Svelor på Fjord1, omatt

Som nokon av de truleg fekk med dykk, so fekk eg svar frå to båtar om oppskriften dei brukte på svelone sine. Det var interessant å sjå at her var store forskjellar på ferde.

Då eg tok kystbussen ned førre fredag la eg merke til noko totalt annleis enn det eg hadde erfart fyrr; hordalandssvelene var dårlege, tørre og med lite smørkrem, medan Arsvågen–Mortavika-sambandet serverte dei beste svelene nokon gong. Ja, eg snakkar Sogn og Fjordane-kvalitet!

Masse utruleg god smørekrem, med god tygg i og ikkje for “feittete” smak. Eg vart sjølvsagt riven av stolen, og lurte so smått på; hadde dette noko med innlegget eg skreiv tidlegare? Eg kunne i minsto tru at det hadde litt med saki å gjera og vart stornøgd. Sjølvsagt dumt at Hordaland er sopass vaklande framleis, men Rogaland såg ut til å ha fiksa eitkvart.

Men! So sit eg altso på veg til Arsvågen og attende til Bergen; og korleis er svela? Heilt annleis. Verkeleg totalt annleis, dette er ei radikalt forskjelleg oppskrift. Smørkremen er utruleg sparsomt putta på, han er veldig “smørete” og tung, det er elles lite tygg i han (grovhakka sukker). Svela er relativt innskrumpa, kompakt og sveitt.

Ein ting skal dei likevel ha; dei er ikkje for hardt stekt, eg hatar alt for stekte sveler, dei skal ikkje sjå ut som om dei har sovna i solariet og smaka dertil. Alt i alt minner dei altso om dei 8-pakke-lappone som seljast innpakka i plastikk på butikkar i Stavanger. Lite luft, smakar ein dag gamle, ja, rett og slett forferdelege.

Det skal segjast at eg er for rein gourmetkritikar å rekna når det gjeld sveler. Eg hev ete sveler for ei liti formue og kvar gong det er mogleg å kjøpa ei svele (eller “lappe” som det heiter i heimfylket) so gjer eg det. Eg har truleg brukt ein større del av studielånet1 på Fjord1-sveler. Difor hev eg sterke meiningar her, men dei må reknast relativt; sjølv det verste Fjord1 hev klart å stella i stand hev likevel alltid vore av god etande kvalitet.

So, svelone, kva skjedde? Frå best med topplassering på fredag og so rett attende til verstingplasseringi no i dag!?

Eg trur dette er litt meir komplisert enn uppdelingi eg hev bruka. Eg la merke til at dei Fjord1-tilsette var uppteken av kva båt dei var på meir enn kva samband det var2 . Det må sjølvsagt vera slik det heng saman, det er på båtnivå me må rekna forskjellar. For min del har ikkje båtane vore særleg interessante i seg sjølv, men kva rute dei køyrer, men eg hev nok teke heilt feil.

So hypotesen om at kor mykje nynorsk det er i fylket speler inn på kor gode svelene er, held nok ikkje vatn. Det må nesten gå på kor nynorske dei som lagar svelone på båten er. Då er det ikkje rart det er so mykje svingning i Rogaland og Hordaland, medan det er botnsolid gode resultat i Sogn og Fjordane3.

Nett no sit eg på MS Stavangerfjord, viss eg ikkje hugsar feil so er det MS Mastrafjord som er den andre båten her. Viss båten eg tok på fredag var den andre, gjeld altso dette Arsvågen–Mortavika:

  • MS Mastrafjord lagar (veldig) bra sveler

  • MS Stavangerfjord gjer ikkje

Det vert interessant å koma opp til Sandviksvågsbåtane og sjå kva for ein båt eg treff der. Vonleg ei med gode sveler. Eg skal finna ut kva båt eg tok sist, som altso var bob-bob minus.

Men ingen plassar er altso skiljet større enn i Rogaland; pass på kva båt du tek!

