Merkelapp-arkiv: Walk the line

I draumen min spelte eg Johnny Cash på Rogaland Teater

Eg var i Stavanger på vitjing, og Rogaland Teater tok kontakt. Dei hadde eit stykke um Johnny Cash (sikkert liknande «Walk the line»), men hovudrolla var visst på sjukehus. «Du er jo flink, Odin», og so ville dei at eg skulle spela. Greitt nok, eg elskar Rogaland Teater og stå på scena der. Eg hadde ikkje peiling på kva stykket gjekk ut på, men eg starta no å spela – og etter litt såg det ut som publikum likte det.

Eg sprada rundt på scenen og var gjerne litt vimsete. Eg hadde med meg gitar og spelte nokre songar, eg var ganske livleg faktisk. Motspelaren min var Rebecca (kjærasten min), ho kom inn til slutt. Eg hadde jo ikkje peiling på stykket, sjølv um eg trur fyrste akt gjekk veldig bra. Eg laga ein kort pause midt i akta då, av di eg ikkje ante kor tid det skulle vera pause. Men ingen gjekk heldigvis – og eg trur teppet kom raskt opp att.

Eg byrja spela litt saman med Rebecca, og plutseleg av ein eller annan grunn vart ho sjuk/skada (i draumar so skjer ting plutseleg berre, og det er heilt logisk der og då). Eg trur ikkje eg visste kva eg skulle gjera, men eg sat meg ned med ho og prata noko svada og hadde tenkt å henta gitaren. So gjekk teppet ned. Etter litt høyrde eg folk gjekk ute i salen, so teppet ville ikkje gå opp att. Det var pause, eg fekk vita det av inspisienten. Eg fekk litt småpanikk då eg fann ut eg ikkje hadde peiling på kva som hende i neste akt. Eg kom meg opp i kantina og såg at nokon vaska opp. Då eg var liten på teateret, vaska eg ofte opp sjølv, sa eg. Av di eg var der so seint på kvelden då dei andre hadde gått. Det er jo sjølvsagt berre tull, og eg anar ikkje kvifor eg sa noko slikt.

Andre akt (…vart aldri ferdig)

Eg spurde nokon um kva som var historia i andre akt. Det var fleire som ikkje heilt klarte å forklara, men då eg var nede på scena att var det nokon som kunna visa meg litt av byrjingi iallfall. Dei sa eg skulle gå til eit slag orakel/dame i tempel og vera fortvila av di Rebecca var skada/sjuk. Teppet gjekk opp, og eg gjorde det. Men tempeldama vart sint. Ho kunna ikkje tulla med naturen og «blablablabla». So er det diverre litt uklårt, eg hugsa ho sa noko veldig fornuftig her og so gjekk eg og spelte triste visar på gitaren min. Men dette fornuftige hugsar eg altso ikkje, eg hugsar berre alt tullet.

Ola og Elisabeth var der òg

Ahh, det var moro at Ola var bak scena òg, eg spurde han um eg måtte tenkja på kvar kamerai i salen stod (det vart filma). «Nei, det må du ikkje», sa han. Trur eg såg Elisabeth oppe i kantina òg. (Ola og Elisabeth er kjærastar og naboane mine, dei heng på skrivarstova til NMU dagleg – for dei jobbar der. Dei er òg dei som tyder absolutt mest for meg i Oslo).

Eg hadde vona eg kunna seia noko lurt til slutt her, slik at ikkje innlegget vart hengjande med dinglande open slutt. Men, nei, draumen min vart ikkje konkludert av di eg vakna (og av di eg ikkje hugsar slutten). Eg stod opp kl 0730, ganske bra. :) Soli i andletet hjalp meg opp. Men no må eg gå og laga noko frukost og leggja Universitas ut på nett. Og so må eg rydda, og gjerne vaska klede – for pappa kjem i dag (:o).

Eg hev ikkje sett «Walk the line», men eg kann tenkja meg at det absolutt ikkje hev nokon samanheng med dette eg klara produsera i dramuen? :P