Merkelapp-arkiv: Vevsida

Få innspel (kommentarar) for tidi

Eg hev endeleg fengje upp det herlege arkivet mitt att, men hackane mine som segjer kor mange innspel kvart innlegg hev fann eg ikkje. Eg fær gjera det um att for tredje gong.

Same kva, noko eg hev lagt godt merke til er kor få innspel eg fær på innleggi mine. I gamle dagar fekk eg frå 2 (det var ein verkeleg dårleg dag) til 5-6-7. Glatt. I desse dagar, ikkje so mykje.

Men det hev vel stor samanheng med at Egil er so uppteken med familielivet (ikkje noko yverrasking der) og dei andre som ein gong i gamle dagar skreiv innspel hev jo totalt forsvunne (Nader, Tor Eirik (Inzi) og so bortetter). Fær jo stundom gode innspel frå kjekke folk slik at eg ser dei fylgjer med, men det er ingen som tek på seg «eg kjem med innspel på alle innleggi same kor lite eg eigentleg hev å segja».

Det er masse plass på sida mi, og sjølv um eg ikkje hev henta att alle innspeli på alle innleggi mine eg mista so hev eg dei og skal henta dei inn att. Eg er berre so leid av å setja upp netsida mi på ny heile tidi, det er so mykje kjekkare å skriva nye ting enn å fiksa i alt det gamle.

Menmen. No er det leggings, og i morgon er det nyttår, igjen(!).

Sida forsvann andre gong og vart berre vekk

Viss eg (elder for den saks skuld nokon andre!) ein gong les gjennom arkivet og finn ei sers lang pause i innlegg fyrr dette, so er det kannhenda på plass med ei forklaring. Det er vel det same kva, eigentleg.

So, for å taka det fyrste fyrst (viss eg fær vera svo keisam): sida mi forsvann brått 2. oktober. Tenaren min, Acona kræsja. Dei som les netsida mi nøye (Egil og pappa) vil hugsa at fyrr det var det ikkje stort lengje sidan sist sida mi vart borte. Dette var endå meir jævleg enn det. Sist var eigentleg ikkje svo viktugt; eg fekk ting relativt kjapt upp at (vel, 1-2 víkor). Denne gongen mista eg ikkje berre sida mi, men ein heil haug drit òg.

Acona hev vore tenaren min sidan eg gjekk på ungdomsskulen, og det er difor ikkje reint lite som er å finna der. Dessutan hadde eg heile økonomien til firma mitt der, dvs. alle fakturaane eg hev sendt sidan eg uppretta firma mitt. Alt vekk no.

Like ille er det at pappa hev lagra tingi sine der òg. Likevel vart ikkje han like leid seg av di han hadde kopi av det meste hjå seg nede i Spania.

For, ja, Acona hadde ingen tryggleikskopisystem. Utruleg? Ja, det er det.

Acona hev liksom alltid vore med meg. Alltid fungert, alltid vore der. Berre lagra på meir og meir informasjon, ja, heilt attende til ungdomskulen og lengre. Då eg sette han upp var han ukritisk som få. Eg hadde ikkje god peiling på linux (vel, ganske brukande etter eg hadde drifta Alfons (min fyrste tenar), eit år) og hadde alt det viktuge på windowsmaskini mi.

Men uppetter åri so hev ho vorte kritisk og viktug for meg utan at det gjekk upp for meg. Det var ikkje lengre ei testmaskin som berre hadde ting eg gjerne kunne mista, ho var viktug.

Berre synd eg ikkje kom på det fyrr harddisken rauk. Alle nye maskiner eg set upp hev tryggleikskopisystemer som køyrer og passar på; men den vana fekk eg lengje etter eg sette upp Acona. So no er ho daud, og mykje av netsida mi med. Eg hev funne den meste teksten, men saknar bileti.