  1. eufemisme for forbrukslån med gode vilkår, eg mista nett lån og stiped av di eg oppgav til lånekassa at eg ikkje ville taka studiepoeng fyrr neste halvår. []
  2. og lat meg segja kor fantastisk kult dei to tilsette fær Fjord1 til å framstå! Gulljobb gutar, massiv respekt og godhug til dykk og arbeidsplassen dykkar! []
  3. rett nok hev eg berre 4-5 sveleerfaringar i SF, so datagrunnlaget er slett ikkje imponerande []
Posted in Meining | Tagged , , , , , | 3 Comments

Kategoriar til netsida

Eg hev meir eller mindre aldri tenkt stort yver kategoriane eg hev. Dei hev berre vakse fram av seg sjølv. Skulle gjerne hatt litt færre kategoriar, og litt meir brukbare.

Er det nokon som hev peiling og kann hjelpa til? Slik ser det ut no:

KategoriInnlegg
andre folk1
Draum2
English1
Firma mitt2
fleirfasisk søvn5
Frå den gamle sida mi39
Gjesteskribentar0
— Espen13
— — Russ8
glede1
Jobb5
Kortnytt43
Kreativt2
— Bilete6
— Film4
— — Ferdige2
— — — Månadens3
— — Produksjon9
— Teater3
Lita historie5
Melding9
Oxford12
Personleg76
— Barndom2
— Dagbok53
— — Spesiell dag9
— Erfaringar12
— Meining53
— Nye opplevingar5
— Reise11
— — Innenlands21
— — Utenlands43
— Underfundig8
Ping2
Prosjekt8
Sint7
Tidsfordriv1
— Datarelatert32
— — Vevside27
— Organisasjon1
— — Norsk målungdom21
— Sivilteneste9
— Skule16
— — Russ0
— — Stil4
Uncategorized2
Universitet2

De finn dei òg heilt nedst på sida mi, då med lenkjer slik de kan sjå kva innlegg som ligg der inne.

Eg ser at eg hev flest innlegg i «Personleg» og undergrupper der. Eg vil kvitta meg heilt med undergrupper, det er ikkje ei so avansert netside.

Viss eg hev vore usikker på kvar eg skal plassera eit innlegg, puttar eg det alltid i Personleg.

Eg bør sjølvsagt ha ein eigen kategori for reise, utan det ganske teite skiljet mellom utanlands/innanlands.

Det er likevel ein viss verdi i kategoriar som «Sint», sjølv um det truleg kann liggja under «Meining» og heller bruka merkelappar for slikt.

På den motsette sida so er det dumt å skjæra for mykje ned på kategoriane. Dei er den mest opplagte måten for folk å finna fram til noko dei kannhenda ikkje visste fantest. T.d. vil eg tru at det er ein del folk som drit rakt i kva eg skriv um det aller meste, men likar godt å lesa t.d. teatermeldingar. Eg merker det sjølv når eg kjem til ei tilfeldig netside og les ei teatermelding, veldig ofte vil eg lesa fleire meldingar av same personen dersom den fyrste var god. Slikt bør gjerast enkelt.

So «omtalar» eller «melding» som eg kallar det no må eg gjerne ha inn.

Det er eit par kategoriar som iallfall er superenkle å fjerna, her er dei fjerna, og resten er litt verre:

  • Frå den gamle sida mi (eh, kva skal eg gjera med denne, truleg gå gjennom og gje dei nye kategoriar?)
  • Gjesteskribentar (Espen dette, kannhenda eg burde skilja det ut til ei eigi side, det leser jo som hans eigen blogg)
  • Jobb (endra til Arbeid?)
  • Melding (omtale)
  • Oxford (reise, gjerne?)
  • Personleg (vil sprengja ut denne, er so stor)
  • Dagbok (kvardag, heller truleg)
  • Erfaringar (denne er «eg lærte noko», ofte)
  • Meining
  • Nye opplevingar (litt lik erfaringar?)
  • Reise (opplagt)
  • Prosjekt (eigne prosjekt, putta kreativt inn her)
  • Datarelatert
  • Norsk målungdom (endra til noko som ink. PING o.l.)
  • Skule («læring», kannhenda?)

