Hopp til innhald
Odin sin blogg

Appelsinmarmelade

Lerum appelsinmarmelade

Det slo meg i dag då eg stod på kjøkenet og laga meg ei skive. Då eg var liten forstod eg ikkje heilt dette med syltety som ikkje var bringebærsyltety. Til nauds jordbersyltety, berre utan store jorberklumpar. Iallfall gult syltety var sært.

Men no liker eg det kjempegodt. Eg åt ein del appelsinmarmelade i England då eg var 15 (og starta denne bloggen), men det var fordi det var det einaste eg fekk. No kjøper eg det inn og et det gjerne.

So slik kan du endra meining. Dette var eit ganske meiningslaust innlegg, som er ein fin måte å starta opp den meiningslause bloggen mitt att på.

Det viktigaste for meg er eigentleg berre å få ut alle dei gamle innlegga mine ut i ein ikkje-hackbar versjon. Altso ingen meir Wordpress og PHP på meg. Eg er for gamal for slikt no.