Ei periode medan sida mi var nede såg ho slik ut:

[herkjembilete]

Desse månadane utan netside hev ikkje vore so kjekke, mtp. netsidefronten altso. Dei hev vore veldig kjekke eigentleg, men eg hev veldig godt kjend kor sårt eg hev sakna netsida mi. Heldigvis fekk eg skrive litt på pappa si Spania-side medan eg og Helene var der. Det kjendest veldig godt å få skrive ned nokre av upplevingane våre. Hev sakna det.

Eg fær sjå kvar det bèr frå her. Kjem eg til å uppsummera litt frå myrketidi, fylla inn eit par innlegg i tidsperioden, elder starta med blanke ark og sjå frametter? Nei, me fær sjå!

Kvifor forsvann heile sida mi?

Plutseleg vart sida mi vekk for ei stund sidan. Eg vart sjølvsagt grådig leid meg av di eg hadde masse eg ville skriva um. So hev ho vore daud ei víka og er framleis ikkje uppe. So difor er det framleis litt stress og ukult å leggja ut nye ting på netsida.

No er tenaren til eg og Egil (thor) uppe att, men eg mista ein heil del – og det må til ein del manuelt arbeid for å få det attende.

Det utset eg. Eg held fram med å la sida mi få vera på Acona (det er tenaren som står på det gamle rommet mitt i Stavanger).

Det er ganske ironisk at tenaren me betalar for er meir ustabil enn den eg hev på guterommet.

Heile grunnen til at eg betalar for ein annan tenar er faktisk driftstryggleik. Alt det andre gjer eg betre heime.

FsckVPS’ morsselskap vart cracka gjennom ein tryggleiksfeil i HyperVM, som er eit program for å halda styr på fleire virtuelle tenarar. 100.000 sider vart sletta av crackarane. Jæklar.

HyperVM er proprietær programvare (lukka), og hovudutviklaren vart funne hengd eit par dagar seinare. Dei trur det er sjølvmord. Difor det er ulurt å driva med proprietær programvare.

So… Det er litt stille her litt. Kannhenda. Same kva, det var difor sida var nede.

Eg gjeng attende til FsckVPS, av di det er hendig og bra. Men eg og Egil tek backup på våre eigne tenarar i tillegg no.

Norsk målungdom sine netsider

Det var lengje ei sanning i Norsk Målungdom at netsidene våre var for myrke. Dessutan var dei vandskelege å finna i sidan dei mangla søkjefunksjon. No treng dei ei ny omleggjing, og denne gongen er det utsjånaden og struktur som er i høgsetet. Det er absolutt på tide.

Etter eit par år i målungdomen sette eg meg uppgåva; nye netsider til NMU. Eg tenkte eg ikkje gadd endra netbunaden på andre måtar enn å gjera han lysare. Det var sjølve systemet i botnen som skulle verta meir fleksibelt slik at me seinare kunne gjera ei full omleggjing av bunaden.

Eg såg veldig lengje på Drupal, men fann det til slutt for vandskeleg å koma i gong med. Tidi byrja skorta på (skulle vera klårt til landsmøtet), so eg gjekk med WordPress av di eg kunne det og ville kunna setja upp noko veldig kjapt.

Då eg var halvferdig fann eg ut at det var utruleg vandskeleg å laga ein kopi av den gamle sida med WordPress, han var ikkje fleksibel nok. Eg skreiv ein del spesialkode for å få alt til, men det vart veldig stygt. So ein mogleg veg framyver er kannhenda å helder bruka eit fullt CMS, som t.d. Joomla!

So lat oss gå gjennom korleis sida hev endra seg dei siste 5 åri

Den originale sida er ganske mørk og heng litt att.

Ho er ikkje like stygg som mange andre sider var på den tidi. Ho var ganske OK synast eg. Eg er aldri den som hev hatt aller mest mot denne sida.

Versjonen som vart sluppe landsmøtet 2008 (ca. eitt år sidan)

Dette er «min versjon» av nett den same sida. Det er verd å leggja merke til at det faktisk ikkje er min versjon i det heile teke, men at eg ganske enkelt hev prøvd å kopiera den gamle sida med litt andre fargar og gjera framsida bittelitt meir strukturert. Det fungerte ikkje særleg bra, det er framleis den elendige «nyhende»-straumen nedyver som særs sjeldan vert uppdatert.