Oi. Eg fjerna ein god del som gjorde litt vondt no. Men eg bør gjerne laga ein kategori Mine favorittar eller best of eller noko liknande for å samla dei innleggi eg tykkjer andre vil finna det morosamt å lesa. Anten av di dei er mongodårlege, eller av di dei er litt spesielle.

Burde laga ein ny taksonomi, men veit ikkje heilt kvar eg skal starta enno.

Kva tykkjer de?

Korleis hadde de delt det inn? Korleis hev de gjort det sjølv?

Posted in Vevside | Tagged , , , , | 2 Comments

Last minute couch på couchsurfing

Fekk nett epost om at CouchSurfing (profilen min) hev fengje ein ny funksjon; siste minutt-sofa. Det er perfekte nyhende for meg, av og til når Helene dreg på tur til Voss/Urdland for å arbeida vert eg frykteleg rastlaus og treng sosial omgang.

Nett no hev det vore vandskeleg å seia at folk kann koma inne i eit visst tidsrom, men dette her vil gjera slike ting enklare.

Posted in Personleg | Tagged , , , | 1 Comment

Høg musikk midt på natta

Eg skulle eigentleg skriva dette i eldvondt sinne, og truleg lira av meg alskens bannskap og det som verre er. Slik eg ofte likar å gjera. Men, vel, det vart aldri slik av di neste morgon hadde eg nesten gløymd det.

Dei over oss i 4. etasje festar ganske ofte på torsdagar. Stundom på fredagar og laurdagar òg. Men oftast på torsdagar. Resten av naboane tek nemleg andsvaret for å gjera fredagane og laurdagane so vonde som mogleg på eigenhand.

So, torsdagsgjengen hev øydelagd mang ei nattesvevn for eg og Helene. Dei dura på med heilt sinnsjuk høg musikk og styggvond bass som fær glasi i skåpet til å klirra, og fruktdrikkmiksaren til å taka enno eit skritt nærare kanten av sin bane. Ja, so mykje dirrar det, so ekstremt høgt speler dei.

Nokon andre hev truleg forklart dei at dei ikkje må spela so høgt, av di denne kvelden var det ikkje so høgt at eg ikkje kunne høyra mine eigne tankar. Litt småirritert sovna eg litt etter 0115. Ikkje gale det, for ein festtorsdag.

Men, so. På slaget 0400 (omtrent iallfall) vaknar eg brått. Glasa klirrar og bustaden vår høyrast ut som ein nattklubb. Eg kann tilogmed høyra diskanten klårt og tydeleg, den som normalt ikkje går gjennom veggar og golv. Eg prøver febrilsk å sovna att. 0500 gjev eg upp. Eg fiklar med mobilen til Helene og søkjer på nabobråk og lurer på korleis det er med politiringjing o.l.

Eit par forum fær meg på idéen om å kutta straumen deira dersom me hadde felles straumpanel. Me he hev jo det, men veit ikkje um det er ein hovudstraumbrytar der. Eg måtte òg finna skikkeleg ut kven det var.

Eg stod upp og kledde på meg. Då eg opna døri ut i gangen so vart eldvond; det var ekstremt høg ljod der ute. So jævleg respektlaust!

Eg fòr upp trappane og ringde på til Fredrik, Gaute og Fredrik (dei er sikkert frå Bærum). Dei høyrde det ikkje. Enno ein gong. Nei.

Songen slutta. Eg ringde på. Lengje. Dei hadde faktisk ein ljosbrytar til ringjeklokka, so eg kunne faktisk berre trykt han på og gått (tenkte eg på etterpå). Dei skrudde av og eg høyrde dei byrja bevega seg kjapt.

Eg var bra sint og hadde tenkt å sjella dei huden full der og då. Men dei kom ikkje ut. Eg venta eitt minutt. Og so snudde eg og gjekk ned.

La meg, og sov godt, alt for lengje. Vonar dei stoggar det stuntet der. Same kva, neste gong gjeng eg oppatt med ein gong, slik eg gjorde no. Det er utruleg skummelt å gjera, men eg trur dei vart mykje reddare. Ærleg talt, tør ikkje opna døri ein gong!

