Merkelapp-arkiv: Wii

Zelda-abstinensar fyrr teit systemutviklingseksamen (som ikkje handlar um det)

Eg sit her og kjem inn på at eg vil spela vidare på «Zelda – Twilight Princess» heile tidi. Men Wii-en min er sjølvsagt heime i Stavanger, same med Nintendo Gamecuben. Grunnen til at eg er i Oslo og ikkje på ferie i Stavanger (som eg hev vore den siste månaden), er at eg hev tri eksamenar her. På måndag kjem det vanskelegaste; systemutvikling. Men eg fær ikkje lest stort av di eg hev ei kjensla av at eg fyrst vil gjera noko moro, altso spela Zelda…

Teite svadaord (minner meg um marknadsføyring)

Det er ikkje vanskeleg i seg sjølv, det er superenkelt, problemet er at det er ein haug svada og tull som eg ikkje er interessert i. «Fossefallmodell», «Ugruppert modell», «Gruppert modell», «Usecase», «Bruksmønstermodell», «Den redundansfri modellen», «Kravspesifikasjon», «Frå skallet og inn», «Frå kjerna og ut» og ikkje minst UML, UML, UML. Høyrast dette moro ut? Høyrast det nyttig ut? Nei! Nettopp, det er ikkje nyttig eller moro. Det er svada, ekte svadatull. Jodå, noko av dette er eigentleg interessant i seg sjølv; men ein viktig forskjell er at det ikkje er interessant å prata um det i generelle former. Altso; det er greitt nok, eg skal laga eit program og då er det jo lurt å tenkja på kva data dette programmet skal handsama.

Sjølve systemutviklingsfaget inf1050 på UiO handlar mest um å laga modellar og diagram, pluss ein heil haug planar. Eg synest det er betre å faktisk gjera noko; men eg veit jo at dei fleste firma som driv med informatikk tener masse pengar på å vera superineffektive. Dei skriv suppa si i klasse-tung Java. Det vil seia:

Klasse-tung Java: I staden for å kaupa og bruka ein hammar for å slå inn spikaren so tenkjer du; ahh, eg må sjå på dette som eit meir generelt problem – eg må laga noko ålment for å slå inn ting. So du lagar ein hammarfabrikk som kann laga allslags innslåingverkty. So tenkjer du, ahh, må laga noko endå meir generelt, ein vil jo ikkje berre slå ting inn, kann henda nokon vil skru noko. So lagar du ein fabrikk som produserer jern til eigne skrujern- og hammarfabrikkar. So tenkjer du, ahh, må gjera det endå meir generelt, slik at ein slepp å gjera dobbeltarbeid um ein nokon gong treng noko som liknar litt. So lagar du ein fabrikk for å laga fabrikkar.

Og der ser du. I staden for å kaupa den hekkans hammaren so driv du og lagar fabrikkar som produserer fabrikkar som produserer jern som produserer slåverkty som produserer ein hammar du kann bruka til å slå inn spikaren med. Då er det ikkje rart å sjå kvifor ein treng masse teikningar og diagram og anna tull fyrr ein kann gjera noko. Programmet vert treigt og vondt av slik yverabstraksjon, sers lite effektivt. So dette systemutviklingsgreiene er berre del av eit stort ineffektivt apparat som syg pengar og gjer ting treigt og vanskeleg.

Alt er ikkje mørkt eller vondt

Ohvel. Det er nok ikkje so galt, og eg hev sjølv teikna UML-diagram for mine eigne prosjekt. Dessutan abstraherer eg gjerne klassar til generelle problem når eg skriv objektorientert. Men likevel er heile faget ei forbereding for at ein skal kunna jobba i eit digert føretak som lagar «Enterprise» program system. Dette kjem ikkje eg til å jobba med. Eg tek informatikk av di det er moro, ikkje av di eg skal verta ein slave for firma som Visma. :S

Eg hev ein innebygd skepsis for INF1050, og hev ikkje likt det sidan eg såg boki. Det er ei ekte svadabok der dei skriv side opp og side ned med teite utrykk og seier ingenting. Inni mellom finn du kann henda litt meining, men det er fyrst etter du hev lese 2–3 kapittel. Eg vert vond av slikt. Og vil heller spela Zelda.

På tysdag, etter eksamenen i INF1050, hev eg eksamen i INF1010 – som er programmering. Det gjeng greitt nok. Og so er det eksamen i INF2270 Datamaskinarkitektur, det er eit moro fag. Vonar eg gjer det bra der.

Zeelda! :-(

Wii-skriving

Dette hev eg skrive på den nye Wii-en min. Kaupt Zelda og spelar ein del av det. Kjempekos. Litt vanskeleg å skriva, men det gjeng raskare og raskare. Eigentleg kunne eg nok ha skrive ein lang tekst, for eg vert stadig raskare og raskare. Iallfall tøft å surfa på netet med TV-en.

Dessertdraum; Wii!

Eg draumde masse i natt, mellom anna hang eg med Fredrik og tvo jenter, sikkert veninner av han sidan eg ikkje hugsar dei. Det er likevel den seinare delen eg hugsar best og mest av, då Fredrik plutseleg vart byta ut med Falke og me stod på ein parkeringsplass…

I butikken

Slikt er jo heilt logisk og lovleg i draumar – eg tenkte ikkje over det ein andre gong. Datoen var 1. desember (eg såg på klokka) og me gjekk inn i butikken (som var på plassen). Såg litt ut som ein bensinstasjon/kro, men var visst ei slags leikeforetning. Mamma var der allereie – kann ikkje hugsa pappa. Det stod ein liten kø framfor disken og nedi disken låg ein haug forskjellege titlar i spreke fargar. Til høgre og alt for langt inn på bordet stod ein slags dessertliknande skål med vaniljeis, mørk, varm, mjuk og tjukk rennande sjokolade og bringebærsyltety. Eg fann ei tynn bakevare og lente meg over bordet slik dei små gutane før meg hadde gjort. Dei hadde grisa det til.

Hovudgrunnen til butikkvitjinga

Men eg hev ikkje fortalt hovudgrunnen til alt dette; dei selde Nintendo Wii! Det var nok difor me var der. Falke hev prata stort om dette fælt so lengje, men sjølv var eg ikkje sikker på om eg skulle kaupa mi eiga. Ingen i butikken trudde det iallfall, for dei ville ikkje at eg skulle eta av desserten. Eg såg at kunden framfor meg såg etter spel å kaupa med. Då fekk eg eit sjokk; kvar var Zelda!? Einaste grunnen til at eg plar kaupa Nintendo sine maskiner. Eg såg heller ikkje Wiigames minisport-spelet som eg trur vert ein stor hit. Dama bak disken ga den andre dama eit spel som heitte «Tribal» (??). Kauparen sa at det ikkje såg moro ut. Då vart den tilsette dama særs fornærma og braut ut; «Jo, det er kjempebra!!».

Eg vart endå meir usikker på om eg skulle kaupa boksen. Falke ville jo gjera det likevel – dessutan hadde dei ikkje Zelda. Men då ville jo alle få rett om at eg ikkje skulle kaupa Wii, men berre åt masse dessert lell. Og det var jo eigentleg-eigentleg feil. For eit dilemma!

Fine dagen

So vakna eg av at hest 2 visstnok vann laupet rett nedpå Bjerke-banen. Hmm. Klokka 11. Lyt vel koma meg ned på Ping…