Dessutan manglar mykje informasjon um målungdomen og vìnstremenyen er verre enn den som var i fyrste versjonen.

Ho er forresten ganske stygg.

Ei endring eg gjorde i forrigår

Jobba bittelitt med utsjånaden fyrr heile sida kjem til å verta kasta på dynga. No ser ho litt finare ut. Sidan eg sat der og såg Alias med Helene og Janne-Kristin fortsette eg litt på den dødsdømde sida.

Med bilete

So eg la til eitt bilete frå vinterleiren vår i Kviteseid. Og vips. Plutseleg såg dei ganske mykje meir innbjodande ut.

Med bilete kann dykk òg sjå at eg berre viser eitt nyhendeinnlegg på framsida. Det er ganske enkelt av di dei vert so sjeldan uppdatert at det ikkje er vits å visa dei andre lell. Med dei nye sidene må me tenkja mykje hardare på kva som kjem på framsida.

Delingi av sida i aktivist og hovudsida for folk som ikkje er medlem på sida.

So no gjeng ikkje den versjonen av sida ned i historia som alt for superstygg. Sjølv um det sikkert er den netsida som hev eksistert kortast tid. So eg vil veldig gjerne vera med på ei større umleggjing av netsida på ny. Arbeidet er allereie starta. Det kann verta interessant å sjå korleis det vert til slutt.

Eg tok meg god tid (vel, alt er relativt, hadde liten tid) med umleggjinga av Universitas.no som vart ein veldig stor suksess. Eg burde gå gjennom ein del av den.

Eg distribuerer porno-netsider med nakne vevkamera-amatørar (jentor sjølvsagt)

Dette kjem truleg som eit sjokk på dei færraste og jubel for dei fleste, men eg hev distribuert porno rett her på velmont.net. Sjølvsagt ingen hot sexy latina chicks spread legs and ooh-ooh webcam sex directed by and starring kinky sexy amatur babes på framsida, men eitt hakk ned i hierakiet hev du kunna finna all godskapen du visste internett hadde å byda på.

Oppdatert: Dei held fram. Eg trur eg hev klart fiksa det no; det låg att ein administrator-brukar på bloggen.

Eg er sjølvsagt i hundre av å hava uppdaga at eg hev kunna spreidd det glade bodskap heilt utan vitande vilja og tanke. At eit par hot sexy latina bitches kannhenda fær litt betre betalt når halliken deira tener litt meir pengar grunna mi inkjevetta lysing, er ein annan positiv biverknad.

Alle veit jo at eg elskar porno-bransjen endå meir enn våpen-bransjen. Sjølv um båe bransjane (som er dei som omset mest pengar i verdi!) er botnsolide og fjonge bransjar; so må eg nok seia at porno stend i høgsetet spesielt i desse joletider. Ja, eg veit, det er jo viktugt å hava våpen slik at me kann skyta i stykker hovuda til menneskje som er mindre verd eller meiner feil ting; men likevel er det noko spesielt i gleda me fær av å sjå på pur kapitalistisk, utnyttande porno. Ah, det finst vel ikkje noko meir samansveisande i ein flokk menneskje enn å sjå på gruppevaldt… – eh, -sex.

Pur kommersiell sex. Det er viktugt at han finst; om ikkje kunne me jo gjort noko so fælt som å hava sex med dei me er glad i! Usj, æsj, bæsj.

Um netsida

I det siste hev eg merka at siderangeringi mi hjå den o-store søkemotoren hev vorte ganske so bra. So lenkjer eg til deg er du heldig, for då fær du søkjemotor-jus. Difor var det so jysla heldig at desse herlege porno-sidene kom på at dei ville cracka WordPress-installasjonen min og putta opp eit lite skript som gjorde at eg kunne hjelpa dei med å få meir søkjemotor-jus. Stakkars, dei hev vel godt av all stønad dei kann få; dei fær vel so mykje trafikk og so mykje pengar av gode, kåte menn at dei må få låna litt plass hjå meg.