Posted in Sint | Tagged , , , , , , , | 2 Comments

Test av kameraljod (videoklypp)

Egil skreiv han ville høyra meir om kva eg dreiv med. So sidan eg øvde meg på å setja upp utstyr kjapt no, og so tok ein bitteliten videosnutt for å testa kva kameramik eg burde bruka som backup til videosendingi eg skal gjera i morgon, tenkte eg at eg like godt kunne leggja han ut.

So, her er han altso. Ein test på ljoden frå dei to kompaktkamerai eg tek med meg til Oslo.

Og so må alle saman sjå på møtet eg skal kringkasta i morgon, om kvalitet i helsevesenet.

Vi som pasienter har rett til å velge behandlingssted. Men det er svært begrenset hva vi får vite om kvaliteten før valget tas. Bedre IT-løsninger kan bidra til å samle inn og presentere kvalitetsdata slik at pasientene faktisk kan ta informerte valg. Ikke minst kan tilbakemeldinger på nett gi oss langt bedre kjennskap til hva andre pasienter synes om de ulike behandlingsstedene.

Du kann fylgja det på KXG, og gjerne bruk prateboksen slik at han fær litt testing. Treng det, nemleg.

http://kxg.no/arrangement/kvalitet-i-helsevesenet-hva-skal-vi-f%C3%A5-vite

Posted in Firma mitt | Tagged , , | 1 Comment

Internet Explorer vs Firefox (+ Chromium)

Eg held på med Errantia, den beinveges videokringkastingsprogramvaren min. I dag hev eg brukt alt for mykje tid på å leika meg med skuggar og allslags anna.

Til slutt testa eg det heile i Internet Explorer 8. Etter litt småfiks so vart det brukbart att der òg.

Som ein ekstra bonus tok eg med Chromium òg. Det er litt juks eigentleg, for eg hev ikkje omsett -moz-linear-gradient-ane til webkit sin mykje meir kryptiske variant. Eg hev ikkje den i hjernebarken. Det ser likevel ganske greit ut utan gradientane.

Men det skal segjast at Chromium eigentleg ser lik ut som Firefox 4, so snart eg fær skrive -webkit-gradient-ane inn…

Leif Arne: Opera skal eg sjå på seinare ;-)

Posted in Datarelatert | Tagged , , , , , | 1 Comment

Eg hatar å reisa

I det siste hev eg hatt fleire og fleire reisedøgn. Vel, eg hev eigentleg hatt det slik eit heilt år no, og eg tykte det var kjekt i byrja. Men so byrja eg gradvis verta leid. Og no hev det toppa seg.

Dagen starta med at Helene sa meg, fyrr ho stakk ut døri;

«Dette kjem til å henda i dag: du sit på pcen og hackar og fær plutseleg veldig dårleg tid. Du må pakka i ein fei for å nå møtene og riv med deg sjokoladen. Du hev ikkje anna å eta. So ringjer du meg i kveld og segjer du ikkje hev ete anna enn sjokoladen i dag og hev vondt i magen.» «Ja, eg veit,» svarar eg.

Det som hende deretter var at eg sat alt for lengje på pcen og hacka, plutseleg fekk eg veldig dårleg tid og pakka raskt uppi sekken min. So drog eg på Heilhus-møte. Då det var ferdig hadde me eit møte i SmiB.

Eg sat og fikla på ei avisside då klokka nærma seg bussetid til flyplassen. Eg avslutta og såg på klokka på ny. Eg hadde tenkt å taka bussen frå ein plass som var litt nærare kontoret enn busstasjonen.

«Hmm, bussen står jo eit bel på busstasjonen og ventar. 5 minutt ca.,» sa eg, og kom på at eg truleg kunne klara å rekkja bussen frå den nye plassen viss eg sprang. Einaste problemet var at eg var usikker på nett kvar den stasjonen var.

Helene stresser litt med at eg ikkje rakk den bussen, «du må ikkje mista flyet ditt att!» «Jaja, eg hev no lagt inn godt med ekstratid,» meinte eg og fiksa eit par opplagte problem med avislayouten.

Førre gong eg mista flyet

Eg hadde hatt ein god dag i Sogndal og skulle heim. Eg sat, fin og innsjekka på flyplassen. Eg var tidleg, so eg høyrde tvo episodar radioresepsjonen.

