasta, vaska og støvsuga. Eg rydda litt rundt andre plassar òg, men konsentrerte meg um kjøkenet. Elles bråkte sjølvsagt støvsugaren – so eg vekka nok dei som allereide ikkje var vakne.

Litt seinare drog me på 8.mars-lunsj hjå Kristina, etter det drog eg og Helene på kino (som me hev vore ekstremt mykje på i det siste).

Me kom heim att no for litt sidan, og det fyrste eg legg merke til er at bordet ved sofaen er rydda og tydelegvis vaska. Det ser veldig fint ut, og eg vert i sers godt humør. Det står litt rot på bordet, skitne talerkar og ymse anna, ei skitten panna og noko anna. Eg hev ingenting eige som skal vaskast upp, men synet av den reine sofakroken gjorde meg so glad at eg fekk sterk lyst til å vaska kjøkenet att.

Sidan eg gjorde det meste tidlegare i dag tek det ikkje lang tid. Det er lurare for meg å gjera det no (kort etter isetingi tok stad) av di isen ikkje hev størkna totalt endå. So litt utan å tenkja på det so vaskar eg alt upp. Raskt og gale.

So vart eg veldig glad til slutt.

Inn på badet for å pussa tennene. Oi! Nokon hadde òg rydda og tørka støv på badet. Veldig fint.

Det er ein fin sirkel;

  1. Vert glad for at nokon andre vaska/rydda
  2. Vask/rydd for å gjera «gjengjeld»
  3. Vert glad av det sjølv (å gjera ein snill ting)
  4. Gjer andre glad

Hehe.

Ei solskinssoga frå kvardagen.

Skal prøva å vekkja sida att

Eg hev ikkje oppdatert på lengje. Det hev samaheng med at eg ikkje fekk ferdig del 2 av turen til Nord-Noreg. Han var so stor og skremmande og eg hev vore eksepsjonelt uppteken den siste tidi. Å setja seg ned og skriva eit par avsnitt er enkelt – å skriva fleire sidor tekst er verre. Eg bur no saman med Rebecca i ein ny parbustad på Kringsjå. Elles er eg sers uppteken med NMU (der eg no sit i sentralstyret) og universitetet.

Eg tek fira fag no; inf1060, inf1300, inf1400 og inf2220. Eg kutta ut inf1800 (logikk) av di det var keisamt og kutta ut stk1000 av di eksamen kræsja med eit anna fag. I NMU er det so alt for alt for mykje å gjera. Dessutan er eg ikkje åleine lengre, og det er veldig herleg. Eg ser menneskje kvar dag med andre ord. Eg hev ikkje sitte inne ein einaste heil dag. I går var eg ute ein halvtime på kvelden, sjølv um det eigentleg hadde vore ein sitja-inne dag for meg. Og eg såg altso menneskje sidan Rebecca bur saman med meg. Ganske herleg :] Det er litt problematisk med rydding, vasking og slik. Eg er ikkje so glad i det, men sambuaren min insisterer på at me skal hava det reint. Må truleg rydda òg, sidan det er rotete her.

Sidan eg hev øydelagt «ullteppet» som hadde lagt seg yver netsida no, vonar eg at eg kann gjera ferdig del tvo av nordkapp-til-Lillehammer-turen og oppdatera sida oftare. :-) Forresten brukar eg Twitter mykje meir, so det er sikkert mykje meir interessant å fylgja med på Twitter-kjelda mi.

Jobbing med pappa på vitjing i Oslo

No er eg ganske sikker på at omtrent ingen lurar på kvar eg hev vore og gjort i det siste. Men eg skal fortelja um det lell. Torsdag og fredag hadde eg pappa på vitjing, me skulle filma 17 intervju med sentrale folk i psykiaterforeningi. Dagen då han kom rydda eg vaska rommet til det var umogleg å kjenna att.

Rommet mitt var bomba. Totalbomba og gløymd i fleire år. Det låg eit knust glas på golvet, neddyssa i støv. Midt på golvet var eit svart mynster av fast skit. Under sengi låg sand og digre hybelkaninar som truga med å bita av meg foten kvar gong eg la meg. Tok eg eit steg inn i rommet flaug støv opp frå det tjukke «støvteppet» på golvet – det saug seg inn i ein støvspiral bak meg. Og so lukta det ganske, eh, ufint. Midt i rommet stod ei feltseng og tok opp all golvplass. Oppå denne låg eit lass av gamle klede – stinkande svette.