Eg veit jo kor mykje eg sjølv betalar for å hava netsida mi oppe.

Kvar er godskapen då?

Leit ikkje lengre!
Eg hev diverre fjerna han. Av ein eller annan grunn gjorde eg noko veldig dumt og impulsivt då eg fann dette (via Technocrati og referer):

  • Vart yverraska
  • Sint
  • Prøvde finna ut korleis dei hadde klart det
  • Fjerna xml.php som vart lagt inn av crackarane
  • Oppgraderte WordPress-installasjonen min slik at eg ikkje skulle verta råka av det same um att

Å oppgradera WordPress er ikkje impulsivt, men det fær so vera. Elles leita eg gjennom heile netsida for å finna liknande brot.

Sida slik ho var

Eg veit ingen hev venta på å sjå bilete av sida; men eg legg det ut lell.

Porno på netsida mi

Godt å sjå at dei ikkje er redd for å taka seg til rette. Sjekk URL-en. Ja, det er faktisk www.velmont.net/xhtml/, ei sida som ikkje er vanleg kjend for folk. Det må ha vore menneskje som fann fram til det, og det må ha vore ein feil i WordPress. Eg synest det er veldig rart at dei fekk det til um det var ein bot som gjorde det; men truleg hev det altso vore ein person.

Elles legg merkje til morosame ting som at [Gay] hev ei spesiell markering; og TEENS ser ut som um eg hev vitja nett denne sida. Elles er puppane til nokre av jentone ganske forferdelege.

Det skjedde um att

Eg vart mildt sagt yverraska då eg såg at dette framleis fungerte. Det var godt at eg fann ut av det att og fekk sletta administrator-brukaren som låg att i WordPress. Ei lita melding til alle som kjem inn på denne sida:

Stop surfing for porn! It’s a nasty business you stupid fuck

Sex-bilete lagt opp på ny!

No hev eg gjort um dette xml.php-skriptet til eit skript som loggar alle som kjem inn (difor fær eg sjå kvar alle kjem frå). Det er ganske stor trafikk til den fili. Sida mi kjem på fyrstesida på søk med «cheerleader porn» og «horny women webcam». Eg ser det er fleire som er infisert på same måten. Eg vonar berre dei ikkje klarar utnytta sida mi meir.

Alle treffi som kjem inn til xml.php-fili kjem no til denne sida her; so dei fær noko dei ikkje vil hava :P

Skal prøva å vekkja sida att

Eg hev ikkje oppdatert på lengje. Det hev samaheng med at eg ikkje fekk ferdig del 2 av turen til Nord-Noreg. Han var so stor og skremmande og eg hev vore eksepsjonelt uppteken den siste tidi. Å setja seg ned og skriva eit par avsnitt er enkelt – å skriva fleire sidor tekst er verre. Eg bur no saman med Rebecca i ein ny parbustad på Kringsjå. Elles er eg sers uppteken med NMU (der eg no sit i sentralstyret) og universitetet.

Eg tek fira fag no; inf1060, inf1300, inf1400 og inf2220. Eg kutta ut inf1800 (logikk) av di det var keisamt og kutta ut stk1000 av di eksamen kræsja med eit anna fag. I NMU er det so alt for alt for mykje å gjera. Dessutan er eg ikkje åleine lengre, og det er veldig herleg. Eg ser menneskje kvar dag med andre ord. Eg hev ikkje sitte inne ein einaste heil dag. I går var eg ute ein halvtime på kvelden, sjølv um det eigentleg hadde vore ein sitja-inne dag for meg. Og eg såg altso menneskje sidan Rebecca bur saman med meg. Ganske herleg :] Det er litt problematisk med rydding, vasking og slik. Eg er ikkje so glad i det, men sambuaren min insisterer på at me skal hava det reint. Må truleg rydda òg, sidan det er rotete her.

Sidan eg hev øydelagt «ullteppet» som hadde lagt seg yver netsida no, vonar eg at eg kann gjera ferdig del tvo av nordkapp-til-Lillehammer-turen og oppdatera sida oftare. :-) Forresten brukar eg Twitter mykje meir, so det er sikkert mykje meir interessant å fylgja med på Twitter-kjelda mi.