Flyplassen i Sogndal er superliten. Og det er berre ein gate. Flyet til Oslo gjeng alltid fyrst. Alle skal til Oslo. So er me 5 stk att som skal til Bergen.

Eg høyrde på radiorespesjonen. Registrerte at det kom eit fly. Og eit til.

Iom. at folk framfor meg ikkje flytta seg, var det ikkje tid for meg heller enno.

Eit av flyi startar motoren sin. Hm? Kva?

Eg fær hjarta i halsen. Det slår ekstremt tungt og kjapt. Eg går bort til han tilsette og spyrr.

«Ja, det var Bergensflyet».

Det finst jo ikkje fly etter dette…

Lang historie kort; eg tok bussen nedatt til Sogndal og tok den lange bussturen heim i staden.

Attende i notid

Då det byrja næra seg den nye bussturen, ti minutt seinare, gjekk me alle saman ut. Eg såg at det var litt kort tid til å koma til busstasjonen, so eg jogga. Heile vegen. Eg sette upp farten i slutten då eg såg at eg berre hadde eitt minutt å gå på.

Sist gong eg tok bussen mista eg nemleg den førre, og stilte soetter klokka mi til å vera 30 sekund snøggare enn bussklokka.

Eg trakk eit letta utpust då eg såg at bussen stod og venta ein 100m framme. 30 sekund att til kvart over, altso eit heilt minutt til bussen skal gå. Eg slakka ikkje ned men sprang taktfast mot den einaste bussen i terminalen slik at det var godt synleg at eg ynskte rekkja han.

70m frå lukker bussen døri og eg set upp farten til full spurt. Eg veiver vilt med hendene. Ingenting. Helvettes bussen rører seg. 40m. Svingar ut. 30m. Akselererer som om han hev djevelen i hælane. 25m. Eg held tritt med bussen ei stund fyrr han dreg frå meg. 40m. Eg hyttar nevene i veret og viser «KVA FAEN!?» med heile jævla kroppen. So kastar eg hendene frametter og viser «din idiot!»-teiknet.

Faens.

Jaja. Eg tok jo faktisk god nok tid inn i rekningi til at eg kunne mista to bussar, og likevel ha ganske greitt med tid på flyplassen.

Prøver å ringja Helene. Ingenting.

Etter eg hev roa meg ned eit par hakk gjeng eg attende til busstoppet.

Faen.

Nei. FAEN. Verkeleg. HELVETTE SATANS JÆVLA FAEN I HELVETTE! GRRR!!! ARAARGHH!!!

Den neste bussen… går ikkje. Dei slutter å gå kvart kvarter på kvelden!

Gah-gah-gah. Dette syg. Eg ringjer Helene att. Nei. Ingenting.

Eg lurer på kva eg skal gjera. Eg vil ikkje tòla ein tredje bussmiss i tidi eg hev lagt til. Eller. Vel, det vil faktisk kunna vera mogleg, men det er ekstremt knapt. So mykje tid la til for å unngå å verta sein!

I gamle dagar hadde eg berre gått rett på den avgangen eg måtte, hadde eg mista den (som eg ofte gjorde), so måtte eg berre prøva den veldig usikre, og som oftast so klarte eg det. Ekstremt sveitt, og nett på tidi.

Det gadd eg ikkje i dag. Faktisk so hev eg vorte påverka nok til å kjenna meg utruleg uroleg og irritert på dette tidspunktet. Vel. Med all den driten som skjer på dagens flyplassar so er det reint umogleg å treffa på flyet med å hoppa yver dei 3 bussane (til den fjerde, ein heil time seinare).

Eg lurer på kva telefonnummeret til taxi er. For det er jo det som må skje.

Eg ser ein taxi i horisonten, når han kjem nærare vinkar eg som ein galning, og han kjem bort.

«Kor mykje til flyplassen?»
«380.»

Ah. Ikkje billeg. Hadde no ikkje venta meg noko anna. Fsck. Jaja.