Eg hadde ingen reine klede att. Det hev eg ikkje hatt på tvo vìkor. Godt eg hadde nokre klede som lukta litt mindre enn dei andre, so desse hev eg altso brukt. Dessutan hev eg flykta heim eit par gongar og fått vaska nokre klede der. Det var omtrent ikkje ein flekk av rommet som ikkje var dekka av rot. Flekkane som ikkje hadde gamle klede, størkna sjokolade, bås eller blad/papir på seg var som sagt dekka støv. Golvet var eigentleg ikkje å finna på rommet mitt.

So det vart rydd og vask

Eg nytta omtrent heile onsdagen på å vaska rommet. Den kinesiske naboen min såg på støvhaugen eg kasta, ho såg på rommet og vart heilt frå seg. Ho hadde aldri trudd det kunne sjå slik ut inne hjå meg; so ekstremt reint. Pappa hadde fødedag på torsdagen (dagen etter), so eg tenkte eg måtte gjera sopass for han. Eg hadde inga gåve, men eg kunna jobba ein heil dag for at han skulle kjenna seg godt heime i hybelen min. Eg vaska òg alle kledi mine.

Ein forfriskande nyhende var òg ommøbleringi av rommet, det ser no heilt annleis ut enn slik det var då eg flytta inn. Det var moro å plassera ting på ein annan måte; spanande.

Neste dag, jobb, jobb

Me satt opp utstyret og tok i mot folki som skulle intervjuast. Det gjekk greitt – eg såg på biletet, høyrde på ljod og justerte etter kor høgt/lågt dei prata. Kjende meg i godt leie og trygg på utstyret. Det viste seg seinare at eg tok opp ljod litt for lågt, men slikt må ein berre venta fyrste gong ein nyttar heilt nytt utstyr og ikkje kjenner til det.

På kvelden gjekk me på teater. Det norske teateret. Noregs mest populære teater, og det er eit nynorskteater. Moro. Me såg «Katt på heitt blekktak». Var vanskeleg å høyra kva Ane Dahl Torp sa i byrja, men etter litt byrja eg båe forstå og høyra. Ho prata litt vel raskt og utydeleg i starten. Ei anna sak var vel òg det å verta van til å høyra røystone frå so langt vekk.

Svimings, nesten

Eg heldt forresten på å svime av då eg sprang for å rekkja t-banen fyrr stykket, eg måtte heim å henta semesterkortet for å få rabatt. Eg hadde ikkje ete noko serleg sidan me hadde so tettpakka program, og eg må eta kvar 4–5 time no. So eg hadde nok båe fengje lite vatn og lite mat – so då eg spurta ein lang veg gjekk det hardt ut yver meg. Det var litt teit. Men eg vart klår yver problemet då. So me åt raskt på ein vegetarplass (sist gong me var der var det i høve min fødedag, denne gongen pappa sin :p) fyrr stykket.

Etterpå gjekk me på Indisk restaurant på Grønland og kosa oss. Det var godt. Hyggeleg og god mat.

Jobbing og heimreise for pappa

Neste dag var det opp å filma att. Vart ein lang dag. Men med mange interessante folk. Det var moro å gjera desse intervjui. Eg var eigentleg usikker på kor interessant det ville verta, eg tenkte eg kom til å keia meg stort. Det vart ikkje tilfelle. Ein såg likevel fort kven som var medievant og prata ofte um fagfeltet sitt. Det var ekstrem forskjell på folk. Veldig moro. Eg vonar forresten òg at utsjånaden på bileti vart bra, trass lita tid og låg prioritet.

Me klarte få intervjua alle i Oslo-området på denne tidi. Veldig yverraskande. Då slepp eg gjera resten åleine. So åt me på «Punjab» (ein annan indisk restaurant på Grønland) og pappa drog heim. Eg fekk avtale i Trondheim neste torsdag (det er i morgon no) med eit intervju. Diverre viste det seg at han var i USA. So eg dreg opp til Trondheim i morgon utan nokon stor plan. Heldigvis er det jo landsmøte i Noregs Mållag frå fredag. Men eg treng yvernatting torsdag til fredag.

Sluttankar

Det var moro å få vitjing av pappa. Dette er faktisk fyrste gongen nokon i familien hev vitja meg her i Oslo. Det var koseleg å hava han rundt og få eit (sers lite omfattande) intrykk av korleis eg hev det her. Dei tvo dagane han hang her var likevel ikkje typiske då – det er mange gode dagar, og mange treige der eg ikkje fær gjort stort. Diverre hev det vorte fleire treige i det siste, men det er ei sinnstemning eg vil endra på. Frametter kjem eg til å hengja meir i Stavanger òg – eg trur det kann endra ein del.

Me fær sjå. No må eg leggja meg, tidleg tog å nå i morgon. Dessutan må eg slå av maskini mi, ho hev yver 15 dagar oppetid no – det er rekord (gamle var 13 dagar).