Hev innhaldet på sida mi endra seg?

Då eg kom heim sa Pappa at netsida mi hadde vorte mindre interessant, meir for spesielt interesserte. Eller noko slikt. Eg sa «Ahh, ja, det skjer» og tenkte at han meinte eg skreiv litt for mykje «dagbokinnlegg» der eg pratar um kva eg hadde gjort. Faktisk var det stikk motsett. Han meinte eg hadde vorte for teknisk og prata for mykje um ting som ikkje var i ålmenn interesse.

Forresten hev eg skrive noko liknande som dette fyrr. Av ein eller annan grunn kjenner eg for å seia det på ny (dumme meg).

Kvifor so lite teknisk/nerdete?

Kva eg skal skriva um er noko eg tenkjer mykje på. Dei fyrste 4 åri av netsida mi hev eg styrt unna for tekniske og nerdete emne. Eg lurer litt på kvifor eg gjer det no. Det er vel eit ynskje um å vera noko meir varig. Hmm. Eller, eg vil halda sida mi ganske rein. Likevel trur eg den største grunnen er leserane mine:

Då eg starta netsida, las ingen ho. So etter litt byrja pappa lesa ho, Tor Eirik og gjengen kom etterpå. Eg fekk stadig vita um fleire vener som las ho. Ingen av disse var so interesserte i det eg er interessert i. Vel, kann henda Egil og Jørgen, men det er langt i frå nok til å halda ei sida. Ein annan ting, kvifor skal eg skriva um noko so ekstremt mange andre skriv um? Ingen skriv um mitt liv og kva eg tenkjer på, men folk skriv um kva som skjer i Linux-verdi heile tidi. Eg tenkjer eigentleg berre kjentfolk les netsida mi; og eg brukar det sjølv som ein, ja, dagbok. Eg synest det er kjempemoro å lesa gamle innlegg frå Oxford. Mykje eg hev gløymd ligg att der. Eg vil fortsetja med å skriva slik. Det er ikkje serleg interessant å lesa um tips og triks til Gimp då; det må i so fall verta skild ut til ei eiga side.

Kva prøver eg skriva til sida?

Det er utruleg ofte eg hev lyst å skriva noko, men so tenkjer eg det ikkje passar inn – so vert det ingenting ut av det. Slike metainnlegg som dette er noko eg ikkje likar, og prøver å halda små i mengda. Eg vil so gjerne skriva noko bra når eg fyrst gjer det, difor vert dei fleste innleggi slutta allereie fyrr eg hev starta på dei. Innlegg som dette (ikkje korrekturlese eller gjort enkelt å lesa) er dei verste; diverre hev det vorte fleire av dei. Iallfall mentalt. Eg er sikker på at ein finn like mykje elendig um ein ser bak i arkivet, men nett no tenkjer eg at det er verre enn det hev vore fyrr. :p

Eg skriv t.d. ikkje um Amie Street eller andre kule ting eg driv med. Eg prøver å halda innhaldet utanfor netet.

Men kvifor meinte pappa eg skreiv so teknisk no?

Eg hev skrive ein del um PING og kva me gjer der. Eg skriv nok gjerne litt meir teknisk/nerdete no, av di folki eg heng rundt er interessert i det. Miljøet eg heng i når eg er i Oslo er ei data-miljø. Dei eg kjenner er genuint interesserte og me hev mange gode samtalar um det. So når eg ser at andre forstår og er interessert i slike ting so vert det meir «vanleg» inne i hovudet mitt, og so puttar eg det ut på netsida mi. Det er jo ein so naturleg del av livet mitt – og det skriv eg jo um. Alt er ikkje lengre i hovudet mitt; sidan det er «normalt» so hev eg ikkje noko problem um å skriva um det.