Flyet gongen fyrr sist gong att

Enno lengre attende i tid, Sogn og fjordane-flyturen fyrr den siste. Eg skulle til Sogndal. Eg møtte upp ganske so tidleg. Sat på flyplassen og arbeidde.

Eg sat med Magnar, medlem i SmiB og leiar i skeive studenter, koseleg fyr. Han skulle heim.

“Me er redd for at det kann verta vandskeleg å landa i Sogndal, det er tette skyar der”, segjer flydama. Eg spyrr um dette her og dei segjer dei skal prøva å landa. Hmmok.

Vel uppe i lufti kjem me til Sogndal, men nei, for tette skyar. Faen. Dei skal landa i Førde i staden. Ein nett 3-4 timar lang tur. Det hjelper meg fint lite, det eg skal kringkasta hev allereide starta då.

Eg er sjølvsagt ganske frå meg. Folk leiger ut alle bilane som finst. Bussen er sjølvsagt råtreig. Lurer på um eg skal prøva å sitja på med nokon av dei som hev leigd bil. Men, nei, er ikkje tøff nok.

Til slutt kjem no bussen. Eg byrjar prata med ei koseleg jente som sit vedsidan av meg. Det viser seg at ho er god ven med Fredrik, venen til Janne-Kristin. Eg kjenner namnet hennar att òg.

Svein, ein av uppdragsgjevarane mine hev søkt ein del på netet for den mest effektive ruta mi heim. Det er buss i frå Førde som vil spara seg.

So det vart litt av ein bomtur. Flyet bort gjekk heilt feil, og til slutt var alt det gjorde å flytta meg til midt inni S&F der eg hadde ingenting å gjera. Eg fekk ikkje gjort jobben min og fekk berre brukt pengar. Heldigvis fekk eg dekka bomflybilletten av uppdragsgjevar. Som var fint.

Det som irriterer meg grenselaust er at ingen sa i frå at det ikkje hev landa fly der på ei veke(!), det må jo flypersonalet vita! Og kva med å segja frå um det, at det er sers lite sannsynleg at me landar? Eg trudde det var FARE FOR at me ikkje fekk landa, ikkje at det var SERS SANNSYNLEG at me ikkje fekk landa.

Ja, so det vart no ein totalt meinigslaus rundtur i Sogn og fjordane. Hrmf.

Attende i taxien

Eg sit i taxien og høyrer på radio. Litt flau stemning enn so lengje. Eg sat meg framme. Eg betalar for turen og går ut. Inne ser eg etter gate for flyget mitt. Eg finn ikkje avgangen. Hm? Kvar er han? Eg spyrr i SAS-skranka. Dei segjer det er Norwegian som driv med Danish Air Transport (som er flyselskapet).

«Eg ser ikkje DAT-flyget på skjermane»
«Det gjekk nett no»
«HÆ? Men det skal jo gå um 30 minutt!? Eg hev det skrive ned i kalenderen!»
«… Du må nok ha sett på ankomsttid»
«Åh. Hm. Ja. Sant. Ja, eg må nok ha gjort det. …» «…»

FAEN I HELVETTE SATAN!!! AAAARGHHH!!!

«… Jaja,» smiler eg oppgitt, «kor tid gjeng neste då?»
«I morgon 8.15»
«Ja. Sant, det,» nikkar eg.

Ugh, eg klarar ikkje meir. :-(

«Nei, eg fær koma att i morgon då,» segjer eg og går roleg ut. Rasande sint inni meg.

So gjekk eg til flybussen og betalte 150 sure kroner ekstra der. Tok bussen heim. Ringde oppdragsgjevar med dei dårlege nyhendene. Kom på at eg kannhenda kunne taka bussen eller båten til Florø. Ringde Helene, framleis ingen svar.

Søkte på båtturar på mobilen. Hmm. Bussen er gått. Snøggbåten er gått. Men det er ei … ferje, som går 22 og er framme litt over 4. Passar meg bra. Kva kostar den? … Ukjend. Hmm. Det er Hurtigruta, visstnok.

Brukar dei ekstremt dårlege (ikkje-mobil-optimaliserte) sidene deira. Finn til slutt ut at DET ER FOR NÆRT. Eg fær ikkje lov til å tinga den båten. Jaja. Fær vera det same, Hurtigruta er jo skitdyrt same kva.

Heime opnar Helene døri, og ser ut som um ho opna for eit gjenferd eller spøkelse. Ho ser litt liknande ut sjølv. «Sei meg at dette er tull!»

Eg er ganske lei meg. Tingar ny flybillett.

Eg luktar at Helene hev ete pizza.

«Stakkar deg. Men du! Du kann få dei to siste bitene av sjokolade som er att,» segjer ho.
«Øhhh, naaaii, eg hev ikkje ete anna enn den sjokoladen i dag, og eg hev vondt i magen av det,» svarar eg.

Helene gliser stort.

Og kvifor legg eg denne månadsgamle kladden ut no? Jo, eg skal fly i morgon…

Reising er ikkje det det ein gong var…

Posted in Innenlands | Tagged , , , , , , | 2 Comments

Sundagstur nær Sola Flyplass

So var det ein sundag (og de kjenner mitt sundagshat). Eg tok bilen og køyrde berre på måfå. Eg stogga på Stavanger lufthamn Sola.

Eg tok litt bilete og litt video. So skulle eg berre kjapt setja han saman. PiTiVi var utruleg vrang og det tok meg kjempelang tid. Eg klarte ikkje sjå kva eg klypte ein gong, av di han viste eitt bilete annankvar sekund… Skuffande. Jaja, det vart noko av det likevel. Og dagen var ganske OK.

Det er totalt utan meining, langt, og noko feil med videoen i Firefox 4 iallfall. Jaja, eg brukte so mykje tid på det at eg nesten berre må leggja det ut :( :P

Laurdagen fyrr var eg på allslags kaféar med mamma og pappa, og vart påspandert ein heil haug dyre ting eg aldri hadde kjøpt på kafé sjølv. Traff Camilla RL på Sting òg (veninne frå barneskulen). Og so gjekk eg på Rogaland Teater og såg «Haugtussa» med Helene Stenhaug og ei veninne av ho.

Posted in Dagbok | Tagged , , , , | 2 Comments

Meirverdiavgiftinnbetaling

Eg betalte nett i underkant av 23 000 kr inn til statskassa. Kjennest vondt ut, eg hadde heilt gløymd meirverdiavgifti.

I byrjingi då eg vart momsregistrert, so sette eg av all momsen eg tok inn og heldt oversikt yver kor mykje av pengane som «ikkje var mine». Til slutt vart det sopass mykje pengar at eg tenkte dei heller burde stå på høgrentekontoen, so eg flytta dei.

Etter det mista eg heilt oversikt. Sjølvsagt er det ikkje stort vandskeleg å finna ut av denne oversikti att. Det er ganske enkelt berre å sjå gjennom alle utgåande fakturaer.

So, det vart i underkant av 23 000, og sidan eg ikkje hev heldt godt nok oppsyn med det so kjennest det som om det er 23 000 av «mine» pengar som forsvinn, sjølv um dei aldri eigentleg hev vore mine.

Eg klarte å trekkja frå ein del på momsen, eg hev jo reist som ein galning i jobben. Problemet er berre at reising berre hev 8% mva (moms), so store rekningar gjev omtrent ingen fråtrekk.

Moralen er at eg må byrja bruka mykje meir pengar, eg må byrja kjøpa inn ein haug utstyr for å få fratrekk på det.

Eit problem som er utruleg irriterande med ENK (enkeltpersonsforetak), er at me ikkje fær bruka statens regulativ for reising o.l. For å få fratrekk og kunna utgiftsføra ting, so må me skriva opp kvar minste vesle filleting.

Kjøpte to bananar og ein sjokolade, 20 kr. Må ha kvittering og masse administrasjon for det. Det er ikkje verd det. Men til saman so vert det ein heil del. Med staten sine reiserekningsskjema fær du jo trekkja frå ekstremt mykje pengar for absolutt alt.

So, ja, eg må betala inn ein liten formue no. Leit. Dessutan hev eg gjort ein heil haug manuelt arbeid for å få berre bittelitt fråtrekk. Det irriterer meg grøn.