Heile skrivingi gjeng i perioder, som alle sikkert kjenner til sjølv. Nokre gonger skriv eg masse slikt piss som dette, andre gonger klarar eg skriva kvart-interessante greier. Nokon gongar er eg ikkje interessert i at folk skal synast det er noko spesielt (som no, dette er tankedump). Andre gongar skriv eg umtrent berre dagbok.

Pappa sa òg at mamma hadde slutta lesa av di det vart keisamt. Eller noko slikt. Det er sikkert sant – eg merkjer det er mindre aktivitet no; det er dei gamle innleggi mine som det stadig kjem folk til. Men det er ikkje so farleg, når livet mitt endrar seg og eg mistar kontakten med folk (eg er flink til det, veldig flink) so fær dei heller gløyma meg litt òg. Er vel naturleg at eg fokuserer innhald på det er driv med no, ikkje det eg hev drive med fyrr. So… alt i alt, eg let det flyta…

Framtidige meta-innlegg

Eg vil skriva eit innlegg um folk som kontaktar meg via (og grunna) netsida seinare. Det er litt morosamt. Elles må eg verkeleg finna ut kvifor eg skriv sida. Kva er grunnen min no? Eg kann seia «berre for å kunna lesa det når eg er gamal», men det er feil. For eg likar at folk les babbelet no òg. Kven vil eg skriva for, og kvifor? Er det berre yverdrive sjølvfokusering? Hmm. Ein viktug ting er at eg likar det då, so det er vel hovudargumentet for å fortsetja å skriva. :-)

Ja. Slutt. No.

Attende til den «kreative» nattskrivingi?

Ofte kjem eg heim på kvelden, ja, det plar faktisk vera natt tenkjande «Hekkan, no vil eg skriva noko!». Dei siste åri hev eg slutta å lyda dette ynsket, men det plar hava den verknaden at saki eg vil skriva um aldri kjem ut or hovudet. Det gjev meg færre innlegg på netsida mi òg. Skal ein verkeleg lyda desse kreative boblone som poppar opp på dei mest uhøvelege tidspunkt? Eller skal ein heller læra seg å verta kreativ og kunna skapa boblor når ein vil?

Eg køyrde nett heim frå Rebecca, og hadde ein tekst i hovudet. Det var denne, no vert det diverre annleis av di eg ikkje hugsar teksten. Hadde eg stoppa bilen og skrive tankane mine ned i boki mi slik eg pla gjera ei tid i Oslo, so hadde eg hatt mykje av teksten no. Det er moro kor godt linone glir når ein nett kjem på fleire paragrafar tekst i hovudet slik. No skriv eg berre inn på datamaskin, og plar ikkje vera i supert skrivehumør.

Det mistar seg når ein tenkjer på noko anna

Når eg køyrer heim frå Rebecca, kjem frå ein fest eller berre hev gjenge ein tur ute i skogen, hev eg ofte ei framifrå kjensla i kroppen. Hjernen produserer kveikande tekst som gjev meining og er interessant. Eg trur iallfall det, synest det er dritbra når eg tenkjer det ut. Men når eg kjem heim plar fornuften taka yverhand; eg kjenner eg hev mista essensen i det eg tenkte. Eg fiksar noko smått og gløymer teksten nokre sekund. Hugsar eit par av setningane, men ikkje samanhengen eller livskjelda. Um eg prøver skriva det ut vert det livlaust og tamt. So legg eg meg.

Eller, som heldt på å henda no; eg legg meg. Det er ikkje heilt sant. Eg set meg på datamaskini og «skal berre sjekka eposten», noko som plar taka alt frå tvo til fira timar. Oftast tvo heldigvis; eg legg meg 0200. Jadå, eg hadde kann henda interessante samtalor på IRC. Jadå, eg las sikkert noko tøft på Wikipedia. Men kva um eg heller hadde sagt;

No skal eg vera oppe til eg hev skrive ferdig teksten som nett surra i hovudet, og kreativiteten hev berre å pella seg attende til hovudet mitt!

Dette hadde eg kann henda bruka alt frå ein til tvo timar på, men då hev eg gjort noko skikkeleg. Eg hev produsert ein tekst (drit i um han er god eller ei; berre det å gjera seg ferdig med noko er bra) og eg gjorde som eg eigentleg ville. For eg vil eigentleg skriva ned desse tingi eg gjeng og tenkjer på.