Kvifor i alle dagar fær eg ikkje skikkelege kvitteringar i netbanken min når eg hev kjøpt noko på ein butikk? Eg kunne lett hatt eit eige kort til firma mitt, og so når eg kjøper noko, so kunne butikken sendt (fått laga automatisk) ei skikkeleg kvittering som vert lagra i netbanken min. Då kann eg berre henta alle dei rekningane inn, skriva dei ut og vopsi-dopsi, ha eit ferdig utlogerekneskap, med alle dei forbanna smårekningane ferdig fylt inn.

Eg hev jo ikkje teke vare på ein einaste matkvittering, og eg hev mista halvparten av dei andre.

Kvifor finst ikkje dette? Det er jo heilt idiotisk. Eg lurer på kor mange arbeidsår som vert sløst vekk kvar dag på slike totalt ineffektive system. Det hadde vore ein fin plass å optimalisera tidsbruk… Tenkjer det hadde vore veldig bra reint samfunnsøkonomisk. So kunne folk gjera litt meir nyttige ting enn apekattliknande kvitteringspåpassning og innskriving.

Ja, eg er ganske irritert på at eg hev brukt dagesvis på å finna fram kvar minste vesle kvittering og når eg legg alt saman so er mva-rekningi mi omtrent like stor…

Posted in Jobb | Tagged , , , , , , , | Leave a comment

Black Swan

Me skulle sjå Eg reiser åleine1 etter me hadde ein del problem med å velja mellom den og Black Swan.

Sist veke2 såg me Kongen av Bastøy, eg hadde veldig lyst til å sjå Black Swan og fortalde Helene. Ho fekk Bastøy. Ein av klyppfilmane (trailer) fyrr filmen var av Black Swan. Då endra ho meining. Haha. Jaja. Men Bastøyfilmen var bra den.

Denne gongen var det altso Stavangerfilm, som eg alltid må sjå likevel; so eg hadde som nemnd ingen sterke preferansar mellom dei to denne gongen. Me kjøpte billett og gjekk inn. Eg var ganske irritert og kort i lunta av di eg ikkje hadde ete på veldig lengje, skulle eigentleg eta falaffel fyrr me gjekk inn.

Grynta litt og so gjekk me inn i sal 3, og fann plassene våre.

Produced by…

Det var då utruleg kor store dei hadde blitt på det? Slik yverdrive jappe-engelsk i ting retta mot nordmenn – ooh, sjå kor internasjonale og kule og hippe me er – er berre tragisk og vondt. Og kva faen skjer med musikken? Og kjensla og … biletet?

Eg må nesten innrømma at eg ikkje tok feilen fyrr Helene braut ut, meir som stadfesting enn spursmål; «er me på feil film?» Sanneleg. Dette var jo Black Swan.

To veker fyrr var me på kino og fekk feil billettar skrivne ut. Eg måtte gå attende og segja at det ikkje var den filmen me spurte om. Eg tenkte det same hadde skjedd på ny.

«Vel, ingen vits å flytta seg,» sa Helene. Og so såg me filmen. Og han var kjempevakker. Heilt utruleg herleg. Og forferdeleg, verkeleg forferdeleg. Helene nemner ingenting um at han var fin eller vakker. Når me treff på Ragnhild, av Balestrand, segjer Helene «Eg visste ikkje at det var ein skrekkfilm! Rein horror!!!»

Sjølv so kjenner eg litt for å dyssa ned den kommentaren litt med å segja at han var mykje meir enn det òg altso, sjølv um han hadde ein del ganske tunge greier i seg. I det heile teke berre utruleg vakker. Eg ser sjeldan filmar to gonger med vilje, men denne her kann eg gjerne sjå omatt. Berre på bluray eller DVD då, av di eg hev lyst til å stoppa opp og plukka han frå kvarandre. Studera han litt :)

  1. eller på det ekstremt ustavangerske bokmålet, Jeg reiser alene. Kann ikkje forstå korleis eg kunne skriva bokmål med eit alvorleg andlet i alle dei åri! []
  2. Dette innlegget er skrive på natta 24. februar []
Posted in Personleg | Tagged , , , | 4 Comments