Framkalla kreativiteten når ein treng han? Få fram positiv energi?

No flyt teksten ut, mykje av bobla eg heldt på renn ut. Eg vert distrahert av all eposten eg hev fengje, og folk som vil prata med meg via Jabber og IRC. Men eg ville iallfall prata um ein ting til; å framkalla kreativitet.

Eg merkjer at dess eldre ein vert, jo meir lærer ein. Eg finn stadig nye måtar å endra tankone mine og kroppen på. Dette fungerer òg for kreativitet. Gå vekk frå arbeidet, taka ein pust i bakken, sjå ut på trei og roa seg; seia høgt til seg sjølv – «No skal eg skriva ein tekst til heimesida mi um det som fell meg inn», og venta. So må ein tru på det, og det treng ikkje vera vanskeleg. Ein må berre seia det naturleg og leggja litt viljekraft bak det ein seier. Altso viljekraft til handlingi. Og so fær ein ei bobla kreativitet og kveik. Det fungerer for meg kvar gong eg klarar tru på det. Men eg skal trena meg sjølv til å verta betre i å få boblone til å koma.

Nett no er eg so forvirra at det ikkje gjeng serleg bra.

Ikkje meir dreping av nattarbeidet

Likevel vil eg unngå å drepa dei gongene eg naturleg hev sterk hug til å skriva. Eg skal heller gå med på det. De siste dagane hev eg lagt meg rundt 02.00, utan at eg hev gjort noko serleg i den tidi. Eg må innsjå at um eg ikkje gjer dette fornuftige (skriva ned) so nyttar eg tidi til noko anna. Sidan eg ikkje stend so tidleg opp um morgonen lengre, so er det greitt å heller nytta den rolege tidi på natti.

Forresten, medan eg hugsar det; tidleg morgon er òg dritbra. Kjempekreativt og veldig god tid å skriva på. Då eg var i Oslo med superrytme (stod opp 6–7 utan nokon form for vekking) fekk eg gjort sers mykje dei fyrste tvo timane. Men sidan eg no stend opp 8–9 er mykje vekk. Dessutan er det ikkje same arbeidsroen her på morgonen – her finst arbeidsroen på natti…

Moro å merkja, tittel hadde eg heilt klårt for meg – saman med nesten heile innlegget. Likevel vart innlegget ganske annleis. Tittel hugsar eg ikkje i det heile teke. So eg må koma på noko nytt… Ugh, eg som hadde so god tittel. Meh, vert ein ostete (heh, «cheesy» :p) tittel: «Attende til den ‘kreative’ nattskrivingi?»

Vevsidereformen 2007

Eg vil veldig gjerne tenkja nettsida mi på ny, laga ho annleis enn ho er i dag. Difor hev eg ikkje skrive noko i det siste. Eg hev utsett alt med tanken «eg ventar til eg gjer alle desse endringane eg hev lyst til å gjera». So ein gong eg tek meg tid til å gjera det, so fær de sjå ei ny sida.

Nett no er det fleire ting som ikkje fungerer i Velmont18 av reint tekniske ting. Eg gidd ikkje fiksa det. Eg er litt lei nettbunaden, vil hava noko nytt. Eg hev vorte mykje betre sidan eg laga heile systemet som sida mi er tufta på. Eg vil vera meir kreativ, laga noko større. Denne strukturen er eigentleg frå 2003, med ei større oppdatering i 2005 og kosmetisk oppdatering for nokre månadar sidan.

Innhald og seperasjon

Likevel er likevel innhald eg vil gjera aller mest med:

  • Eg vil gjera det gode innhaldet enklare tilgjengeleg. Det som ikkje kann koblast til dagar og periodar so enkelt. Det vert truleg ein litt meir statisk del av sida, med eit hieraki og «leiande» informasjon
  • Eg vil få større fridom i bloggen, – eg vil kunna skriva mange små dritne innlegg utan at eg kjenner meg dårleg av den grunn. Nett no ville eg eigentleg ha oppdatert sida 10 gongar den siste veka, um ikkje terskelen min hadde vore så høg. Eg vil gøyma dette meir vekk, det vil vera mi private klage- og informasjonskanal. Egil skal ikkje verta skuffa av di det ikkje var ein lang tekst um eit emne, det skal vera venta at det ikkje er noko ekte innhald på den plassen.
  • I bloggen vil eg ikkje halda meg vekk frå datamaskinemne og andre ting eg er interessert i. Folk som hev lese sida mi må nesten ha merka kor ekstremt lite datarelatert det er her, – det er av di eg visstnok hev laga den regelen sjølv. Eg ville ikkje sida mi skulle verta ein blogg, so eg heldt meg vekk frå dei typiske bloggemni. Men no vil eg frigjera meg.
  • Noko av dette vil eg kanskje skilja ut, vekk frå heimesida mi. For å konsentrera meir på emne og mindre på person. Verdi treng ikkje ei ny Linuxhjelp-sida, men kann henda ei norsk Gimphjelp-sida? Eller endå betre, grafikkjobbing med fri programvare? Eg hev mange idèar um sidar eg vil laga for å kunna skriva meir um interessone mine og hjelpa folk inn i mi herlege verd.

I korte trekk vil eg dela vevsida mi i godt innhald, og ein ofte oppdatert blogg. Dessutan dette med emne, og fråskilde sidor. Det er lite kjekt for ein fyr som er interessera i Inkscape-tips å lesa kva eg høyrde på t-banen.

Hev du nokon tankar um dette?

Sida oppe igjen, i oppdatert godskap!

Sidan so mange hev vore lei seg for at sida hev fengje ei pustepause (spesielt Monique, Egil og Nader), so er ho no oppe igjen. Eg hev endeleg lagt inn den nye nettbunaden eg laga for eit halvt år sidan og gjort ei rekkje endringar i same slengen. Eg ventar litt med å skriva kvifor nettsida var nede ei veke, men det kjem.

Ny nettbunad, og snjo!

Den største endringa er nok nettbunaden. Men kanskje like stort er det at no kann alle gje innspel til innlegga mine utan å måtta registrera seg. Dette er noko eit par hev venta på, so versegod. Eg trur det vert fleire «slemme» innspel no, men det toler eg. Forresten er det framleis best å vera registrert, eg skal sjå om eg kjem på lure ting for å få folk til å gjera nett det. Eigentleg er eg særs nøgd med aktivitetsnivået på nettsida mi no, folk er særs flinke til å skriva innspel til innlegga mine. Det gjer at eg hev lyst å fortsetja å skriva. Elles takk til Nader for tips om å lata sida få litt snjo i juletider. Toppen av sida vil verta «normal» (som de aldri hev sett!) når jol er over.

Av andre ting syner eg no dei tri siste bileta frå biletegalleriet på framsida, eg skal prøva å oppdatera dette litt oftare enn eg hev gjort i det siste. Det er ganske daudt nett no. Eg fjerna eit par av dei statiske sidene, og hev lagt heile menyen nedst på sida. Eg trur ikkje ho vert brukt so ofte. Framsida i seg sjølv er renska kraftig opp; den viser berre dei tri seinaste innlegga. Arkivet hev eg ikkje fiksa heilt endå. Det lyt eg gjera fort, men eg må gå snart.

Vad tycks? (eller korleis det no skrivast :P)

Hmm. Ja, elles er det mange andre småfiks rundt omkring. Eg hugsar ikkje alt nett no, men det gjer lite. Eg vonar eg hev halde på hovudpoenget med sida mi framleis.

Litt hemmeleg, mellom oss, – eg er eigentleg allereie lei denne versjonen (18), so det kann henda det ikkje tek meir enn eit halvt år før eg hev oppdatert sida igjen (18.5, eller 19 – kven veit?).

Eg lurar sjølvsagt på kva de synest om dette, og om det er noko som no manglar. Er det noko som må endrast på?